Musikkommentar

Når Radiohead melder fråfall, er det opp til fansen å finne ut om to pluss to kan verte noko anna enn fem.

Radiohead speler konsert i Movistar Arena i Madrid 8. november i år.
Publisert Sist oppdatert

Sist tysdag, 2. desember, skulle eg ha stått på golvet i Royal Arena i København og høyrt Radiohead spele. Sannsynlegvis skulle de ha starta med «2+2=5», den frenetiske opningslåten frå Hail to the Thief der tredje linja er «I’ll stay home forever, where two and two always makes up five»: Eg vert heime for alltid, der to og to alltid vert til fem. Songen handlar, som hos George Orwell, om maktmisbruk, sjølvbedrag og korleis folk aksepterer det som ikkje gir meining.

Like sannsynleg er det at Radiohead etter to gode timar skulle avslutte med «There, There», låt ni frå same albumet, der refrenget er «just ‘cause you feel it, doesn’t mean it’s there»: berre fordi du kjenner det, tyder det ikkje at det finst.

Bandmedlemmene i Radiohead (frå venstre): Ed O'Brien, Jonny Greenwoo, Colin Greenwood, Thom Yorke og Phil Selwayan. Biletet er frå 2008.

Denne gongen gjer det ikkje det. Finst, altså.

Etter til saman tolv konsertar i Madrid, Bologna og London, vart det ingen Radiohead-konsert tysdag 2. desember. Heller ikkje dagen før. Vokalist Thom Yorke hadde fått ein kraftig halsinfeksjon. Han kunne ikkje syngje.

Dette er mildt sagt vanskeleg å gjere så mykje med. Verda er på god veg inn i influensasesongen, det slit på stemma å gjere så mange konsertar, og Thom Yorke er jo ikkje like ung som han var før. (Han er 57, viss du lurer.) Ja, det er mykje fint i legeindustrien, men han skal ikkje berre fungere for ein kveld eller to.

I 2023 vart ein turné med sideprosjektet til Yorke og brørne Greenwood avlyst då gitarist Johnny Greenwod vart alvorleg sjuk. Delar av soloturneen til Yorke i 2021 vart avlyst, men det var midt i koronapandemien. Som Radiohead har dei alltid stilt opp. Såvidt eg kan finne ut, har ikkje Radiohead avlyst ein konsert på mange år, kanskje ikkje nokosinne.

Det er altså fleire grunnar til at bandet kunne skrive på Facebook at dei er knust over å måtte utsetja dei to konsertane. Dette er ikkje normalt.

Eg skulle, som nemnt, ha vore der. Eg var rundt tjue minutt frå å gå om bord på flyet til Kastrup då eg fekk beskjed om avlysinga. Sidan konsertane berre er flytta to veker fram i tid, og eg fekk att pengane for flybillettane, var det berre smått irriterande å ha kasta bort nokre formålslause timar på Bergen lufhavn.

Andre var ikkje like heldige. Morten Abel kom heilt til Kastrup, og bestilte i vonbrotet med ein gong fly tilbake til Stavanger. Ventetida på returen brukte han til å dele ut eigne konsertbilletter på Facebook til dei som kom opp med dei beste trøystande orda. Eg trur vinnaren var «Can I trøst you? You know where to go, don’t you?».

Litt verre var det for alle dei som kom langvegsfrå. Dei har reelle problem, faktisk utfordringar. Radiohead-konsertane er berre i Europa og er dei første på sju år. Fans har reist frå mellom anna Australia, San Francisco og Hongkong for å høyre dei i København.

Coping in Copenhagen - Sam’s bar karaoke and this.
byu/mongoanalyst inradiohead

«Eg drog til København for å høyre Radiohead, men alt eg fekk var denne T-skjorta.» Innlegget vart lagt ut på Reddit.com.

I støttegrupper som vart oppretta på nettsamfunnet Reddit, kunne nokon fortelje at konserten var ei gåve til snart vaksne ungar, at heile familien hadde sett fram til dette. Andre hadde brukt så mykje pengar på å kome seg til Danmark at dei knapt visste kva dei skulle gjere no. Dei hadde ikkje pengar til å reise om to veker.

Veldig få var sure. Jau, nokre mumla om «kvifor sa dei ikkje ifrå før», mens andre hadde nok galgenhumor til å kommentere at Radiohead nok kom til å eksistere i morgon òg, til skilnad frå sparekontoen deira. 

Kommentarane er for det meste høflege og empatiske og ynskjer Yorke god betring. Nokon startar ei byteordning for at dei som bur i København og har billettar til torsdagskonserten, kan byte med dei som ikkje bur i Danmark og no har billettar til midten av desember.

Nokre lurer på om dei skal møtast utanfor arenaen å kjøpe T-skjorter, så dei i alle fall har det minnet. Éin viser fram ei spesiallaga T-skjorte med teksten: «Eg drog til København for å høyre Radiohead, men alt eg fekk var denne T-skjorta.» 

Det kjem spørsmål om og forslag til kva ein kan gjere i København ein måndag og tysdag i desember når ein eigentleg skulle ha vore på konsert. Det er generelt ein ganske rørande tråd å følgje med på. Det verkeleg gode forslaget kjem ut på ettermiddagen: Er det nokon som vert med på Radiohead-karaoke?

Seinare legg nokon ut klipp frå karaokekvelden. Der står det tett i tett med Radiohead-fans som ikkje skal på konsert, som syng med dei røystene dei har, saman. Dei syng «Let Down», fra OK Computer, og dei syng «Idioteque» frå Kid A – begge med glødande kraft og glede. 

Ein ser at alle sannsynlegvis har ei mykje mektigare oppleving enn det konserten ville vore – ei røynsle som ikkje hadde eksistert om det ikkje var for at musikken til Radiohead sameina dei to gonger. Fyrst fordi dei skulle på konsert, og så fordi konserten vart avlyst.

«Dette skjer, faktisk» gjentek Thom Yorke igjen og igjen i «Idioteque». Seinare syng han noko som høver enda betre: «Here I'm alive, everything all of the time»: Her står eg i livet, og alt finst på ein gong.

Torsdag var Radiohead tilbake på scena i København. Denne veka skal dei spele i Berlin, før dei kjem tilbake til København siste veka før jul. Avslutninga på turnéen vert altså i København i staden for Berlin. 

Det er i mitt hovud endå betre enn utgangspunktet. To pluss to kan faktisk verte fem og samstundes gi meining.