Kulturkommentar

Musikk har lenge vore billig tilgjengeleg i strøymetenester. No vil somme artistar ha meir pengar sjølve.
Det er på tide.


  

Lars Vaular gav ut to nye singlar på fredag.
Publisert Sist oppdatert

I ein god historietime i Dagsavisen tek Geir Rakvaag for seg skilnaden mellom hitlister då og no, som i før og etter strøymetenester. Han peikar på noko fleire av oss veit, og eg parafraserer: Før skapte pengane suksess, no er det lyttinga som rår. Det gjer at musikken som vert spelt mykje av mange, klistrar seg fast på topplistene til strøymetenestene.

Dei er dei einaste listene dei fleste har eit forhold til. Slikt gir merkelege utfall, som at «Ordinary» til Alex Warren, ein låt som i alle fall har ein ærleg tittel, ganske så ordinær som han er, framleis er blant dei 25 mest spelte låtane i Noreg – sjølv om Warren gav han ut i februar i fjor. Eller at «Lush Life», 2017-hiten til Zara Larsson, har halde seg innanfor topp fem i snart to månader, som følgje av ei TikTok-dille.

Det er sjølvsagt ein slags sjølvforsterkande teknologi i botn her. Algoritmen speler ein populær låt når du har høyrt på noko og Spotify skal velje neste låt automatisk.

Reint matematisk er strøymelista uansett meir «korrekt», ho prioriterer dei som høyrer mykje på musikk, og artistane som vert lytta mykje til av desse. Ikkje sånn som før, då ein kunne kjøpe ei plate, og artisten ikkje trong bry seg med kor mange gonger du høyrde på ho.

Tidlegare kunne eitt selt album dytte 30–40 kroner inn på kontoen til ein artist. På ei ny norsk nettside kan ein leggje inn speledataa sine frå Spotify og sjå kor mykje ein har gitt til dei artistane ein har lytta mest til. Det er deprimerande lesing.

Eg har via Spotify sendt 14 kroner til min nummer ein, Depeche Mode. Det tilsvarar ei lyttetid på 30 timar og 26 minutt. Totalt har eg ei lyttetid som ville kosta ein liten formue i CD-ar eller LP-plater, langt meir enn eg faktisk har betalt for å strøyme.

For nokon lagar musikk for algoritmane. Andre lagar musikk for dei som lyttar.

For nokon lagar musikk for algoritmane. Andre lagar musikk for dei som lyttar. Spotify-modellen tek ikkje akkurat omsyn til det.

Alle strøymetenester har ein «pro rata»-modell: Dei som vert spelte mykje prosentvis totalt, får mykje pengar totalt. Under 10 prosent av det eg har betalt, har gått til «mine» artistar. Ein amerikansk artist med engelske tekstar vil i teorien ha større potensial til ikkje nødvendigvis å verte rik, men i alle fall å kunne leve av Spotify, enn ein norsk artist med norske tekstar.

No har det kome eit forsøk på løysing.

På fredag kom Tommy Tee og Mae med det nye albumet Allsang med Kongen. Ein kan strøyme to låtar der ein strøymer musikk, det vil seie at akkurat dei låtane har vore tilgjengelege ganske lenge. Dei andre låtane er nye og berre tilgjengelege via ei ny nettside. Heile albumet må ein betale 79 kroner for å høyre på, men ein kan laste det ned. «Dette er ikkje ei plate for alle. Det er ei plate for nokon. Og det held i massevis», seier Mae i ei pressemelding.

Det same gjer Lars Vaular, som gav ut to singlar på fredag. Då hadde dei allereie vore tilgjengelege på den nye «plattforma», der ein kan få musikk, tekst, videoinnhald og lydbokkapittel frå den oslobaserte bergensaren.

Begge desse køyrer same løysinga, eit slags Facebook-liknande forum bygd opp som ein straum, like delar salskanal og fanklubb, med moglegheit for å gi både tomlar opp og å skrive kommentarar. Etter at ein har fått tilgang til all musikk i verda for litt over ein hundrings i månaden, skal ein nå betale nesten det same for å høyre berre favorittartisten. Alt etter kor mange favorittartistar ein har, vert det plutseleg mange hundrelappar på ein månad.

Ideen er like god som han er utopisk. Samstundes er det nok vel så mykje starten på slutten på Spotify som fellesskap, som eit neste kapittel etter at mange artistar trekte musikken sin då Daniel Ek vart tysk våpeninvestor.

På same vis som at TV-seriar og film no er spreidde over alle haugar og tenester, noko som gjer at når ein diskuterer noko ein har sett, må ein presisere at dette ikkje er på Netflix, men på HBO/Showtime/Apple/Prime osb. Der dei ein snakkar med, som oftast svarar at dei ikkje har HBO/Showtime/Apple/Prime osb. denne månaden, men at dei sparar opp til å sjå mykje på HBO/Showtime/Apple/Prime osb. i august.

Håpet for artistane er at dei får 30–40 kroner inn på kontoen, forhåpentlegvis frå nokre tusen faste fans. Og at dei på det viset får ei meir stabil abonnementsinntekt i staden for ei variabel strøymeinntekt. Om eg og du berre abonnerer ein månad eller to på ein favoritt, vil det uansett monne mykje meir for dei fleste.

Dei 14 kronene eg har gitt til Depeche Mode via Spotify, var jo ikkje noko som vart overført kvar månad. Det er totalen over 17 år.

Ikkje kom dei på hitlistene heller.