Livet var for kort for Stein Rokkan

Han var den geniale forskaren som ikkje fekk tid til å fullføre alt han sette i gang. No har sosiologen og statsvitaren Stein Rokkan fått sin biografi.

Statsvitar, politisk og historisk sosiolog, politisk historikar, samfunnsstatistikar, datapioner og franskfilolog Stein Rokkan fotografert i Oslo i 1963.
Statsvitar, politisk og historisk sosiolog, politisk historikar, samfunnsstatistikar, datapioner og franskfilolog Stein Rokkan fotografert i Oslo i 1963.
Publisert

Det er eit unntaksmenneske Arild Stubhaug skildrar i boka Stein Rokkan. Fra periferi til sentrum. Rokkan (1921–1979) var ein idérik og nyskapande forskar, ein framifrå administrator og organisator og ein mann med ein nærast umenneskeleg arbeidskapasitet. Problemet hans var at han tok på seg så mange oppgåver at han aldri fekk samla dei mange forskingsarbeida, ideane og innspela sine.

– Han kalla seg a man of several worlds, og såg nok sjølv at han hadde spreidd seg for mykje både fagleg og administrativt. Han hadde ei kolossal konsentrasjons- og arbeidsevne og arbeidde seg vel i hel, fortel biografen.

Sjølv om Rokkan spreidde seg på fleire felt, stod forsking på politiske prosessar, konfliktar og val i sentrum for mykje av arbeidet hans. Kva mobiliserer til deltaking, og kvifor stemmer folk som dei gjer? Han såg i nokon grad samtidas partisystem som resultat av fortidas konfliktar, nesten som «sedimentlag» avleira i ein historisk etableringsprosess. Av den grunn var det viktig for han å studere utviklinga av dei mindre demokratia i Europa, også for at dei kunne vere meir til hjelp for dei nye nasjonane i Afrika og Asia enn dei store var. Kva skulle til for å utvikle demokrati i eit u-land, kva burde det satsast på? Den historiske dimensjonen hadde ein viktig plass i forskinga hans.

I arbeidet med vilkåra for stats- og nasjonsbygginga i Vest-Europa trekte han også inn konflikten mellom sentrum og periferi, som han tidleg hadde laga forståingsmodellar for på grunnlag av tilhøva i Noreg. Rokkan er også kjend for sentensen «Røyster tel, men ressursar avgjer». I det ligg at han såg to kanalar for politisk makt: éin som går gjennom val, der kvar røyst i og for seg tel, og ein annan der dei store organisasjonane opererer med ressursane sine. Og i siste instans veg dei store organisasjonane som regel tyngst.

Store språkkunnskapar

Arild Stubhaug har mellom anna skrive biografien til tre framståande nordiske matematikarar. Men då han blei beden om å gå inn i livet og karrieren til Stein Rokkan, tok det ikkje lang tid før han lét seg fascinere av denne personlegdommen. I boka tek forfattaren føre seg både livet og den faglege utviklinga til mannen som blei ei internasjonal stjerne i sosiologien. Samtidig er boka også blitt ei historie om etableringa av fleire sentrale, internasjonale institusjonar innan samfunnsvitskapane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement