Musikk

Fryktar verknaden av redusert musikkutdanning

Etter 27 år som førsteamanuensis og professor ved det som no heiter Høgskulen på Vestlandet (HVL), seier Njål Vindenes opp i protest. Han orkar ikkje sjå på korleis ressursane til musikkundervisning blir kutta til det meiningslause.

– Med mindre undervisingstid og studentar med lågare forkunnskapar, seier det seg sjølv at det faglege nivået blir lågare, seier professor Njål Vindenes.
– Med mindre undervisingstid og studentar med lågare forkunnskapar, seier det seg sjølv at det faglege nivået blir lågare, seier professor Njål Vindenes.
Publisert

Njål Vindenes fylte nyss 62 år. Han kunne vore ved Institutt for kunstfag i åtte år til, men har ikkje ønskje om å gå stadig meir gjerandslaus for full professorgasje – og samtidig måtte sjå på at musikkfaget han brenn for, blir stadig meir marginalisert. Protesten hans rettar seg primært mot høgskuleleiinga, men også mot statlege styresmakter.

– Timeressursane til undervisning av musikklærarstudentar, som no er blitt masterstudium, er blitt drastisk skorne ned. I dag utgjer dei om lag ein tredel av det dei gjorde for fire år sidan. Med desse vesle ressursane skal vi framleis gi studentane nok undervisning til at dei kan få 60 studiepoeng, tilsvarande ei årseining.

Resultatet er at Vindenes og kollegaene ikkje lenger kan gi den undervisninga dei i utgangspunktet har betaling for å gi. Sist studieår starta med at timar tilsvarande tre og eit halvt årsverk var ledige på arbeidsplanane til dei tilsette på faget Musikk i Bergen. Etter ei stund betra dette seg litt, men sjølv hadde Vindenes dette året 300 timar som han ikkje var sysselsett med. Ikkje fekk han lov til å undervise i desse timane, ikkje fekk han drive forskings- og utviklingsarbeid.

– Min kompetanse og mine ressursar som kunne gått til spel og song, har dei altså ikkje bruk for, konstaterer Vindenes.

Her rettar han skytset mot høgskuleleiinga, som kvart år får ei grunnløyving frå staten som dei kan nytte slik dei sjølv vil.

Men bakom merkar han departementets hand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement