Kulturkommentar
Michael Jackson-filmen gjer som andre biografifilmar og viser eit glansbilete.
Skilnaden er at glansbiletet Michael dekkjer over skuldingar om seksuelle overgrep.
Skodespelarane KeiLyn Durrel Jones, Jaafar Jackson, Nia Long, Juliano Krue Valdi og Miles Teller deltek på den internasjonale premieren på Michael, biografifilmen om poplegenda Michael Jackson, i Berlin i Tyskland 10. april 2026.
Foto: Nadja Wohlleben / Reuters / NTB
Å kalle ettermælet til Michael Jackson for problematisk er ei underdriving.
Påstandane til Wade Robson og James Safechuck som vart lagde fram i dokumentaren Leaving Neverland frå 2019, har vore motsagde av familien og buet til Jackson, og dokumentaren er visstnok umogleg å sjå i USA, sidan eigaren HBO har kome til eit forlik og fjerna han. I Noreg kan me framleis sjå han hos NRK. På slutten av dokumentaren har dei sett inn ein tekstplakat der familien kjem med følgjande fråsegn: «Leaving Neverland er ikkje ein dokumentar, det er eit tabloid karakterdrap på Michael Jackson. Han handsamar udokumenterte skuldingar som fakta.»
Det ironiske er at den kinoaktuelle filmen Michael har den same lette omgangen med fakta. Men her kjem ingen plakat som seier «Michael er ikkje ein dokumentar».
Det er heller ingen tekstplakat som seier at filmen eigentleg skulle starte med overgrepsskuldingane frå Jordan Chandler, som vart løyste utanfor rettssalen i 1993. Ein del av forliket var at Chandler aldri skulle nemnast på film saman med Michael Jackson. Det er ei avgjersle filmskaparane har følgt. Filmen Michael er ikkje innom noko som helst av det problematiske med Michael Jackson.
Han freistar å vise noko av det rare Michael Jackson gjorde, som dyrehagen i heimen til Jackson-familien i Hayvenhurst i Los Angeles, og korleis den plastiske kirurgen som opererer nasen, i alle fall gjer eit forsøk på å få Jackson frå å gjere inngrepet. Generelt skapar filmen eit inntrykk av Michael Jackson som ein slags Jesus-inkarnasjon som berre var god. Faren heiter passande nok Joseph.
Slik legg filmen seg i same «stort geni, alle andre er problemet»-logikken som til dømes filmen om Queen (Bohemian Rhapsody), Bob Dylan (A Complete Unknown) og Bruce Springsteen (Deliver Me from Nowhere).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.