Litteratur

Når den tettaste brorskapen raknar

Då pandemien lukka ei dør for utstillingsverksemda, henta Lars Elling fram ei gammal familiehistorie. Kombinert med fri dikting blei resultatet debutromanen Fyrstene av Finntjern.

Lars Elling er biletkunstnar og bokillustratør. No har han skrive roman.
Lars Elling er biletkunstnar og bokillustratør. No har han skrive roman.
Publisert

Saman med brørne Arnstein og Truls tek forfattaren oss med ut i Oslomarka og innvier oss i eit friluftseventyr med vandring, fiske og fangst for godt og vel hundre år sidan. Meir enn noko er dette ei forteljing om to brør som kjem så tett på kvarandre som råd er, men som opplever at nærleiken etter ei dramatisk hending blir til livslang fiendskap.

Årsaka til det fatale brotet var truleg meir banal i røynda enn i boka, men Lars Elling fekk sjølv erfare korleis bestefar hans og broren levde hage ved hage som bitre fiendar utan nokon gong å bli forsona.

– Eg er ein forteljande målar. Men ikkje alle forteljingar kan målast, såleis har eg brent inne med mykje materiale. Pandemien stengde alle arenaer for måleriet mitt, og eg ynskte ikkje å jobbe digitalt, for eg vil helst møte publikum.

Difor la han det vekk og gjekk snart på veggene.

– Men eg har alltid lese kolossalt mykje. Eg voks opp i Karibia, der far min dreiv eit raffineri for Shell. Det blei eit kultursjokk som eg las for å moderere. Eg pløgde meg gjennom bokhylla med Ernest Hemingway og Jens Bjørneboe, Axel Jensen og Vilhelm Moberg. Eg var berre ni–ti år, men det var denne litteraturen som var tilgjengeleg. Noko ønske om å skrive har eg aldri hatt – før no. Men skrivinga synte seg å bli fylt av glede.

– Og ikkje så heilt ulik måten du målar på?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement