Monica Csango
– For tolv år sidan laga eg ein film som handla om verdas lengste kjærleikssorg. Ho varte i sytti år, og sidan har eg vore svært oppteken av nedarva kjensler, fortel Monica Csango (48).
Monica Csango kan ikkje fri seg for tanken på at forfølgjinga av jødar kan ta seg opp på nytt.
Ottar Fyllingsnes
I desse dagar kjem Csango med boka Fortielser med undertittelen Min jødiske familiehistorie, og der byrjar det slik: «I min familie ble menneskene som forsvant, dyrket som levende». Bestemor til Csango, som var ungarsk jøde, er gjennomgangsfigur i boka, og mykje dreiar seg om lengten etter den store kjærleiken, Ferenc, som vart send til Ukraina under den andre verdskrigen – og vart borte der.
Tidlegare har Monica Csango vore innom den same historia i dokumentarfilmen Evig din, som ho fekk Amanda-prisen for i 2005. Tanken er å laga ein triologi – først den prislønte filmen, så boka og til slutt ein ny film som skal handla om faren og det kommunistiske Ungarn.
– Eg trur få nordmenn skjønar kor vanskeleg livet var for folk i Ungarn under kommunismen, seier ho.
– Du er krass i boka, der du hevdar at kommunismen er eit framhald av nazismen?
– Spør du far min, får du stadfesta at det var to sider av same sak. Bror til bestefar kom rett frå klørne til dei ungarske fascistane då kommunistane sette han i interneringsleir. Til saman vart han sitjande nesten ti år i fengsel.
FRÅ BUDAPEST TIL BOMBAY
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.