Festspel
Mattekunnskap
Nina Lykke, Wencke Mühleisen og Marit Eikemo i ledig, vanskeleg samtale om utruskap.
Foto: Jarle H. Moe
Er det mogleg for eit par å vere forelska i tiår etter tiår? Kva skjer når ein ikkje ser kvarandre lenger, når blikket sloknar? Kor mykje innsats krev det for å halde saman, og kor mykje innsats er for mykje forlangt? Er det mogeleg å sikre seg mot utruskap? Etsar utruskap bort kjærleiken? Kan utruskap gjere at ein ser kva ein er i ferd med å miste?
Det var ikkje oppgåva til forfattar Nina Lykke, forfattar og kjønnsforskar Wencke Mühleisen og moderator Marit Eikemo å svare på desse spørsmåla. Det dei fekk til, var å reise dei. Slik fekk publikum noko å gå heim og grunde på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.