JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Nordmannen er ikkje så norsk lenger

Mykje gjekk ut og langt meir kom inn då redaktør Helene Urdland Karlsen fekk ansvaret for å revidera Cappelen Damms Norsk ordbok – bokmål.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Ordbokarbeidet er ganske mekanisk. Frekvens i ordbasar fortel oss kva ord som bør vera med. Men på områda der basane er mangelfulle, er det redaktørens oppgåve å fylla lakunane, seier redaktør Helene Urdland Karlsen.

Foto: Odin H. Omdal

6676
20180706
6676
20180706

Norsk

janh@landro.bergen.no

Éi viktig endring gjeld definisjonen av «nordmann». Endringa er marginal, men betyr truleg mykje for fleire, meiner redaktøren. Der det før heitte «person fra Norge», heiter det no «person som bor i el. kommer fra Norge». Du må altså ikkje vera fødd i Noreg for å kunna kalla deg nordmann.

Ordbokverket frå 1986 har vore gjennom fleire revisjonar, men her skulle det ikkje berre flikkast. Den 31 år gamle målaktivisten frå Voss tok alt frå grunnen av, ord for ord, og eig det ho meiner ein ordbokredaktør må ha – tolmod og humor. Humor kjem godt med når ein må innsjå at ein får ikkje med alt og heller ikkje klarar fanga opp alt det nye.

Trass i ung alder er språkvitaren frå Urdland ein driven ordbokredaktør. Etter mastergrad i nordisk ved UiB gjekk ho inn i arbeidet med å sluttføra den store Norsk Ordbok. Ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Før ho kunne byrja som den yngste redaktøren nokosinne, måtte ho rett nok gjennom eit årskurs hos to av dei mest røynde redaktørane i prosjektet.

Å gi ut eit nasjonalt ordbokverk er ingen spøk.

Då står ein litt friare som redaktør for ei forlagsutgiving, meiner ho. For reglane er ulike. No kunne ho henta ord frå Twitter, noko som var utenkjeleg i Norsk Ordbok, sjølv om «tunge» Oxford English Dictionary godtek det som kjelde i dag.

– Kva avgjer kva tid eit ord er modent for ordboka?

– For den nasjonale ordboka er det svært strengt. Der må orda vera nytta i så og så mange år og belagt på visse plassar, ikkje i tekstmeldingar, til dømes. I andre ordbøker kan ein ta inn ord som ikkje har vore i bruk på lenge eller er henta frå meir omdiskuterte kjelder.

Målet med denne ordboka er at ho skal spegla dagens samfunn og røyndommen kring oss, forklarar redaktøren.

frå andre kulturar

Ein del ord og ordtydingar er ikkje lenger i bruk. Orda som går ut av papirordboka, vil bli søkbare i ei nettutgåve, men då med ein merknad som seier at dei er avleggse. Slike ord kan vera «autoerotikk» (onani), «bibliotekbil» (bokbuss) og «ekvipering» (klesbutikk). På den andre sida har mykje av termapparatet i skulen endra seg, og det viser sjølvsagt att i ordboka. Elevar har ikkje lenger ein «klassestyrer», men ein «kontaktlærer». Det som før var «hovedfag» er no erstatta av «mastergrad». Elles har ord knytte til andre kulturar fått større plass, likeins ord som har med klima og økologi å gjera. Matkulturen har òg gitt mange nye ord, fortel vegetarianaren bak boka.

– Ordbokarbeidet er ganske mekanisk. Frekvens i ordbasar fortel oss kva ord som bør vera med. Men på områda der basane er mangelfulle, er det redaktørens oppgåve å fylla lakunane.

– Det føreset at redaktøren veit at desse orda finst?

– Og det er det som er så vanskeleg; du kan ikkje fanga opp absolutt alt. Det viktigaste for meg har vore å vidareføra tradisjonen til dei som har arbeidd med ordboka før meg, få med orda det finst belegg for og laga ei så inkluderande ordbok som råd med omsyn til oppslagsord, definisjonar og døme på korleis orda er nytta.

– Før i tida var det ordbokredaktøren som valde kva ord som skulle med, utan omsyn til om ordet vart nytta i stor grad eller ikkje. I dag, derimot, baserer dette arbeidet seg på registrert bruk. Alle orda som er med i mi bok, er registrert brukte, og dei speglar såleis samfunnsendringane.

Forlaget presenterer verket som ordbok i «likeverdsperspektiv». Det gjeld ikkje berre ordutvalet, strekar redaktøren under, men like mykje definisjonane og bruksdøma. Sidan dei aller fleste ordbøker er skrivne av menn, og tydeleg prega av det, har Urdland Karlsen freista retta opp noko av denne ubalansen. No sytte rett nok ho som laga førsteutgåva av boka, Aagot Landfald, for å få inn mange ord frå kvinnenes domene.

– Kvifor er ikkje «helsesykepleier» med, i tillegg til «helsesøster»; ordet er jo på full fart inn?

– Dette ordet vart eg merksam på etter at revideringa var ferdig. Heldigvis er definisjonen av «helsesøster» i ordboka kjønnsnøytral.

– Kor lang tid trur du det vil ta før dei kjønnsbestemte yrkestitlane er heilt utrydda?

– Kjempelang tid! Desse «-mann»-endingane betyr jo også «menneske», og det blir det gjerne argumentert med frå dei som vil behalda «fylkesmann» og liknande ord.

– Du har teke med «segway», men ikkje den norske nemninga «ståhjuling». Bør det ikkje vera ei oppgåve for ein ordbokredaktør å hjelpa fram norske ord til erstatning for utanlandske nyord?

– Jo, det har du heilt rett i. Eg er svært for norske avløysarord. Når du sit med enorme datamengder, kan det av og til gleppe. Men eg meiner at «ståhjuling» er med i nettutgåva av ordboka, som kjem i haust.

«Osloenser»

– Er dette den første norske ordboka som har med det kjønnsnøytrale pronomenet «hen»?

– Du finn det òg i Det Norske Akademis Ordbok (NAOB), som vart redigert samstundes med mi. Men vi har ikkje sett til kvarandre. Det er kjempeflott, men òg litt overraskande at NAOB har med «hen», fordi eg vil tru NAOB er redigert etter litt strengare krav til kjeldegrunnlaget.

– Det oppstår ofte tvil med omsyn til innbyggjarnemningar. Kva heiter til dømes ein person frå Asker? Der gir Norsk ordbok – bokmål god hjelp. I arbeidet tok redaktøren for seg alle landets kommunar for å finna minst éi innbyggjarnemning for kvar av dei. Med god hjelp frå ivrige Facebook-brukarar mangla ho til slutt berre to–tre, men då var tida ute.

– Er det semje om «osloenser» som namn på folk frå Oslo, sidan boka no gjer den nemninga offisiell?

– Ein stad har gjerne fleire innbyggjarnemningar som er meir eller mindre offisielle. «Osloenser» er til liks med «oslokvinne» og «oslomann» ei av dei innbyggjarnemningane som har fått plass i ordboka på bakgrunn av belegg.

– «Døv» er komme på fy-lista over ord som også kan vera nedsetjande?

– «Døv» har fått denne stilmarkøren for å gjera lesaren merksam på at ordet også har ein negativ valør, i betydninga kjedeleg. Eg skjønar godt at døve heller vil omtala seg sjølve som høyrselshemma. Likeins er «neger» markert slik, og enkelte andre ord.

– I neste utgåve er vel «problem» ute, sidan det berre finst «utfordringer» no?

– «Problem» vil nok framleis vera med, men kanskje med ei meir avgrensa tyding og der «utfordring» har fått mykje av innhaldet «problem» har i dag. Men dette blir eit problem, eller ei utfordring, om du vil, for den neste ordbokredaktøren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Før i tida var det ordbokredaktøren som valde kva ord som skulle med, utan omsyn til om ordet vart nytta i stor grad eller ikkje.

Helene Urdland Karlsen, ordbokredaktør

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis