JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Vil ikkje berre underhalde

Då pandemien råka Noreg, sette Lotta Elstad seg til å skrive, og ho stoppa ikkje før ho hadde ein serie på tre romanar. Den første, Xiania 1, er alt seld for ein rekordsum til eit dansk forlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lotta Elstad debuterte som sakprosaforfattar, men skriv òg romanar.

Foto: Oda Berby

8226
20230908
8226
20230908

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Det byrja med at ho ville skrive om farmora si, som flytta frå innlandet til Kristiania (= Xiania) for om lag hundre år sidan. Den unge kvinna skal ha hatt eit ganske omskifteleg og eventyrleg liv, men romanen blei noko heilt anna: ei skildring av ei ung, naiv kvinne, Klara, som flyttar til hovudstaden i 1921 for å ta abort og snart blir riven mellom to liv og to miljø – det utfattige, saneringsmogne Vaterland og det aristokratiske Bygdøy.

– Eg har ein mastergrad i historie, og det gir meg ei sterk lykkekjensle å lese historie, fordi det utvidar horisonten min og gir nye perspektiv på korleis vi lever. Litt tilfeldig snubla eg over denne epoken, og eg tok til å lure på korleis livet arta seg der og då. Det blei mykje lesing, kjeldegransking og kartstudering. Og litt etter litt lyfta ei lita verd seg opp med mange småhistorier her og der. Så fekk fantasien fylle ut tomromma om livet i det Vaterland som ikkje finst lenger.

Historieformidling

Noko av det studium og lesing av historie har gitt henne, vil ho gjerne gi vidare.

– No er ikkje dette ein dokumentar, men boka tek jo utgangspunkt i slik det var. Historieløyse er eit ganske stort problem i det offentlege ordskiftet og hos folk generelt. Eg trur vi ville vore ti gonger smartare og betre forstått verda og kva som skjer, om det allmenne kunnskapsnivået og interessa for fortida hadde vore høgare.

– Kva var det som appellerte så sterkt til deg ved 1920-åras Kristiania?

– Det var ei tid med sterke spenningar. Fascisme og nazisme låg i spire, men hadde ennå ikkje brote skikkeleg ut. Forbodstida frå 1916 til 1927 opna for spritsmugling og gauking i stor stil, ei interessant tid som skapte og øydela formuar og lagnader, arbeidsløysa var stor, fattigdommen likeins, kriminaliteten auka, skjørtelengdene og frisyrane blei kortare, skeiv kultur. Mykje skjedde, og mange samfunnslag var involverte.

I Kristiania kjem Klara til den mystiske madam Zavarella, som driv hattebutikk i første etasje og illegal fosterutdriving i kjellaren. Ho er edderkoppen i det spesielle universet og blir som ei mor for den unge eg-forteljaren. Zavarella koplar Klara til den steinrike aristokraten Frederika, «Freddi», som bur i ein luksusvilla på Bygdøy og vil ha Klara som godt betalt selskapsdame tilsynelatande heilt utan plikter. Men menneska og miljøet kring madam Zavarella på det fattige Vaterland får ein særleg plass i Elstads roman.

– Eg kom over den sanne historia om «Mor i nøden», ei kvinne på Grünerløkka som vaska om dagen og dreiv med illegal abort om kvelden og spritsal i tillegg. Ho budde ikkje så langt frå der eg delvis voks opp, og ho blei ein slags inspirasjon for madam Zavarella.

Vil overskride

Lotta Elstad (40) er oslokvinne med bakgrunn frå både journalistikk og forlagsverksemd og jobbar no som redaksjonssekretær i Klassekampens utanriksavdeling. Ho debuterte i 2008 med ei sakprosabok, men glei så inn i skjønnlitterær skriving. Xiania er hennar fjerde roman. Ho vonar at neste band kan komme om eit år, halvtanna, men først skal det skrivast. Forlaget kallar serien trilogi, men forfattaren ser det som éin lang roman der dei neste banda er direkte framhald av det første. Handlinga vil gå fram til 1959.

– Har du ein overordna ambisjon for serien?

– Éin ting er kva eg har lyst til å oppnå som forfattar, ein annan er at eg ønskjer å underhalde lesarane mine. Ein enkel ambisjon, men vanskeleg å gjennomføre. Sjølv blir eg ikkje så ofte underhalden. Eg vil gi folk kjensla av å bli dregne ut av kvardagen og inn i noko heilt anna. Samstundes har eg eit ønske om å kunne overskride og vekkje nokre tankar, få folk til å sjå ting på ein annan måte, gå ut av vande førestillingar.

Klara har ikkje så mykje handlingsrom i det universet ho står oppi.

– Sakte, men sikkert oppdagar ho kva som går føre seg kring henne. Ho har det naive blikket og er litt overflatisk. Det er ikkje tale om å gå inn i si tid, som halvkjærasten, den brennande kommunisten Matteo. Eg ville skrive korleis fascismens framvekst såg ut for denne partyjenta, som vekslar mellom å vere eventyrar og «snill pike» og dessutan slit med mykje sjølvforakt.

– På nesten insisterande vis må Klara stadig minne seg sjølv på at ho er eit godt menneske.

– Ho bur i ein kjellar på Vaterland, synest det luktar vondt kring henne, kjenner forakt for dei fattige kvinnene som òg bur i huset. Vil berre leve eit glamorøst liv. Dette er ikkje eit sympatisk trekk, men noko eg trur det er lett å kjenne seg att i. Denne forakta for veikskap, for dei fattige, er også ei side ved fascismen, hatets ideologi, men for hennar del er dette kanskje ein projeksjon av eiga sjølvforakt.

– Det er mykje politikk og politiske motsetnader i romanen din, men det verkar likevel ikkje som om du er ute i eit tydeleg politisk ærend.

– Prosjektet mitt er ikkje å omvende nokon, nei. Dette er fem–seks år etter den russiske revolusjonen, Mussolini tek over Italia, Hitler byrjar røre på seg i Bayern. Her heime er mykje uavklart: Arbeidarpartiet står i intern strid om retningsval, NKP blir stifta, og Arbeidarpartiet lagar sitt eige sosialistiske prosjekt uavhengig av kva Moskva måtte meine. I denne perioden blir grunnlaget lagt for velferdsstaten, det sosialdemokratiske skandinaviske prosjektet byrjar ta form. Mi interesse har vore kva desse prosessane har betydd for det private livet, og korleis dette livet har verka inn på desse prosessane.

Framandgjord

Elstad skriv om ein som er levande oppteken av det som skjer og vil påverke utviklinga, og ei anna som ikkje bryr seg.

– Heile tida er det spenningar mellom folk. Eg ville skrive historie ut frå Klara, ho som ikkje brydde seg så mykje.

– Klaras liv er ei stadig ferd mellom sosiale og økonomiske ytterpunkt, botn og topp i det norske samfunnet. Men kva får ho ut av dette doble perspektivet?

– Ho blir dregen i ulike retningar. Sjølv har ho ikkje eit klart prosjekt og ingen store ambisjonar. Meir interessant enn kva ho får ut av dette perspektivet, er kva lesaren får ut av det via blikket hennar. Klara er eigentleg mest sjølvoppteken, tenkjer på seg sjølv og forelskingane sine. Det er jo slik vi er.

– Ho lever mellom to verder, men høyrer ikkje heime nokon stad?

– Nettopp, ho kjenner seg framandgjord. Ho går på politiske møte med Matteo, men skjønar lite av det dei snakkar om, har ingen intellektuell ballast. Ho er aleine i dette universet og vil heller ikkje identifisere seg med dei andre kvinnene som er i om lag same situasjon som henne.

– Dregen til alle kantar som Klara er, verkar det som om identiteten hennar er i full oppløysing.

– Ho lever ikkje i nokon samanheng som er hennar, har ingen familie, har mista sin klassebakgrunn. Er ingen protagonist med eit klart mål i livet. Frå mi side er dette eit medvite grep, som gjer at ho kan bli dratt i alle retningar. Ho kan hamna kvar det skal vere. Ho speglar spenningar som alt finst i samfunnet.

– Illegal abort har ein sentral plass i denne boka. Men abort er ikkje noko nytt tema i forfattarskapen din?

– Som journalist blei eg interessert i temaet fordi eg reiste til Polen medan dei heldt på å stramme inn abortlova der i 2016. Eg såg kor sentralt dette er for mange kvinner, eit livsvilkår. Kor farleg det er om ikkje aborten skjer under ordna, trygge forhold. Dette har også eit klasseperspektiv, rike kvinner får alltid ordna seg. Det handlar også om likestilling og kroppens autonomi.

Både romantittelen og teksten får ein lesar til å tru at byen, tida og miljøet er like viktige som personane og handlinga. Dette stadfestar forfattaren. Kristiania er ein by som ikkje finst meir, noko som gir Elstad høve til å leike med den tida, sjå på korleis byen endrar seg frå det kaoset Vaterland anno 1920-talet var, til denne «utveksten» gjennom sanering blir integrert.

– Dette er ein spesiell del av heimbyen min. Eg går der ofte, sidan eg jobbar i området. Xiania er også ei bok om kjærleik til dei som var der før, livet dei levde. Møte med fortida kan vere ein vekkjar i kvardagen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis