JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

På veg mot sjølvutslettinga

Leif Ove Andsnes vil helst utslette seg sjølv som musikar, slik at verket kan stå fram som noko uunngåeleg. No er det Mozart som skal hjelpe han dit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leif Ove Andsnes i aksjon med Mahler Chamber Orchestra under Beethoven Journey-serien. No står Mozart for tur.

Foto: Holger Talinski

12620
20200904
12620
20200904

Kultur

janh@landro.bergen.no

Etter å ha komme til hektene etter den fireårige Beethoven Journey (2012–2015), med konsertar i alle verdsdelar og fleire plateinnspelingar, er den bergensbusette meisterpianisten Leif Ove Andsnes i gang med sitt Mozart Momentum. Også her er det tale om eit svært program, om enn ikkje like omfattande, med konsertar i ei rad land og produksjon av to doble CD-ar. Som i Beethoven-serien har han det framifrå Mahler Chamber Orchestra (MCO) som musikalsk samarbeidspartnar.

Utgangspunktet for Mozart Momentum er at Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) endra sjølve sjangeren klaverkonsert i åra 1785–86. For Andsnes representerer desse konsertane, nummer 20–24, eit musikalsk høgdepunkt, og denne forvandlinga ønskjer han å fordjupe seg i.

Utviding

– Alt med dei seks konsertane i 1784 er utviklinga i gang, ved at Mozart byrjar å gjere endringar i forholdet mellom solisten og orkesteret, seier Andsnes.

– Gradvis utvidar han orkesteret dei to neste åra, med fleire blåseinstrument og paukar, samstundes gir han solisten ei friare rolle. Klaverkonsert nr. 20 er hans første klaverkonsert i moll, noko som var høgst uvanleg på den tida. Her er det ikkje berre tale om å underhalde; konserten tek til med rastlause tonar og gir slik ei kjensle av at noko står på spel. Men etter orkesterintroduksjonen kjem solisten inn med musikk av ein heilt annan karakter, ei melodisk linje som bryt med det føregåande.

Dette er første gong i musikkhistoria at ikkje solisten følgjer opp det temaet orkesteret har presentert, påpeikar Andsnes.

­– Ved å la pianisten bringe inn eit tema av ein heilt annan karakter, utviklar Mozart sjangeren til å bli eit psykologisk drama. No er det råd å sjå solisten som individet og orkesteret som samfunnet. Det er tydeleg at komponisten har tenkt at han her har funne eit viktig middel til å utvikle konsertsjangeren vidare.

Det vi kjenner som den romantiske klaverkonserten, med den heroiske solisten, spirte frå frøa Mozart sådde i denne perioden. Bærebjelken er dialogen mellom orkester og solist. Mozart skaper heile tida teater; konsertane er små operaar, noko heilt nytt og grensesprengjande.

Klårleik

Leif Ove Andsnes fylte 50 år i vår, men ein konsert han gav i Stavanger som 14-åring, er utgangspunktet for prosjektet han no held på med. Då spelte han Mozarts klaverkonsert nr. 20 i ein unge-talenter-konsertserie, og denne opplevinga har han sidan bore med seg.

– Hadde nokon vekt meg midt på natta no og bede meg spele den konserten, kunne eg gjort det. Dette er ein konsert eg har eit spesielt forhold til. To av dei andre i prosjektet, nr. 21 og 22, har eg ikkje spelt før no.

– Du gjekk laus på dette prosjektet med røynslene frå Beethoven-reisa i bakhovudet. Kva fekk du, som musikar og menneske, ut av dei fire åra med giganten frå Bonn?

– Denne musikken krev ei klar og tydeleg utføring. Beethoven vil seie deg noko, og det er viktig og heilt oppriktig. Han gøymer seg ikkje bak staffasje, er ikkje teatralsk, men så ærleg og open at det kan verke barnleg, nesten naivt. Å jobbe med desse konsertane i tre–fire år gjorde noko med meg. Kvar note kjendest så viktig å tenkje gjennom og tydeleggjere, alt er skrive djupt oppriktig.

Fridom

I byrjinga tenkte Andsnes på denne musikken som struktur og form, fortel han.

­– Men eg enda opp med å tenkje på Beethoven som fridom. Å oppleve å bli medviten om alle detaljane i desse verka og korleis det førte til spontanitet og fridom i framføringa, gav ei fantastisk kjensle som også rørte djupt ved meg som menneske.

– Samarbeidet med MCO opplevde eg òg som heilt unikt. Aldri har eg arbeidd så tett over så lang tid med eit orkester. Eg såg kor langt ein kan komme med den typen samarbeid, noko som har fått meg til i aukande grad å søkje mot slike personlege prosjekt. Dette er noko heilt anna enn det vanlege opplegget med eit orkester, der ein førebur konserten i ei lita veke og så dreg vidare til neste oppdrag.

Mozart Momentum har fått ein trong start. Då konsertserien skulle innleiast i mai i fjor, hamna Andsnes på sjukehus med lungebetennelse. Så kom koronaen. Konsertar er blitt kansellerte og/eller utsette, men nokre plateinnspelingar er gjort unna. No ventar nye konsertar og innspelingar, men i verste fall må store delar forskyvast. 2022 er planlagt med fleire såkalla residensopphald i ulike delar av verda. Det skildrar Andsnes sjølv som eit ganske ope prosjekt, der ulike festivalar kan vere med på å farge programmet i staden for berre å ta passivt imot ein ferdig pakke.

Svampen Mozart

– «Ingen annan komponist maktar på same vis å gjere musikken sin så moderne og framleis aktuell», sa du om Beethoven her i avisa for sju år sidan. Kva er det spesielle med Mozart?

– Det er mykje vanskelegare å setje heilt presise ord på kva han står for og vil. For kva er det som gjer musikken hans så tiltalande og vakker? Alt frå tidleg barndom må han ha vore ein svamp til å ta opp i seg dei ulike impulsane han møtte. Tilfanget frå andre musikkspråk og stilartar må ha vore enormt, og eg trur at den kompleksiteten du finn i musikken hans, har sitt utspring i dette. Han var eklektikar, men omforma alt han tok inn til sitt heilt eige. Sjølv om Mozart var eit vedunderbarn, kom ikkje dei første meisterverka før han blei 19–20 år gammal. Deretter blomstra det.

Like revolusjonær som Beethoven var nok ikkje Mozart, meiner Andsnes.

­– Mozart riv ikkje og slit ikkje i dei musikalske formene på same vis som Beethoven. Men tilfanget av vokabular og idear er eineståande. Ingen i samtida toler samanlikning, sjølv ikkje Haydn. Det omskiftelege i musikken hans er så enormt, det er tale om eit sinn som heile tida speler på vekslande, ofte kontrasterande, emosjonar. Det er så menneskeleg. Av all musikk er hans kanskje den som handlar mest om samtale mellom menneske. Kva han skapte i løpet av eit kort liv, er ikkje til å skjøne. Han må ha levd i hurtig film. Han var eit oppkomme.

Mozart som modell

Andsnes fortel at ein veit ikkje sikkert om Beethoven og Mozart nokosinne møttest. Men at Beethoven var fortruleg med og oppteken av den 14 år eldre kollegaens musikk, er det ingen tvil om. Han skal til dømes ha sagt om ein sats i Mozarts klaverkonsert nr. 24 i c-moll, at ingen kjem nokosinne til å skrive slik musikk igjen. Og han skal i tidleg alder ha nytta fleire av Mozarts verk som modell for eigne studiar og komposisjonar.

– Men etter kvart tenkte nok Beethoven at han sjølv var den beste, og då var det ingen grunn til å skjele til Mozart, legg Andsnes til. Utan teikn til ironi.

– Du liker jo å fortelje historier med musikken du tolkar. Kva fortel desse klaverkonsertane deg?

– Det tok meg nokre år før eg fekk auga opp for stordommen i denne musikken og kor mykje liv det er i han. Mozart lagar svært ulike karakterar i desse stykka. d-mollkonserten er ei blanding av Don Giovanni og noko mykje lettare. C-mollkonserten (nr. 24) er betydeleg mørkare. Dei tre i midten er ei blanding av det leikande og det vakre. I den berømte andresatsen i nr. 21 («Elvira Madigan») er det som om Mozart sit oppe i himmelen og ser ned på oss og seier: «Berre nyt!». Nr. 22 er den lengste og mest sjenerøse, nokså kompleks og litt undervurdert. I både denne og nr. 23 erstattar han oboen med klarinett og skaper eit heilt nytt og mykje mjukare lydbilete. Sistnemnde har eit himmelsk lys over seg. Det kjendest så rett då eg spelte den mørke og samstundes trøystande andresatsen frå denne på minnekonserten i Oslo Spektrum etter 22. juli. Ingen annan musikk har betydd det for meg som den konserten gjorde då.

Mangfald

Noko ikkje så mange er klar over i dag, fortel Andsnes, er at ikkje berre representerer Mozart og Beethoven to ulike personlegdommar og ulike musikalske verder, dei møtte òg svært ulike føresetnader for å kunne skape og utøve kunsten sin. For på denne tida gjekk klaveret gjennom ei rivande utvikling. Beethoven-klaveret frå 1805 er noko heilt anna enn det spinkle Mozart-klaveret frå 1790.

– Registeret blei mykje større i løpet av desse åra, og det er særleg tydeleg hos Beethoven, som elska å nytte ytterkantane av instrumentet. Mozart, derimot, heldt seg oftare i midtregisteret. Og han syng ofte meir naturleg enn Beethoven i dette registeret. Beethoven ville helst fly ut i galaksane. Berre spør sopranar, som alltid klager på kor ubehageleg høgt i register Beethoven skreiv for deira stemme.

Beethoven hadde fleire og andre klangmoglegheiter enn Mozart. Mange av Beethovens klaverkonsertar kunne ikkje vore skrivne på Mozarts tid, forklarar Andsnes.

– Kva ser du etter når du dykkar ned i ein klaverkonsert?

– Mangfaldet av moglegheiter, av idear, korleis eg kan få musikken så kontrastrik som råd og samstundes naturleg organisk. Det største målet er å utslette meg sjølv som musikar ved å få verket til å stå fram som noko uunngåeleg, ei sanning. Dersom tilhøyrarane seier «sånn er det», er det det aller beste. Men paradokset er at for å oppnå dette, må du gi alt ein har av idear og kunnskapar. Og så er Mozart slik at du føler at han aldri kan bli spelt godt nok. Ein kan sjå lyset i tunnelen, men berre i augneblinkar opplever du å komme ut av tunnelen. Desse augneblinkane er det eg jobbar og speler for.

Medium

– Korleis merkar du når det skjer?

– Du kjenner fridommen. Brått merkar du at du har direkte tilgang til ei eller anna kjelde, musikken styrer hand og sinn, det handlar ikkje lenger om handverk og fysisk kontroll over instrumentet. Alt er i eitt, ei kjensle av å vere i noet og føle at du skaper det sublime. Når det fungerer på sitt beste for meg, gir det ei kjensle av å vere i ein flow, at ting skjer gjennom meg. Eg opplever eit veldig fokus, ei anna form for medvit, eg blir som eit medium for musikken.

– Kva ser du som din styrke i møte med desse Mozart-konsertane?

Andsnes seier først at han er litt usikker, og han ser slik ut også. Men så kjem det:

– Klårleiken og det transparente har alltid vore ein viktig del av spelet mitt, og det er ein føresetnad hos Mozart. Eg føler at eg meir og meir lyttar meg fram til proporsjonane i klangen, det som gjer at musikken ikkje blir trekt ned av tyngdekrafta. Å få tonane til å fly, frasane til å leve, er krevjande på eit piano. Strykarane har bogen, blåsarane har anden til å halde samtalen i gang, i klaveret kan det lett bli for mykje «slag». Det luftige er ein viktig del av musikken. Men Mozart er også full av liv og gøy, retorikk og teater. Det er ikkje berre metafysikk. Eg trur elles at arbeidet mitt med Beethoven også gir noko til Mozarts musikk.

Dialog

– Korleis gjer du dette annleis enn andre store pianistar før deg?

– I samarbeid med MCO håper eg å få tydeleg fram djupna og kompleksiteten i musikken. Så full av venleik og så melodiøs som Mozarts musikk er, slår mange tolkarar seg til ro med berre å presentere den tiltalande overflata. Men eg opplever at det finst svært mange lag og røyster i desse konsertane, og eg håper at vi skal få fram meir av dette enn det som er vanleg.

– Kva gjer du i spelet ditt for å kommunisere musikken ut til så mange som råd?

– At eg leier konsertane sjølv, framfor eit orkester, gjer at tilhøyrarane får oppleve ein heilskap. Gjennom dialogen blir rollene som solist og dirigent eitt. Dobbeltrolla gir store moglegheiter til å kommunisere kor mykje liv som ligg i musikken, seier Andsnes.

– Denne rolla kan vere utfordrande. Eg føler meg ikkje som ein dirigent, treng heldigvis heller ikkje dirigere så mykje. I byrjinga av prøveperioden må eg ha fokus på orkesteret, det går ut over spelet mitt. Når det nærmar seg framføring, må eg konsentrere meg meir om klaveret. Det tek litt tid å få grep om begge rollene og bli éin person.

– Kva er det med Mahler Chamber Orchestra som har gjort dei til «husorkesteret» ditt?

– Dei er eit fascinerande kollektiv av dyktige musikarar med ulik bakgrunn. I Beethoven-prosjektet fekk eg erfare kor fort dei kunne realisere tankane mine, men også korleis dei kunne overrumple meg med stadig nye, friske idear. Så er dei svært homogene i spelet og haldninga til musikk, med ei klar retning på kva dei vil.

– Når du speler med dei, er det tolkingane dine eller ei felles forståing av musikken som gjeld?

– Tolkinga er mi, nokon må jo vere sjef. Men så kjem dei altså med sine røynsler og idear. Vi utviklar kvarandre, så det er mykje musikalsk å hente også for dei i eit slikt samarbeid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Brått merkar du at du har direkte tilgang til ei eller anna kjelde, musikken styrer hand og sinn.

Leif Ove Andsnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis