JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordKultur

Ottar Brox
(1932–2024)

Ottar Brox var rett mann på rett plass til rett tid.

MinneordKultur

Ottar Brox
(1932–2024)

Ottar Brox var rett mann på rett plass til rett tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14140
20240223
14140
20240223

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Ottar Brox kom frå enkle kår på Senja og blei ein leiande skikkelse i norsk samfunnsforsking. Ikkje ved å gløyme heimplassen, men ved å vise korleis slike plassar er skrudde saman.

Han kom til verda i Torsken kommune den 30. august 1932 og døydde i Oslo sist veke, den 16. februar. Gjennom dei over 91 åra han levde, såg han Noreg endre seg radikalt.

Både faren Arthur Angel og mor Hjørdis var lærarar. Ein gong fortalde Brox meg noko faren hadde sagt til han da han gjekk av med pensjon. Gjennom dei 28 åra han var lærar i Torsken (han var òg lokalhistorikar, forfattar og ordførar), slusa han hundrevis av born gjennom folkeskulen. Berre åtte av elevane fekk høgre utdanning. Fire av dei var hans eigne born.

Brox voks opp i eit levande lokalsamfunn av den typen det var så mange av langs heile kysten, men spesielt i Nord-Noreg. Arbeidet skifta etter årstidene, og folk levde omtrent som dei alltid hadde gjort. Dei var fiskarar og bønder eller hadde jobbar innanfor ulike typar service for desse verksemdene.

Grunnen til at det i det heile tatt budde folk langs desse harde kystane, langt nord for polarsirkelen, var fiskeressursane i havet rett utanfor. Folk hadde hausta av dei, ikkje i hundrevis, men i tusenvis av år.

Alt da Brox var ein ung mann, var desse samfunna i full forvitring. Kvifor? Om ein ser stort på det, kan ein hevde at den store livsoppgåva hans blei å skildre kva som skjedde, og kvifor. På eiga hand skapte han ei ny forteljing om dette, ei som greip direkte inn i folks forståing av røynda som omgav dei.

Omtrent da Brox begynte å studere, blei den første Nord-Noreg-planen sett i verk. Planøkonomar som Ole Colbjørnsen (Ap) hadde vore i Moskva og studert femårsplanane til Stalin. No skulle Nord-Noreg moderniserast etter liknande prinsipp. Det innebar sentralisering og utbygging av tungindustri, på nye stader som låg ved ein foss inst i ein fjord. Eller i eit nybygd regionsenter for trålarbasert fiskeindustri, som Hammerfest.

Strukturelle tiltak skulle sakte, men sikkert få folk bort frå dei slitsame og gammaldagse småtteria dei heldt på med, og over i industrien. Fiskarbonden skulle bli skiftarbeidar, og helst flytte til byen. Målet til Einar Gerhardsen var å kunne seie at «landet langt der oppe mot nord er ein fullverdig del av fedrelandet».

Da Brox kom tilbake til Troms i 1960, var verknadene av den første Nord-Noreg-planen alt godt synlege. Som nytilsett ved Tromsø Museum reiste han rundt i regionen og samla inn gjenstandar frå den gamle kulturen. Folk han trefte, oppfatta dei små plassane langs kysten som dødsdømde. Utan at han visste det, hadde Brox begynt å samle inn materiale til det som skulle bli klassikaren Hva skjer i Nord-Norge?.

Ottar Brox, fotografert i 1997.

Ottar Brox, fotografert i 1997.

Terje Bendiksby / NTB

Brox begynte å studere agronomi og blei ferdig utdanna som sivilagronom i 1957. Han fatta no interesse for eit meir teoretisk fag: sosialantropologi. Materialet som Hva skjer i Nord-Norge? er sydd saman av, var meint som eit doktorgradsarbeid i antropologi. Slik gjekk det ikkje, for rettleiaren til Brox, Fredrik Barth, meinte at arbeidet hadde for store metodiske veikskapar. Brox kjende seg likevel trygg på at mykje av det han hadde funne, var verdifullt, og sette i gang med å gjere arbeidet om til ei bok.

Sommaren 1964 fekk Brox, gjennom museumskontaktar, låne kontoret til den gamle væreigaren Zahl på Kjerringøy. Den sommaren hadde Brox den sjeldne kjensla ein får når alt stemmer. Da kjennest det som om stjernene står i ein optimal konstellasjon, at ein kjem inn i ein slags ekstase eller flow. Seinare fekk han berre oppleve det same i små glimt. Slik skildra han denne sommaren for meg. Han hadde òg med seg familien til Kjerringøy, og når han tok pausar i skrivinga, kunne han lære gutane sine å ro eller pilke etter småsei.

Boka, som kom ut i 1966, sette ord på ei utvikling folk såg og kjende på kroppen, men ikkje var i stand til å formulere nokon teori om. Krisene langs kysten, som nærast kunne verke som ein naturkatastrofe folk berre kunne observere som tilskodarar, blei via Brox lagde ut som ein medviten, planmessig politikk som var laga av menneske med manglande kjennskap til landsdelen. Boka kom i stadig nye opplag og markerte eit skilje for ein heil generasjon. Brox gav folk håp, energi og innsikt, ei heilt ny kjensle av å bli sett. Og det var ein av deira eigne som stod bak.

Brox’ originale og kontrære idé var i essens denne: Den nordnorske livsforma var tufta på sunne og rasjonelle verdiar. Han var fleksibel og tilpassa lokale forhold, med store naturlege svingingar i ressurstilgangen. Denne måten å drive på var ikkje berre økonomisk rasjonell, men òg berekraftig. Fisken blei henta opp med minimal bruk av kapital og energi. Samanlikna med trålarar bruker kystflåten mykje mindre energi per kilo fisk som blir henta opp. Kvaliteten på fisken er ofte betre, det er mindre bifangst og skade på økosystema.

Der «teknokratane», eit ord Brox nytta hyppig, dreiv med sektortenking og såg ulike verksemder kvar for seg, såg Brox ein større organisk heilskap. Ikkje frå toppen og ned, men nedanfrå og opp.

Han fekk altså ikkje doktorgrad med Hva skjer i Nord-Norge?-stoffet. Han laga eit nytt prosjekt rundt fiskeri og hushaldningsøkonomi i småsamfunn på Newfoundland. Arbeidet resulterte i boka Newfoundland Fishermen in the Age of Industry: A Sociology of Economic Dualism (1972). Her var det lett å sjå kor han hadde henta inspirasjonen: frå seg sjølv.

Brox var eit politisk menneske og såg ikkje forsking og politikk som åtskilde arenaer. Dermed engasjerte han seg ikkje berre i forskinga, men òg i politikken. Han var medlem i Sosialistisk Studentlag da han studerte ved Noregs landbrukshøgskule på Ås.

I 1968 skjedde det noko det dessverre ikkje blei laga dokumentarfilm om. Ottar Brox blei valkampsekretæren til Georg Johannesen da han freista å komme inn på Stortinget for Sosialistisk Folkeparti via Hordalandslista. Ifølgje Johannesen-biografien til Alfred Fidjestøl var Brox imponert over kor replikksterk, slagkraftig og frekk Johannesen var. Det er lett å sjå for seg. Johannesen kunne vere alt det, pluss ganske bitande eller ufin i tillegg. Brox var mykje mildare og meir lyttande av vesen. Dei hadde ikkje så mykje til felles. Eit unntak er at begge var skribentar i Dag og Tid på 1970-talet.

Johannesen kom ikkje inn på tinget – med god margin. Men nokre år seinare blei Brox sjølv stortingskandidat for Sosialistisk Venstreparti i Troms. Frank Rossavik skriv i si SV-historie frå 2011 om korleis det gjekk til. Da Brox fekk vite at SV ville ha han øvst på lista, spurde han bekymra: «Jeg kan vel ikke bli valgt?» Brox ville mykje heller vere ved Universitetet i Tromsø enn på Stortinget. Det blei antatt at SV ikkje hadde reelle mandatsjansar i Troms. Men Brox hadde ei høg stjerne i nord og gjekk rett inn. «Du sa jo at jeg ikke kunne bli valgt», sa ein sint og ulykkelig Brox til Tor Bjerkmann etterpå.

Brox blei sittande i perioden 1973–1977. Det var ei særs frustrerande tid, fortalde han meg tretti år seinare. Han var neppe kynisk nok, eller nok interessert i nettverksbygging og taktikkeri, til å kunne leve eit langt og lykkeleg liv i politikken.

Fleire tiår før ideen kom på mote igjen, såg Brox at omgrepet populisme hadde ei underkjend positiv side. Populisme var òg ei politisk rørsle som tok folks moglegheiter og behov på alvor, og gav dei politisk kraft gjennom fellesskap. Tankegangen kunne vere ei motkraft til teknokratiet, som ofte ikkje brydde seg om å lytte til folk, ut frå ein paternalistisk premiss om at folk ikkje kjende sitt eige beste.

Brox innførte populismeomgrepet i Noreg og definerte seg sjølv som ein populist. Det innebar at ein var skeptisk til kapitalismen, men ikkje revolusjonær. Den populismen han forfekta, var verdikonservativ, i den forstand at nedarva verdiar og livsformer trong vern mot «utviklinga». Det var slikt han sette ord på i artikkelsamlinga Politikk. Bidrag til en populistisk argumentasjon (1972).

På 1980-talet reagerte Brox på høgrebølga, mellom anna med Ta vare på Norge (1988). Boka var spesielt mynta på sosialdemokratiet og korleis det burde reagere: helst ikkje med å følgje etter mot høgre. Nær sagt som vanleg: Brox tala for døve øyre.

Brox engasjerte seg tidleg i innvandringsdebatten. Han såg tidleg det nesten alle ser i dag: at innvandring har ein klassedimensjon, og at ei stor innvandring av folk som er villige til å arbeide for låg lønn, kunne vere ein trussel mot den norske modellen. Import av billeg arbeidskraft frå fattige land kunne bli dyrt for den norske arbeidarklassa.

Innanfor eit akademia der forskinga innan humanistiske fag alt var blitt stadig meir politisert og styrt av rette haldningar, oppfatta nokre bodskapen som suspekt. Det såra han at nokre freista å klistre ein tvilsam moralsk agenda til det han såg som ein ganske innlysande sosiologisk logikk. Han kopla saman ulike miljø som var opptatt av desse problemstillingane, og han fekk dei til å snakke saman.

Da hadde Brox vore opptatt av problemstillingar rundt innvandring i over tjue år, for den første artikkelen hans om temaet er frå 1967 («Arbeidsinnvandring til Norge», i Liberalt Perspektiv). Engasjementet på 1980- og 90-talet resulterte i mange artiklar og bokutgivingar som Jeg er ikke rasist, men... Hvordan får vi våre meninger om innvandrere og innvandring? (1991).

På denne tida hadde Brox landa på Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR), der han var forskingsleiar og professor i ulike roller gjennom fleire tiår. Sosialøkonomen Knut Halvorsen jobba med Brox på NIBR frå 1987 til 1997. Dei hadde kontor vegg i vegg. Brox snakka så høgt i telefonen at Halvorsen alltid høyrde han gjennom veggen. «Det var som om han hadde lært å snakke i telefon i ein sjark på yttersida av Senja mens det blåste kuling rundt han», seier Halvorsen om sin avdøde og høgt verdsette kollega.

Brox hadde ein mykje meir variert karriere som forskar enn mange er klar over. Han har vore innom ei lang rekke tema, og han har skrive om dei, både som akademikar og som samfunnsdebattant, i nærare 60 år. Det er ikkje mange år sidan han var jamt på trykk i Klassekampen, dei siste åra gjerne for å dele sine analysar rundt «det grøne skiftet» og klimakrisa. I boka Klimakrisen – Hva kan vi gjøre? (2009) går han svært konkret og konstruktivt til verks for å svare på spørsmålet som blir stilt i tittelen.

I samband med at det var 40 år sidan utgivinga av Hva skjer i Nord-Norge?, bad Nordnorsk Magasin Brox om å sjå tilbake. Den korte analysen hans av utviklinga innan samfunnsvitskapen er verd å merke seg: «Vi hadde følelsen av å oppdage ‘det skjulte Norge’, som politikere, søringer og skjønnånder ikke var i stand til å se. Jeg opplevde det som et utrolig privilegium og en gudegave å få lov til å være med på denne oppdagelsen: At de forestillingene som de sentrale planleggerne bygde på, var myter, kopiert fra helt andre sosiale virkeligheter enn Nord-Norges.»

I 2006 gav eg ut ei bok med same tittel som Brox’ Hva skjer i Nord-Norge?. Boka stod i ein dialog med klassikaren til Brox, og han fekk vetorett på om eg kunne gjenbruke tittelen eller ikkje. I intervjua eg gjorde med han i samband med dette arbeidet, blei vi vener. Kanskje han uroa seg over kva eg kom til å skrive om boka hans, som no ikkje blei snakka om lenger, og som nye generasjonar ikkje kjende til. Han såg med ei skrekkblanda fryd på at eg tok tak i stoffet på nytt. Men han hadde ikkje noko å uroe seg for. Litt til mi eiga overrasking fann eg ut at analysane til Brox langt på veg stod seg, sjølv om politikken ikkje tok omsyn til dei.

Han blei ein profet blant sine eigne, men ikkje i dei skiftande regjeringane eller i departementa. Der var han snarare Ottar den villfarne. I dag er vi komne dit Brox, i ulike variantar gjennom 60 år, har åtvara mot. Det er gått så langt at Riksrevisjonen i 2020 karakteriserte situasjonen som «alvorleg», det nest høgaste kritikknivået dei bruker i rapportane sine.

Systemet er rigga slik at verdiskapinga ikkje kjem kysten til gode. Retten til fisken blir samla på stadig færre hender, mykje av han går rett til lågkostland eller til flytande internasjonale fiskebørsar. Dette oppdaga Riksrevisjonen nesten fire tiår etter Ottar Brox. Nesten alt han åtvara mot innan fiskeria, blei gjennomført, slik han skildra alt i 1984 med boka Nord-Norge. Fra allmenning til koloni.

Eg likte å vere i nærleiken av Brox. Han var ein klok, open og snill mann med mykje humor. Ein gong fortalde han meg at han var i tvil om tittelen på ei sosialantropologisk bok han jobba med, på engelsk. Kva for tittel syntest eg var den beste: «Structural economic changes in transitional rural communities» eller «Sex among the savages»?

Ein gong drog vi saman til Hovden i Vesterålen. Det skulle vere folkemøte i ungdomshuset i dette gamle fiskeværet, ytst ut mot havet, der oldefar min kom frå, og der familien min hadde ei vakker rønne. Det budde berre rundt ti personar der no, men det overdimensjonerte ungdomshuset var stappa fullt. Folk frå heile distriktet hadde møtt opp, og det var jo ikkje på grunn av meg. Ottar Brox var ein helt for desse folka, han hadde sett dei, skildra livsforma deira og gitt dei ny kraft, nye intellektuelle horisontar som heller ikkje makta i sør kunne oversjå.

Under sjølve folkemøtet var han ikkje mykje til populist. Han kunne lirt av seg politiske slagord, og jubelen ville stått i taket. I staden heldt han ei ganske treig samfunnsøkonomisk forelesing. Det gjorde ingenting. Han hadde ikkje berre folks respekt. Det var eit klart element av kjærleik inni der, det såg eg tydeleg i auga på folk i salen og alle vi møtte.

Vi overnatta i det gamle huset til familien min, det var av same type som huset der Brox voks opp på Senja. Dagen etter tok eldsjelene som har tatt vare på skuta «Glimt II», oss med på fisketur. Gleda var like stor, anten han drog opp stor torsk eller småsei.

Om han hadde blitt verande på Senja, ville han ha levd eit langt, rikt og interessant liv der også. I staden blei han ein av Noregs leiande samfunnsforskarar. Rett mann på rett plass til rett tid.

Morten A. Strøksnes

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.

Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Studieopptak og skulifisering

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes