Litteratur

Stygg i trynet, skarp i hausen

Etter mange tusen år har omsider grisen fått si historie på norsk. Det måtte ein jærbu til, ein kar som knapt hadde sett ein gris då han gjekk til oppgåva.

Kristoffer Hatteland Endresen har bakgrunn som journalist, historikar og lektor.
Kristoffer Hatteland Endresen har bakgrunn som journalist, historikar og lektor.
Publisert

Det den 37 år gamle sandnesbuen og trebarnsfaren Kristoffer Hatteland Endresen derimot hadde sett, var ein avisnotis som fortalde at det fanst fleire grisar enn menneske i Rogaland. Det fekk han til å lure på kvar alle desse svina oppheldt seg. Og då han på godt grisevis grov seg ned i spørsmålet, grov han like godt vidare og kom opp med mengder av historisk og kulturhistorisk stoff knytt til grisehald og griseliv og mangt anna griseri. Med bakgrunn frå journalistikk og ein mastergrad i historie, rett nok utan bacon, visste han kvar han skulle leita. Og sidan svin var det den matglade lektoren åt mest av, kjende han seg klar for å skape historie.

Tittelen på boka gav seg sjølv: Litt lik oss. En fortelling om grisen. For det er dette som er så fascinerande med denne gryntande skapningen: Han er meir lik oss enn vi set pris på. Intelligent er han òg. I medisinfaget og i militæret er grisen mykje brukt som modell for menneskekroppen. Huda, underhudsfeittet, muskulaturen og organa er mistenkeleg like våre, fortel forfattaren.

Det første Endresen gjorde, var å avtale eit besøk hos grisebøndene Leiv og Eirik Rugland på jærgarden med same namn. Dei var skeptiske etter alt som har vore skrive og synt av svinerøkt i aviser og TV, men sleppte framandkaren innanfor. Sidan dukka Endresen opp der om lag éin dag i veka i fem månader. Slik kunne han følgja eit grisekull frå fødselen til slaktehuset og gjera seg kjend med og ta del i svinerøkta.

– Du skriv om den moralske bismaken i kjøtet, men konstaterer at vi likevel konsumerer like mykje industrielt svinekjøt som før?

– Dette gjeld mange ting: klima, dyreetikk, kledeindustrien og så vidare. Vi vel det som er enklast for oss, og lèt vera å tenkja på det som er ubehageleg. Vi veit at det er ikkje bra, men er for late til å innretta oss etter kunnskapen. Dyreetikken har vore tema lenge, men merksemda har gått i bølgjer. No er vi inne i ei ny, som truleg vil føra til endringar i dyrevelferdslovgivinga.

– Svinekjøtet er dessutan svært tilgjengeleg. Men farse, skinke og postei kjenner mange i dag knapt opphavet til. Ikkje ser vi grisane heller, så alt blir så abstrakt at vi ikkje relaterer det vi et, til dyret. At grisen er så «usynleg», kan likeins vera ei forklaring på at svin er det kjøtslaget vi et minst av i økologisk versjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement