Film
Lukt til himmels eller helvete
Sjeldan kjem eg ut frå kinosalen med så open munn som etter å ha sett Sirât.
Far (Sergi López) og son (Esteban) dreg ut i ørkenen på leit etter dotter og syster Mar.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Far Luis (López) og den unge sonen Esteban har reist til Marokko for å leita etter dottera og systera, Mar, som har reist av garde for å delta på eit raveparty ute i ørkenen.
Musikken dundrar der far og son prøver å dela ut flygeblad og spørja festdeltakarane om dei har sett ho.
Dei kjem i snakk med Stef (Gadda) og hennar skranglete gjeng med likesinna som ser på rave og reising som sjølve livet. Då militæret kjem og bryt opp festen, vert far og son med i karavanen gjennom ørkenen, på jakt etter neste rave og Mar.
Ingen forventningar
Eigentleg burde eg sagt så lite som råd er om Sirât, for å møta denne filmen utan forventningar, i ein stor kinosal med god lyd, som eg sjølv gjorde, vil eg seia er den optimale måten å sjå han på. Den hamrande technomusikken er overraskande lite påtrengande for sjåaren, sjølv om han ligg under som eit dunkande teppe i store delar av filmen, og særleg den fyrste halvtimen.
Komponist Kangding Ray har den perfekte bakgrunnen i det tyske avantgardeklubbmiljøet med Berlin som base, og var visstnok kontakta direkte av regissør Oliver Laxe for å syta for blandinga trance og ambient som gjer så mykje av filmen. Dette har skaffa Ray ein pris for beste filmmusikk i Cannes og kjem ikkje usannsynleg til å sikra han ein Oscar til våren, til liks med filmen sjølv, nominert til beste utanlandske film.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.