Litteratur
Med skeivt blikk på jordbruket og 90-talet
Når Kristin Auestad Danielsen skriv, får språket og skrivegleda styra. Etterpå er det som å vakna opp frå ei fyllekule, men romanen Du er bonde må vera skriven på stigande rus.
Kristin Auestad Danielsen er forfattar og dramatikar.
Foto: Marian Strand / Samlaget
Bonderomanar har me ikkje så reint få av i norsk litteratur, men ingen som denne. Du er bonde ligg om lag like langt frå Garborgs Fred som frå Hamsuns Markens grøde, og framstillinga er rik på element frå eventyr, fablar og magisk realisme. Men er du bonde, «då skal du bondelere», som det heiter i boka.
40 år gamle Kristin Danielsen er frå Gjesdal i Rogaland, der handlinga i romanen finn stad. Då ho som 19-åring reiste bort frå bygda for å studera, såg ho ikkje føre seg at ho skulle venda tilbake. Etter dramatikarstudium ved Aarhus Teater, forfattarutdanning ved Universitetet i Tromsø og mykje farting har ho likevel funne attende til si gamle leikegrind, Stavanger, nærare bestemt.
Og i oljehovudstaden, på Rogaland Teater, har ho nett hatt urpremiere på eit teaterstykke om «uljå», Soga om oss, til fine kritikkar. Far hennar var ein av dei som bygde Condeep-plattformer. Dramatikk og lyrikk har vore sjangrane hennar. Du er bonde er berre den andre romanen ho har skrive på dei 17 åra sidan debuten med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer. Truleg har det gjort noko med forfattaren å komma attende til kjende trakter.
– Men eg håper ikkje eg blir stuck med olje og landbruk framover, kjem det kjapt.
Bonderomanen byrja med at ho tenkte på oppveksten sin i Gjesdal kommune på 1990-talet.
– Eg ville sjå om eg kunne laga mitt eige litterære univers av Gjesdal og Jæren og landbruksverda der. Først skreiv eg om odelsjentepresset. Det synest eg var løye å jobba med, og så gjekk skrivinga av seg sjølv. Inn kom tema eg hadde tenkt på før – som at Jæren ein gong har vore ein skog.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.