Nordmannen er ikkje så norsk lenger

Mykje gjekk ut og langt meir kom inn då redaktør Helene Urdland Karlsen fekk ansvaret for å revidera Cappelen Damms Norsk ordbok – bokmål.

– Ordbokarbeidet er ganske mekanisk. Frekvens i ordbasar fortel oss kva ord som bør vera med. Men på områda der basane er mangelfulle, er det redaktørens oppgåve å fylla lakunane, seier redaktør Helene Urdland Karlsen.
– Ordbokarbeidet er ganske mekanisk. Frekvens i ordbasar fortel oss kva ord som bør vera med. Men på områda der basane er mangelfulle, er det redaktørens oppgåve å fylla lakunane, seier redaktør Helene Urdland Karlsen.
Publisert

Éi viktig endring gjeld definisjonen av «nordmann». Endringa er marginal, men betyr truleg mykje for fleire, meiner redaktøren. Der det før heitte «person fra Norge», heiter det no «person som bor i el. kommer fra Norge». Du må altså ikkje vera fødd i Noreg for å kunna kalla deg nordmann.

Ordbokverket frå 1986 har vore gjennom fleire revisjonar, men her skulle det ikkje berre flikkast. Den 31 år gamle målaktivisten frå Voss tok alt frå grunnen av, ord for ord, og eig det ho meiner ein ordbokredaktør må ha – tolmod og humor. Humor kjem godt med når ein må innsjå at ein får ikkje med alt og heller ikkje klarar fanga opp alt det nye.

Trass i ung alder er språkvitaren frå Urdland ein driven ordbokredaktør. Etter mastergrad i nordisk ved UiB gjekk ho inn i arbeidet med å sluttføra den store Norsk Ordbok. Ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Før ho kunne byrja som den yngste redaktøren nokosinne, måtte ho rett nok gjennom eit årskurs hos to av dei mest røynde redaktørane i prosjektet.

Å gi ut eit nasjonalt ordbokverk er ingen spøk.

Då står ein litt friare som redaktør for ei forlagsutgiving, meiner ho. For reglane er ulike. No kunne ho henta ord frå Twitter, noko som var utenkjeleg i Norsk Ordbok, sjølv om «tunge» Oxford English Dictionary godtek det som kjelde i dag.

– Kva avgjer kva tid eit ord er modent for ordboka?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement