Historie
Monument over ei anna tid og ei anna livsform
Radarparet Røyrane og Apneseth har teke for seg norske klyngjetun, som det fanst mange tusen av, men no står berre noko over hundre att.
Dale på Grytøy. Knut er blant dei eldste i tunet, Hubert er den yngste.
Foto: Oddleiv Apneseth
At klyngjetuna vart borte, ser journalist og forfattar Eva Røyrane som eit stort kulturtap. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har ho vitja femti slike tun og laga boka Klyngetunet. Den norske landsbyen. Ho meiner at dersom kvinnene hadde fått rå, ville me hatt langt fleire klyngjetun i dag.
Eit slik syn grunngjev ho med at fellesskapen dei hadde, var svært bra for kvinnene. Mennene var ofte borte på fiske, kvinnene sat heime og styrte garden og hadde sikkert stor nytte av kvarandre. Røyrane spør om det var nødvendig å løysa opp desse tuna, sjølv om dei sjølvsagt måtte gjera noko med jorda for å få til meir praktiske og moderne driftsformer. Det ser jo ut til å ha gått fint der tuna er blitt ståande, konstaterer ho.
Rot i mellomalderen
Omgrepet klyngjetun definerer Eva Røyrane som éin stor, gammal gard som etter mellomalderen vart delt i mange bruk. Dette tok til på 1600-talet og skaut fart med folkeveksten dei neste to hundreåra. Desse tuna med teigdelte åkrar og stadig fleire hus kring tunet oppstod då garden skulle gje levebrød til fleire menneske. Folk kunne sjølvsagt ikkje byggja på den beste matjorda, i staden sette dei husa sine så tett som råd kring det alt eksisterande gardstunet. Jorda vart fordelt slik at alle fekk like mykje god og like mykje dårleg jord.
– Dette er tun som har røter i mellomalderen. Og spor etter mellomalderen fanst der heile tida fram til tuna vart oppløyste med den store jordreforma mellom 1850 og 1920, som gjorde slutt på teigdelinga, fortel Røyrane.
Korkje ho eller andre kan seia eksakt kor mange slike tun me har hatt her i landet. Truleg låg talet mellom 7000 og 10.000, og forfattaren meiner at me i dag har att ein stad mellom hundre og to hundre, kanskje berre litt over hundre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.