JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Med ein nynorsk robot inn i framtida

I næraste framtid kan ein robot omsetja alle NTB-artiklane frå bokmål til nynorsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ansvarleg redaktør Karoline Riise Kristiansen i NPK kan gle seg over at NPK i fjor nådde ut til fleire enn nokon gong før.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

3004
20191220
3004
20191220

Den siste tida har Nynorsk Pressekontor samarbeidd med NTB om å utvikla eit omsetjingsinstrument eller ein robot. På budsjettet for i år fekk NPK ei statleg løyving på 800.000 kroner til dette, og på statsbudsjettet for neste år er løyvinga ein million.

Det var i 2007 at NPK valde nærare samarbeid og samlokalisering med NTB, og pressekontoret flytta bort frå Dag og Tid i Pilestredet. I tillegg til å laga eigne saker byrja NPK å setja om NTB-artiklar til nynorsk. No sender kontoret ut om lag 100 av dei 300 artiklane som NTB produserer kvar dag.

Då NPK flytta inn hjå NTB, sende pressekontoret ut 5500 saker årleg. Sidan har talet auka kraftig, og i fjor nærma det seg 30.000 saker. Men det kan verta snakk om endå meir, og roboten som set om NTB-artiklar, er årsaka til det. Samstundes auka eigenproduksjonen av artiklar frå 1700 i fjor sommar til om lag 2800 denne sommaren.

Redaktør Karoline Riise Kristiansen kan gle seg over at det i år vert produsert fleire artiklar enn nokon gong i NPK-redaksjonen, og dei har aldri tidlegare nådd ut til så mange med stoffet.

Stor interesse

Men det er ikkje berre Nynorsk pressekontor som kan ha god nytte av ein robot som kan setja om bokmålstekstar på eit blunk. Då Aftenposten nyleg omtalte roboten, var spørsmålet: «Kan flertallet droppe nynorskundervisning i fremtiden?»

Førebels greier ikkje roboten å omsetja til perfekt nynorsk, men han vert stadig betre. I november i fjor omsette roboten 12,5 prosent av orda feil. No har han kome ned i 5 prosent og vert stadig betre. Men heilt perfekt vert han neppe. Kompetente nynorskbrukarar må lesa gjennom og retta opp feila som er att. Dei kan ikkje berre trykkja på ein knapp og vona at alt ordnar seg, for då vert Pia Høst fort til Pia Haust.

I dag kan nynorskbrukarane gle seg over ein viss valfridom i det nynorske språket, men det er eit problem for roboten, ettersom han nyttar berre éi form.

Kontroversielt

Så langt er det berre NPK som har teke i bruk roboten, men det er stor offentleg interesse for å kjøpa tilgang til han. Som kjent er det krav om 25 prosent nynorsk i departementa, men stadig kjem det meldingar om at dei ikkje oppfyller krava. For byråkratane kan roboten med andre ord verta til god hjelp i framtida.

I artikkelen i Aftenposten går det fram at det vil ta minst eitt år før roboten er klar til levering.

– Me opplever at det er eit stort ønske om robotstøtta omsetjing. Det fører med seg eit ansvar å vera spydspiss for utvikling av språkteknologi for eit så lite miljø. Digitalisering og robotisering av språk er kontroversielt. Me tek det med oss og vonar å kunna utgjera ein forskjell, seier redaktør Karoline Riise Kristiansen, som for nokre veker sidan gjorde det klart at ho hoppar av frå NPK for å verta språksjef i NRK.

Førre fredag vart det kjent at ansvarleg redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i NPK.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis