Litteratur
Målskapar og målreisar
I Olav Nygards språkeksperiment låg eit djupt målengasjement.
Olav Nygard på Horveid i Evanger, i gang med å byggja seg hus der. Ukjend fotograf / NTB
«Skuggeveven», «avdagsskjelven», «sælebiv» og «skapings-gir» – desse samansetningane frå «No reiser kvelden seg» er karakteristiske for diktinga åt Olav Nygard (1884–1924). Han var ein stor ordskapar, og denne eigenskapen vert gjerne sett i samanheng med poetisk nyskaping: Nygard skapte eit nytt poetisk språk for å kunna uttrykkja nye kjensler og tankar, ikkje minst dei mektige visjonane han hadde. Men om ein studerer Nygard nærare, ikkje minst biografien hans, vert det tydeleg i kor nært samband denne målskapinga står til målreisinga.
Høgnorsk?
Olav Nygards språk har vorte karakterisert som «høgnorsk», som vanleg vert nytta om hovudformene i 1917-rettskrivinga. Men er språket åt Nygard i røynda høgnorsk? Nygard nytta dei vanlege stavemåtane i samtida – um, upp, myrk og millom –, og dei vanlegaste bøyingsformene, som gjeng, stend og hev, men alt i den fyrste diktsamlinga, Flodmaal (1913), møter me former som peikar i ei anna leid:
Men fraa daa er du framand i verda,
du er illsedd av heile di ætt,
og det tek til aa blenkje av sverda
medan hate veks eirgrønt og tett.
(Or «Det evige under»)
Her er det a-former, e-infinitiv og inkjekjønn utan -t. Kvifor vel Nygard desse endingane?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.