Fløgstad og Fliflet på nytt album
Eit fleirårig samarbeid mellom komponist og musikar Gabriel Fliflet og forfattar Kjartan Fløgstad har resultert i plata Himlaleite, som blir sleppt i dag.
Gabriel Fliflet har tonesett tekstar av Kjartan Fløgstad.
Foto: Frida Fliflet
Fliflet har sett musikk til songar henta frå ulike Fløgstad-romanar, men i somme høve har musikken kome før teksten. I tid spenner tekstane over mykje av forfattarskapen. Fliflet har elles sett musikk til dikt og songar av andre forfattarar òg, især Jon Fosse og Robert Burns.
Med seg på dette folkemusikalsk prega prosjektet har Fliflet folkesongar og tradisjonsberar Berit Opheim frå Voss og felespelar og songar Jorun Marie Kvernberg frå Romsdal. Han har samarbeidd med kvar av dei fleire gonger før, men no dannar dei Trio Alde, som skal ut på turné med dette materialet, og truleg også spele saman i andre samanhengar.
Fliflet fortel at han byrja tonesetje songtekstar av Kjartan Fløgstad til albumet Valseria, som kom i 2013.
– Vi blei litt kjende etter kvart, så eg spurde om han hadde nokre tekstar han ville sende til meg. Så fann han tekstar han hadde liggjande, og laga nokre nye. Eg fekk òg komme med framlegg om endringar og små vriar som høvde betre til min melodi. På eitt vis lagar eg tradisjonelle melodiar med fast rytmestruktur som er konstant frå vers til vers, så då er det hyggeleg å kunne snakke litt saman. Kjartan er jo ingen reindyrka songtekstforfattar.
– Kva var det som fekk deg til å gå laus på Fløgstad-songane?
– Eg veit ikkje heilt. Men grunnen til at eg heldt fram etter den første, var det enorme mangfaldet i tekstane, frå miniatyrdiktet «Svev», ein slags voggesong, og til laurdagsdans på Folkets Hus og alt som der kan skje, og bibelske allusjonar i «Krona av tre». Eit fargerikt, stort spenn. Fleire av tekstane er så mangetydige at eg blir aldri heilt ferdig med dei og stadig grunnar på kva eg eigentleg syng om.
– Kva ser du etter når du gjer utvalet ditt?
– Tekstar som tiltalar meg og eignar seg for song. Ofte kan det vere langt frå eit godt dikt til ein god songtekst. Teksten bør ikkje vere for kondensert, men litt luftig og med gode, lydmålande ord og klare bilete.
Fløgstad nyttar ofte vakre og gode bilete, meiner han.
– Når eg oppdagar ein tekst, les eg flyktig gjennom ein gong. Så set eg meg ved pianoet, eller med trekkspelet på magen, og glir ned i musikkens elv og ser kva som skjer. Det kjem alltid ein melodi svært fort, men det er ikkje sikkert det er den rette. Oftast byrjar eg nøste i noko som endar i ein melodi. Hovudideen kjem gjerne i løpet av få minutt. Eg går rett på sak og tenkjer ikkje særleg på innhaldet, lèt berre fingrane vandre til eg finn noko som passar til det eg har lese.
Fliflet har eit ideal om at musikken hans skal vere melodisk, men uføreseieleg.
– Han skal flyte naturleg, ikkje kjennast som ein oppkonstruert idé. Best synst eg det er dersom den same melodien kan tolkast på ulike måtar. Den forma musikken har fått på plata, er resultatet av at vi tre saman har knadd melodiane. Eg tenkjer plata som ei reise, ein konsert med eit forlaup.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.