Menn kan vere

Mykje har endra seg for og med norske menn i løpet av ein generasjon, men tydlegast er endringa i farsrolla og farsansvaret, meiner Brit Aksnes.

Publisert Sist oppdatert

På 1970-talet var far noko ein skulle vera, men ei rolle ein ikkje trong gå inn i. No tek dei unge farspermisjon som noko sjølvsagt, seier journalist Aksnes.

I haust debuterte ho som forfattar med boka Mannemenneske, der ho har intervjua 23 menn mellom 17 og 80 år om «livet, sex og forhold».

Samtalane fortel òg at status betyr ein del, men at pengar ikkje lenger synest vera noko tema. Skilnaden mellom by og land er heller ikkje nemnande. Dei siste førti åra har den økonomiske situasjonen betra seg for dei fleste, slik at spørsmålet om evne til å forsørgja ein familie ikkje lenger er så presserande. No er det heller tale om folk som ikkje har råd til å skilja seg, kanskje fordi dei har lagt seg til eit forbruk som ikkje er berekraftig.

– Å sjå kva folk brukar på oppussing og møblar, er jo heilt vilt. Dette har endra seg enormt sidan syttitalet.

Inspirasjon

I 1978 gav Åshild Ulstrup ut boka Menn og elskere – kjærlighetens lykke og ulykke. Denne har vore ein slags mal for arbeidet til Aksnes. Ho samarbeidde med NRK-veteranen Ulstrup om å laga ein radioserie om mannfolk, men følte at ho ikkje kom så tett på mennene som ho ønskte då dei sat for open mikrofon. Så las ho boka til Ulstrup og fekk lyst til å laga ei «40 år etter»-bok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement