JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

NPK mot
alle odds

Berre dei største optimistane trudde at Nynorsk pressekontor var liv laga, men det var det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stortingsrepresentant og mangeårig styreleiar i NPK Osmund Faremo (i midten) saman med statssekretær Ulf Sand (t.v.) og forbrukar- og administrasjonsminister Odd Sagør (t.h.), alle frå Arbeidarpartiet, under ein stortingsdebatt om pressestøtta i 1974.

Foto: NTB scanpix

5699
20191220

Bakgrunn

NYNORSK PRESSEKONTOR

50 år – etablert i 1969

Held til i Oslo

Samarbeider med NTB

2018: 29.097 nyhendesaker

Ansvarleg redaktør: Karoline Riise Kristiansen

Seks tilsette

42 nyhendekundar

19 kryssordkundar

Media

ottar@dagogtid.no

I år kan NPK feira femti år med god von om femti år til. I samband med jubileet har pressekontoret gjeve ut boka Meir på nynorsk til fleire, som har vore eit mål heilt frå starten.

«For somme av oss som var knytte til målrørsla, var det ein draum som vart oppfylt då dette kontoret kom», skreiv NRK-veteranen Herbjørn Sørebø då NPK fylte 25 år.

Byrjinga

I Noregs Mållag leika dei med tanken om eit slikt pressekontor i byrjinga av 1960-åra. Men så heldt Anton Beinset den store talen i Bondeungdomslaget i Oslo, og der la han fram tanken om å starta ei nynorsk vekeavis. Det vart ei stemning som på eit religiøst vekkingsmøte, og det vart berre vifta vekk då eg våga å nemna tanken om eit pressekontor med gode journalistar som kunne prega heile pressa. Dag og Tid vart sett i gang på eit så dårleg økonomisk grunnlag at det vart pengesorger frå første dag, og det skulle stortingsvedtak til for å få pressekontoret skipa, skreiv Sørebø.

Våren 1969 sende Noregs Mållag eit brev til Stortinget om opprettinga av eit nynorsk pressekontoret, og om hausten vart det løyvt 75.000 kroner. Det førte til at pressekontoret vart etablert 1. desember 1969 med setesdølen Aani Rysstad som redaktør. Han starta på berr bakke – utan kundar, medarbeidarar og distribusjonsapparat.

Det var tronge tider i starten og berre pengar til journalist i halv stilling, men i 1970 vart Helge Arild Bolstad den første fast tilsette journalisten.

I Stortinget hadde Aani Rysstad god støtte frå ein annan setesdøl, Osmund Faremo, og kontoret kunne neppe greidd seg utan han.

Han var ein tungvektar som kunne snakka med autoritet på vegner av NPK, og som dessutan markerte seg på Stortinget og i avisene, skriv professor Martin Eide i den nye jubileumsboka.

Det var viktig at NPK ikkje vart eit talerøyr for den organiserte målrørsla. Oppgåva var å laga alle slags stoff på nynorsk, stoff som kunne gå inn i den bokmålsdominerte bypressa. Bak prosjektet stod Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen.

I byrjinga uttalte kring førti aviser at dei kunne vera interesserte i stoff frå pressekontoret, men det vart fleire etter kvart. Etter eit par år var det kring sytti som nytta NPK, og i 1973 var det over hundre som hadde gjort det. Mange brukte svært mykje, andre brukte lite stoff.

Dei første åra møtte pressekontoret ein viss motstand i «eigne rekkjer» i tillegg til dei negative reaksjonane frå «riksmålsbevegelsen». Bladstyrar Per Håland i Gula Tidend var truleg den fremste kritikaren, ved sida av journalist Ludvig Jerdal i Dagen, og dei var naturlegvis misnøgde med språket.

Kuriosa

I mange år var NPK mest kjent for kuriosa, det vil seia små artige, kuriøse meldingar som fekk lesarane til å trekkja på smilebandet eller skratta høgt. Mangeårig NPK-redaktør Asgeir Olden skriv i jubileumsboka at dei heile tida vart latterleggjorde på grunn av kuriosasakene, men det var dei som gjekk best i dei norske media.

På ein vanleg dag sende pressekontoret ut mange meldingar. Blant dei kunne det vera ei lita sak av det kuriøse slaget, og ofte var det denne meldinga avisene leita seg fram til og brukte. I det vesle pressekontoret var ein sjølvsagt glad for alle meldingar som vart brukte, men frustrasjonen kunne vera stor over at det var dei små, rare notisane som vart plukka ut, og ikkje saker som var gode og godt gjennomarbeidde.

Olden skriv at han i tida som redaktør alltid sa at NPK skulle vera best i landet på B-nyheiter. På A-nyheitene var dei sjanselause, så få som dei var. NPK satsa på det andre ikkje satsa på. Og dei gjorde noko elegant – dei skreiv kort. Når dei dekte dei same sakene som NTB, brukte dei berre ein firedel av plassen, skriv Olden.

Ålen i møkakjellaren

Gard Espeland, som var redaktør først i 1990-åra, fortel i den nye boka at kontoret ofte fekk spørsmål om meir informasjon frå folk som hadde lese notisane. Rekorden vart sett då NPK sende ut ei melding om ein svensk bonde som hadde teke til med oppdrett av ål i ein tidlegare møkakjellar. Etter den notisen fekk NPK mellom 20 og 30 telefonar frå interesserte som ville vita meir, og på kontoret freista dei å formidla kontakt så godt dei kunne.

Av dei meir kuriøse telefonane var mannen som ringde redaktøren privat seint ein kveld og spurde: «Er det De som er interessert i gammelt dameundertøy?» Det var like etter at NPK hadde sendt ut ein notis om eit dansk museum som etterlyste slikt. Mannen som ringde, heldt på å rydda opp etter ei gamal tante som hadde døydd.

Espeland skriv at han meiner at dei greidde å skapa kontakt den gongen også. Han fortel også om korleis NPK formidla nyhendesakene i gamle dagar – for nesten tretti år sidan. Den gongen hadde kontoret éin stasjonær PC, og distribusjonen skjedde på to måtar. Den eine var via faks til NTB, som skreiv inn artiklane på nytt og sende dei vidare. Men artiklane skulle ut også til småavisene som ikkje var knytte til NTB. Ut på ettermiddagen vart dagens produksjon difor kopiert og lagd i store konvoluttar og send som A-post til avisene.

Arka som kom ut av kopimaskina, var varme, og konvoluttane var framleis varme då dei vart leverte på posten. Her var det verkeleg snakk om hot news, slår Gard Espeland fast – med eit glimt i auget. For det kunne enno ta fleire dagar før store og små nyhende kom på trykk i lokalavisene kringom i landet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I mange år var NPK mest kjent for kuriosa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis