«Mørkekvinne» til kamp mot lysforureining

Slik lyder Sigri Sandbergs bodskap frå det polare høgfjellet: «At det alltid blir lyst, og at det alltid blir mørkt. For ei lukke.»

Sigri Sandberg utfordra mørkeredsla si.
Sigri Sandberg utfordra mørkeredsla si.
Publisert

Sigri Sandberg drog til Finse for å freiste å kurere den hardnakka mørkeredsla si, og for å skrive ei bok om mørke. Etter fem døgn med kamp mot mørket og med seg sjølv, kan ho no konstatere at ho er nesten kurert, og at ho har fått langt større sans for mørket. Bok blei det òg: Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse.

Men kva slags bok?

I desperat trong for å kunne setje ein merkelapp på det litterære produktet spør eg forfattaren: Er det essay, opprop for vern av nattehimmelen, kampskrift for mørket, mørkets kulturhistorie eller folkeopplysning pakka inn i reisereportasje?

– Stryk essay, men behald resten. Det er nok meir forteljande sakprosa, nature writing. Både i Noreg og i utlandet er det litt trendy å ta eit naturfenomen, gå inn i det på ein personleg måte og gripe det an frå ulike vinklar med digresjonar i alle retningar.

Skremt og fasinert

Mørket har både skremt og fasinert Sigri Sandberg lenge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement