Nær det store livsalvoret
Ingrid Storholmen skriv helst om slikt ho ikkje sjølv har erfart. Denne gongen blei det ein roman om ein norsk misjonær som slit med seg sjølv og trua.
Ingrid Storholmen har fått mange prisar for forfattarskapen sidan debuten med ei diktsamling i 2001.
Foto: Merete Haset / Aschehoug
Tida sidan sist ho var ute med bok, romanen Her låg Tirpitz i 2014, har Storholmen nytta godt – ni månader på å lage dottera Harriet og fire år på å setje seg inn i og skrive om noko ho ikkje visste stort om. Den unge dottera er så involvert i diktarlivet heime i den vesle bygda Leksdal i Verdal at ho spurde mor si: «Mamma, er eg oppdikta?» Dessutan kom ho med framlegg til kva mora bør ha med i boka, og eitt av orda hennar finst i Støvberar, «regnbogeklump».
Støvberar er historia om bygdejenta Ingeborg, som meiner ho har fått eit kall frå Gud. Etter jordmorutdanning og misjonsskule dreg ho 30 år gammal som misjonær til Jharkhand i India. Der skal ho vere sjef på ein av misjonsstasjonane til Den norske Santalmisjonen, med ein klinikk i sentrum for verksemda. Slik Storholmen skildrar Ingeborg, skjønar vi tidleg at ho vil få eit vanskeleg liv.
– Tittelen er ikkje sjølvforklarande?
– Støvberar har ei dobbel tyding. Det er den mannlege kjønnsdelen på blomen og går slik inn i seksualiteten, eitt av områda Ingeborg slit med. Dessutan refererer det til at santalfolket blir grovt utnytta og øydelagt av arbeidet og støvet i steinbrota ikkje langt frå misjonsstasjonen. Det siste er ikkje minst viktig, for eg vil at boka skal vere politisk òg. Granitt frå desse gruvene finn du på torget i Stavanger og til sals på mange hagesenter i Noreg.
– Reint formelt er dette noko av det mest tradisjonelle du har skrive?
– Med omsyn til forma, ja. Men eg har jobba med denne nett slik eg laga boka om slagskipet «Tirpitz» og Tsjernobylfortellinger: Eg skriv korte glimt som eg denne gongen har limt saman til éin person, og det har teke mykje tid å prøve å lage éin karakter ut av alle desse glimta. Her har eg jobba mot mi eiga legning, og det skal eg ikkje gjere i neste bok. Der blir det ikkje berre éin hovudperson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.