Innvandring

Tyskland strammar inn

Ingen andre EU-land har fleire grenser enn Tyskland. Samstundes er landet avhengig av opne grenser. No kan flyktningpolitikken til Merz-regjeringa undergrave Schengen-samarbeidet.

Polske grensevakter kontrollerer ein bil på grensa til Tyskland. Den 7. juli innførte polske styresmakter grensekontrollar mot Tyskland og Litauen, som svar på grensepolitikken til den tyske regjeringa.
Publisert Sist oppdatert

I slutten av juni blei ein pensjonist frå Uckermark invitert til Berlin for å ete saman med ei gruppe syriske flyktningar. Gemyttleg stemning skal det ha vore. Maten var visstnok heller ikkje så verst. Mykje meir hadde det neppe vore å skrive om frå denne middagen, hadde ikkje pensjonisten heitt Angela Merkel.

Middagen markerte at det var ti år sidan flyktningkrisa og utsegna til Merkel om at wir schaffen das. Den tidlegare kanslaren nytta høvet til å kome med eit skjult stikk til etterfølgjaren Friedrich Merz, som nett har varsla ei «migrasjonsvending» i tysk politikk.

– Når nokon seier «asyl» ved den tyske grensa, då må vedkomande få høve til å få søknaden handsama.

Eit par dagar seinare var ho endå tydelegare.

– Eg er uroa for korleis Schengen skal fungere framover.

Merkel er ikkje den einaste som har uttrykt uro for dette. Litt lenger aust har Polen nett byrja innføre grensekontroll mot Tyskland. Det kom som svar på at Tyskland gjorde det same tidlegare i vår, til sterke protestar frå Polen. Tilliten mellom landa er låg, medan køane for pendlarar og andre som skal reise over grensa, veks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement