Bok
Livet alfabetisert
2004: Det norske eventyret om leksikon på papir slutta med to eittbandsverk – Caplex (Cappelen) og Lille norske (Kunnskapsforlaget).
Foto: Wikipedia
Vi var ganske mange
den dagen i Studentersamfundet i Bergen. Pax Forlag lanserte PaxLeksikon med Johan Galtung som hovudtalar. Han snakka om Oskeladden som typisk norsk. Då han kom til sluttpoenget, tenkte vi vårt og applauderte høfleg. Etterpå trykte Gyldendals Aktuelle Magasin innlegget i sitt siste nummer same hausten, i 1980. Der mangla slutten. Galtung hadde konstatert at band 1 av det nye verket mangla artikkelen «Askeladden». «Askeladden kommer på nynorsk i siste bind, under Å», sa kosmopolitten frå verste vestkant.
Caplex hadde teke til som Nyco konversasjonsleksikon i 1935. Aschehoug og Gyldendals lille norske leksikon var ein kortversjon av to leksikon som blei redigerte saman til eitt frå 1978. Då gav Kunnskapsforlaget ut første bandet av Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon, redigert av Olaf Kortner, Preben Munthe og Egil Tveterås. Tre år etter var verket komplett i 12 band, og i 1995 hadde forlaget selt 220.000 eksemplar av heile verket. Det var i dei åra då leksikon- og verkseljarane var alle stader der tre eller fleire studentar var samla.
Aschehoug hadde gitt ut Illustreret Norsk Konversationsleksikon like sidan 1906, redigert av Haakon Nyhuus etter eit dansk førelegg. Gyldendals store konversasjonsleksikon hadde vore ute sidan 1960. «Med Aschehougs konversasjonsleksikon fikk Norge sin første nasjonale hukommelse», skreiv ein seinare leksikonredaktør, Øystein Eek.
Som ofte elles når nokon talar om det nasjonale minnet, var også dette misvisande.
Alt i 1879 hadde Johan Christian Johnsen redigert ferdig første band av Norsk Haandlexikon for almennyttige Kundskaber. Ni år seinare var verket komplett i tre band utan ein einaste illustrasjon. Det heile var skrive «særlig med norske Personer og Forhold for Øie».
Det nynorske blei skrive svakt inn i desse tidlege oppslagsverka. Difor sat ein gjeng i redaksjonen i Gula Tidend i 1919 og pønska ut ei løysing som dei kalla Norsk Allkunnebok. Redigert av Arnulv Sudmann kom første bandet i 1948, og tibandsverket var komplett med eige atlas i 1966.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.