Minneord

Matematikaren som vart kultartist

Tom Lehrer (1928–2025) 
 

Tom Lehrer var både matematikar og satirikar.
Publisert Sist oppdatert

Gjennombrotet for den vestlege kulturradikalismen kom i 60- og 70-åra, med det såkalla ungdomsopprøret. Før dette hadde vi radikale avantgardistar, særleg i kunstmiljøa. Mellom desse var Henry Miller, Allen Ginsburg og Bob Dylan, men òg den mindre kjende satirikaren Tom Lehrer, som nyleg døydde mett av dagar, 97 år gamal, i Cambridge i Massachusetts i USA.

Men om Tom Lehrer kan høyra heime mellom dei kulturelle frontfigurane i 50- og 60-åra, som ein forlaupar for den framveksande motkulturen, kjende han seg sjølv så framand for hippie- og ungdomsrørsla at han trekte seg attende frå all offentleg verksemd. Han slutta å laga plater og turnera nett då den nye rørsla vann fram.

Han var utdanna matematikar, tok mastergrad som 19-åring og magistergrad året etter og førelas ved fleire universitet, men er mest kjend som songar og satirikar. Sjølv om han, etter det han sjølv sa, ikkje likte merksemd, vart han namngjeten for dei politiske satiriske songane sine. Han var ein forlaupar for protestsongen som spreidde seg særleg i engelskspråklege land i 50- og 60-åra. Men han stod meir i gjeld til revytradisjonen enn til folkemusikk og popmusikk.

Nett som Leonard Cohen hadde Lehrer nære band til norske miljø. Det førte til at han kom til Oslo i 1967 og gav ein konsert i Universitetets aula etter at han elles hadde trekt seg attende. Konserten vart filma og send på NRK. I dag er dette eit av svært få opptak av ein Lehrer-konsert.

På denne tida, då det ikkje fanst noko som likna på internett, vart vi kjende med nye musikarar og songarar og verdssyn nærast gjennom munn-til-munn-metoden. Vi høyrde om det meste frå vener og kjærastar, i samtalar og på fest. Veneflokkane av studentar og bohemar samla seg tett i tett på små hyblar eller atelier, drakk vin, røykte, prata og hadde grammofonen på, og slik fekk alle høyra kva kvar einskild nett hadde oppdaga.

Noko av det same seier Lehrer om korleis han fekk eit namn i USA.

Han laga berre to album. Det fyrste var The Songs of Tom Lehrer (1953), fyrst i berre 400 eksemplar. Seinare kom More of Tom Lehrer (1959) og dessutan liveopptak frå konsertar, til dømes An Evening Wasted With Tom Lehrer (1959). Amerikanske radiostasjonar ville i starten ikkje spela songane hans på grunn av det kontroversielle innhaldet, for Lehrer gjorde intelligent narr av alt han tok i. I 1958 sette BBC ti av dei tolv songane på det siste albumet hans på indeks. Men musikken hans spreidde seg langsamt frå lyttar til lyttar i privatromma, slik som i Oslo. Straumen av post frå unge som ville ha ei plate, auka på. «Utan nærværet i massemedia spreidde songane mine seg sakte», har han sagt, «meir som herpes enn som ebola».

Som eit levande prov på at det ikkje alltid stemmer at ein mann lyt gifta seg for å leva lenge, levde han ugift og barnlaus i mest hundre år. Som ein av få populære artistar skreiv han ingen kjærleiksviser. Sjølv kalla han visa «I Hold Your Hand in Mine» ein kjærleikssong, men ettersom teksten skrid fram, syner det seg at det er den avkutta og blodige handa til kjærasten som songaren held i handa si.

Lehrer hadde lite av poesien og alvoret som ein finn hos songpoetar som Cohen og Dylan. Men kynismen hans og det illusjonslause blikket kan ha noko lærdom i seg enno, særleg for borna og barneborna til dei gamle opprørarane.

Den venstrepolitiske synsmåten som bar fram mykje av Lehrer-satiren, er ikkje lenger avgrensa til små kunstnariske og intellektuelle miljø. Ungdomsopprørarane i 50- og 60-åra har marsjert gjennom både institusjonane og generasjonane. Opprøret er bokstaveleg tala vorte popularisert. Til dømes har den ein gong sindige og konservative Aftenposten, som i 1967 meinte det var ei skam for universitetet at ein rabulist som Lehrer fekk opptre i aulaen, teke over mange av dei rabulistiske synspunkta frå venstresida på den tida. Kanskje vi treng ein ny Tom Lehrer som kan gjennomskoda og hengja ut satiren hans?

Men i den mon Tom Lehrers songskatt varer ved, trur eg det vil vera på grunn av det politisk og livssynsmessig ukorrekte innhaldet, som er så personleg og grunnleggjande at det skandaløse i satiren hans er gyldig den dag i dag. Avsløringa av det falske i mange romantiske førestillingar om evig kjærleik – som i «When You Are Old and Gray», ein mykje meir nådelaus tekst enn til dømes The Beatles «When I’m Sixty-four» – kan framleis vera støytande. Eller songane om atomkrigen, der han fortel om massedauden i ein voggesong eller eit revynummer.

Kaj Skagen