Bok
Når kroppen får vetorett
Bokprosjektet Kathrine Nedrejord freista få til, blei mislykka, men ut av «ruinane» voks ein sterk roman om etterverknadene av ei overfallsvaldtekt.
Kathrine Nedrejord brukar eiga erfaring frå ei overfallsvaldtekt i den nyaste romanen sin.
Foto: Elliot Delage
Alt i romanen Forvandlinga (2018) skildra ho valdtekta, men då i eit tredjepersonsperspektiv. I Forbryter og straff fortel ho i første person og kjem mykje tettare på. Ho ville skrive om overgrepsmannen, la han vere hovudperson, men måtte etter kvart innsjå at det fekk ho ikkje til. I staden blei boka skriven ut frå ein sterk trong til å forstå.
– Forstår du no?
– Ikkje beinveges, men no har eg litt fleire verktøy å hjelpe meg med. På eit intellektuelt plan skjønar eg betre at for han var eg ikkje eit medmenneske der og då, eg trur eg har forstått litt meir av tankegangen bak det han gjorde. Då kjennest det ikkje lenger så tilfeldig. Jo, eg var eit tilfeldig offer, men eg innser at dette neppe kan skje meg om att når som helst av kven som helst, slik eg først frykta.
– I Forvandlinga slo du fast at du aldri kunne skrive om overgriparen. Kva var det som fekk deg til å snu opp ned på den konklusjonen?
– Etter Forvandlinga tenkte eg at eg var ferdig med saka, no ville eg skrive om andre ting, helst også om andre enn meg sjølv. Men midt under lanseringsfesten for den boka tok fransk politi kontakt og fortalde at dei etter halvtanna år hadde spora opp gjerningsmannen.
Ho trudde ikkje den nye informasjonen skulle påverke henne så sterkt som han gjorde, men det sette i gang ein rettsprosess med mange avhøyr, rekonstruksjon, konfrontasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.