JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordKultur

Johan Galtung (1930–2024)

Johan Galtung etterlèt seg ein arv av intellektuell kraft, djupe venskap verda over, men skuffa likevel mange.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johan Galtung villa ha dei norske soldatane heim frå Afghanistan i 2007.

Johan Galtung villa ha dei norske soldatane heim frå Afghanistan i 2007.

Foto: Morten Holm / NTB

Johan Galtung villa ha dei norske soldatane heim frå Afghanistan i 2007.

Johan Galtung villa ha dei norske soldatane heim frå Afghanistan i 2007.

Foto: Morten Holm / NTB

8790
20240223
8790
20240223

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

De mortuis nil nisi bene – om dei døde inkje anna enn godt, sa dei gamle latinarane.

I norsk – men ikkje britisk – minneordtradisjon er det lett å minnast desse visdomsorda no når Johan Galtung har forlate oss. Kva vil leva etter denne mangfaldige intellektuelle globetrotteren? Johan utan land.

Eitt er klårt: Det ville vore uærleg om minneorda om Johan Galtung berre skulle handla om dei gode minna våre. Her må vi ty til dei gamle latinarane igjen. Titus Livius hadde dette å seia om Hannibal: Has tanta viri virtules ingentia vitio aeqabant – store dygder, store skuggesider.

Slik var det med Johan Galtung òg. Han var mangetydig. Dei slette sidene hans må vegast opp mot dei gode, som var mange. Om Galtung kan vi òg seia med Holberg: Han hadde ein tendens til å falde udi Extremiteter.

På eitt plan er det uomtvisteleg: Johan Galtung etterlèt seg ein arv av intellektuell kraft, nyskapande institusjonsbygging (framfor alt Prio – Institutt for fredsforskning) og djupe venskap verda over. Få andre kan visa til dette nettverket og denne originale forskingsinnsatsen.

Mange vil også hugse han som direktør for universitetssentetet i Dubrovnik og tilsvarande institusjonar i FN-systemet og på Hawaii. Han var verkeleg ein internasjonal intellektuell med administrativ kompetanse.

Ingen kunne som Galtung ordna verda ved eit par hastige riss på tavla. Her  på Fredsforskningsinstituttet i 1968.

Ingen kunne som Galtung ordna verda ved eit par hastige riss på tavla. Her på Fredsforskningsinstituttet i 1968.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

Men tenkinga fyrst. Gå til dei store artikkelsamlingane utgjevne av Christian Ejlers’ Forlag i København på 1970- og 80-talet og du vil finna mange glimesteinar, ofte gløymde, ofte gøymde. Eller essaysamlinga som kom på norsk i 1974, Fred, vold og imperialisme. Seks essays i fredsforskning.

Her finn du døme på breidda i interessa hans: framtidsforsking, nedrusting, utviklingsstudiar, makrohistorie, studiar av sivilisatoriske trussystem eller ideologiar («kosmologiar») og samfunnsvitskapleg metode.

Han var ekspert på matematiske og empiriske tilnærmingsmåtar i samfunnsforskinga, men enda opp som ein ideologisk kritikar av desse metodane. Det skjedde ei merkeleg «åndeleggjering» av tilnærminga hans til samfunnet etter kvart. Kvifor desse ytterpunkta? Holberg igjen.

Johan Galtung var overveldande nysgjerrig heile livet. Men også tidvis rigid i tenkjemåten. Det gjorde det så fascinerande å vera i krinsen hans (men også frustrerande når det heile tok preg av å forfalle til trussamfunn).

Gjennom Johan Galtung strøymer det meste av idédebatten i siste del av det 20. hundreåret: pasifisme (Forsvar uten militærvesen frå 1958 og boka om Gandhis politiske etikk med Arne Næss); krig og fred-problematikk, nedrusting og atomvåpen, kald krig, Vietnam, u-hjelp (livslang interesse for Kerala-prosjektet i India); frigjeringsrørsler, USA-imperialisme, straff og fengsel (han skreiv magistergradsavhandlinga si i sosiologi om «Fengselssamfunnet» etter å ha vorte fengsla for å nekta sivilteneste).

Delar av denne verksemda var fruktbare omgrep (til dømes «strukturell vald», som vart kritisert for å enda opp i omgrepsinflasjon, men som sa mykje om tilhøvet mellom Vesten og det globale sør).

Galtung var også aktivistisk. Han avslørte mellom anna «counter insurgency»-leiren som CIA bygde opp i Mellom-Amerika etter Cuba for å kvela frigjeringsrørsler i sør. Dette var for Galtung og dei fleste ein perversjon av samfunnsvitskapane.

Skepsisen mot dette USA berre auka med åra og fekk gradvis preg av doktrine. Etter kvart vart det ei lang rekkje med spådomar om den tilstundande slutten på det amerikanske imperiet. No som Trump kan hende vender attende til Det kvite huset, kan Johan Galtung endeleg få rett.

Min eigen favoritt i dette mangfaldige teorilandskapet er det han i ung alder skreiv om asymmetri i makttilhøve, det som utløyser konflikt. Den kirurgiske overlækjaren skårar høgt på fagleg kompetanse, men lågt på administrativ påverknadskraft på sjukehuset. Dette mistilhøvet utløyser ofte ei uggen stemning og konfliktar.

Sjå deg ikring og legg merke til korleis desse omgrepa lyfter skjel frå augo dine og kan kasta ljos over mange konfliktar i menneskelege organisasjonar, til dømes i kunnskapsinstitusjonar som universiteta og i kyrkjer.

Johan Galtung var så gåverik at det naturleg fylgde forventningar om moralsk leiarskap og intellektuelle storverk frå han. (Han sa ein gong: «Etter hovudfag i matematikk er ingenting vanskeleg.» Den andre forventninga, storverket, realiserte han på så ymse vis: det fyrste, moralsk leiarskap, ikkje.

Han kom frå ein heim med røynsler frå krigen. Han fortalde at han hugsa godt Gestapo som øksa seg veg gjennom døra heime på jakt etter faren, overlækjar og motstandsmann.

Om han ikkje hadde vore så blenda av eigen stordom, kunne han kan henda ha vore ein elder statesman her heime, klok, roleg, innsiktsfull, og fått fredsprisen for det vitskaplege nybrottsarbeidet? (Den prisen hadde han sikkert avvist og kome i same klasse som Sartre.)

For Galtung, med sin skarpslipte og murrande Oslo-overklasse-aksent, lét ikkje éin sjanse gå frå seg til å tirra den norske borgarskapen, som svara med å halda seg for nasen når dei støytte på han.

Tilhøvet til venstresida var meir hjarteleg, men mange kunne ikkje tilgje at han markerte seg så klårt mot marxismen. Galtung var som Stein Rokkan: ikkje marxist. I nokre omstende gav marxismen god innsikt, men den økonomistiske determinismen var dei båe framande for.

Då eg tok oppgjeret med AKP (m-l) i 2002, fekk eg nokre brev frå Galtung som tydde på ein viss ambivalens. Jo, klårt dei tok feil, men å ta dei så hardt var ikkje naudsynt. Galtung meinte vel det minte han om McCarthyismen, noko som stod meg fjernt. For meg dreidde dette seg om forsvar av folkestyret. Ml-arane skulle argumenterast mot, ikkje forfølgjast.

Galtung hadde ei romantisk haldning til diktatura i aust som fekk han til å gå altfor langt i å «forstå» Romania og Mao. For stod ikkje Ceausescu for eit tredje standpunkt i den kalde krigen? Og hadde ikkje Mao lyft millionar ut or fattigdomen? (Det er ikkje noko argument for undertrykking.)

Galtung var ofte nær og oppmerksam i personleg omgang. Han var til stor hjelp for generasjonar av studentar, meg sjølv inkludert. Å få essay attende frå han med kommentarar over det heile var ein manndomsprøve. Hui, kor det gjekk! Men så moro det var. Han tok oss verkeleg på alvor; mange er takksame den dag i dag.

Han var gjennomgåande ujålete og demokratisk, men samstundes, især på slutten av livet, plagsamt skrytande – heilt unødvendig. Han hadde jo all verdas heider.

Nobelprisvinnaren Liu Xiaobo hadde teke til orde for ei varsam demokratisering av Kina, med vekt på ytringsfridom og rettstryggleik. Då han heldt på å døy av kreft i fengselet, fekk fredsforskaren seg til å seia: «Vi veit ikkje kva Beijing har på mannen.»

Eit anna botnpunkt kom då han i 2012 opna for at falskneriet frå tsartida, Sions vises protokollar, kunne brukast som historisk kjelde for å forstå makta jødane har i USA. Her kom Galtung farleg nær klassiske antisemittiske konspirasjonsteoriar. Det mosaiske trussamfunnet vart djupt såra og sjokkert, med god grunn, og humanistrørsla braut med han.

Om ein skal setja Johan Galtung på ein formel – noko som i seg sjølv er nokså naturstridig – må det vera: Han var grunnleggjande mangetydig.

Mine minne stammar frå tidleg 1960-tal, då eg las han i Orientering og Pax, og eg hadde nær kontakt med han inntil dei siste tjue åra. Eg fekk han mellom anna til å skriva om Stein Rokkan, kollega og litt konkurrent, og det gjorde han sjenerøst og innsiktsfullt i antologien Politikk mellom økonomi og kultur (1992). Johan Galtung på sitt beste!

Han skreiv at Rokkan hadde sett seg ei «Herkules»-oppgåve i dei store modellane sine om vesteuropeisk politisk utvikling sidan høgmellomalderen. Stilrett og føreseieleg meinte Galtung at tilhøvet mellom sentrum og periferi måtte kallast «utbytting». Rokkan ville sagt «ulikt»; han var framand for ideologiske straumar av den typen.

No som dei båe er borte, kan det vera fruktbart å sjå dei saman. Dei var båe opptekne av breidde, samanlikningar over tid og over sivilisasjonar. Her var dei båe sivilisasjonsteoretikarar i den weberske tradisjonen. Dei var båe opptekne av språk: Rokkan franskfilolog og filosof, Galtung matematikar og sosiolog. Men trass i dette ulike utgangspunktet skjedde det ei tilnærming gjennom livet: Rokkan vart meir og meir oppteken av kva data og datamaskinar kunne fortelje oss om politikken, Galtung meir og meir skeptisk til empirisk samfunnsforsking. Men framifrå administratorar var dei båe.

Ingen kunne som Galtung ordna verda ved eit par hastige riss på tavla. Briljant. På fleire språk. Gjere universet forklarleg. Forføre oss med hugskot. Ja, for det førekom av og til forenklingar, men du verda for ei kraft.

Bernt Hagtvet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis