Historie
Lurt av Albert Speer
Per Knudsen (70) møtte Albert Speer tre gonger. Han fekk eit godt inntrykk av Hitlers rustningsminister, men har endra syn av fleire grunnar.
Per Knudsen i samtale med nokre av dei 72 tidlegare studentane frå Noreg som vitja universitetet i Mannheim tidlegare i år.
Foto: Privat
I etterkrigstida har mange skrive om Albert Speer, men ikkje alt har vore like korrekt.
– Det er utruleg å sjå kor feil folk har teke av denne mannen som var glødande nazist, slår Knudsen fast.
Norske Per Knudsen (70) har budd i Tyskland i femti år. Han er fødd i Bergen, men flytta til Hamar då han var ni år og voks opp der. I 1967 flytta han til Mannheim i Tyskland. Han møtte Speer fleire gonger i 1971 og fekk eit svært godt inntrykk av mannen som var Hitlers arkitekt og rustningsminister. Men i dag er han ikkje like positiv.
For nokre år sidan fekk Knudsen vita at han mora var trulova med, døydde i ein av Speers konsentrasjonsleirar. I vår gav dessutan Magnus Brechtken ut Albert Speer. Eine Deutsche Karriere, som er ein grundig og kritisk biografi på 900 sider. Der snur den tyske professoren dei steinane han kan snu. Men fleire av Speers løgner var alt kjende. I det fyldige etterordet til De umulige spørsmålene, som er ei bok med notat frå samtalar mellom Joachim Fest og Albert Speer i perioden 1966 til 1981, utgjeven i 2005, skriv Bernt Hagtvet om løgnene. Han skriv at Speer ikkje var ein naiv medløpar; han stod sentralt som utøvar og drivkraft i masseutryddinga av jødar, noko han også innrømmer meir av i boka «Slavestaten – mine oppgjør med SS.
STUDENT I MANNHEIM
Albert Speer overlevde krigen, men vart sitjande i Spandau-fengslet fram til 1966. Året etter at Speer vart sett fri, reiste Per Knudsen til Mannheim for å studera økonomi, og i 1972 var han ferdig utdanna siviløkonom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.