Merka at skrivelysta ikkje er borte

Etter ti års pause skriv Jon Fosse dramatikk att. Det nye stykket får urpremiere på Fosse-festivalen i 2021.

– Alt eg har skrive, heng saman, og alt liknar, og alt er ulikt, seier Jon Fosse.
– Alt eg har skrive, heng saman, og alt liknar, og alt er ulikt, seier Jon Fosse.
Publisert

Dei siste åra har Jon Fosse, som sist laurdag fekk diplomet på at han er blitt æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy, vore oppteken med den såkalla Septologien sin. Det er eit stort prosaverk, som opphavleg var på 1500 sider, men kjem i fleire band på om lag 1250 sider til saman. Under tittelen Det andre namnet kjem Septologien I­–II ut i Noreg, Tyskland, England og nokre andre land i september. Då arbeidet var fullført, kjende Fosse seg slett ikkje tom:

– Eg pusta letta ut over at eg var komen i mål. Samstundes var ikkje skrivelysta borte, og eg tenkte at eg kanskje etter gammalt skulle prøva å skriva eit stykke. Det gjorde eg. Og det gjekk leikande lett, omtrent som då eg i si tid skreiv Nokon kjem til å kome. Og heilt utan den motstanden eg merka då eg skreiv somme av dei seinaste stykka mine, og aller mest då eg skreiv Desse auga.

«Scenisk dikt»

Sterk vind, som er tittelen på det nye stykket, har du kalla eit «scenisk dikt». Kva ligg i det?

– Det kjendest rett å kalla det for eit scenisk dikt. Eg kunne ha kalla det for berre «skodespel», men scenisk dikt kjendest rettare.

– All den tid stykket kjem i kjølvatnet av Septologien, er det kanskje også tematisk eller på anna vis nærskyldt dette prosaverket?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement