JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Skriving som syng

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattaren Lars Amund Vaage fyller 70 år i dag.

Foto: Jil Yngland / NTB

3842
20220513
3842
20220513

I dag – 13. mai – fyller forfattaren Lars Amund Vaage 70 år. Og med hans eige uttrykk: Det er verdt ein song. For Vaage er ein forfattar som har teke nynorsk litteratur i ei retning som ikkje liknar heilt på noko anna. Det såg ein kanskje ikkje så tydeleg i debutboka Øvelse kald vinter frå 1979, men alt i andreboka Fager kveldssol smiler er det nokre originale kombinasjonar.

I ei tid med sterkt politisk medvit skriv Vaage om arbeid og arbeidsprosessar. Men det er like mykje arbeidet som kunst han er oppteken av. Som god syttitalist er han samfunnskritisk og radikal, og ikkje minst oppteken av bønder og arbeidsfolk, som i Kyr (1983) og Dra meg opp (1985). Men like mykje av kunst: musikk, litteratur og handverk. Og av alt det som ikkje kan uttrykkjast direkte, men som ligg i grensa for kva språket kan bera.

Og medan andre jakta på det folkelege uttrykket, oppsøkte Vaage høgspråket og den lyriske prosaen. Han utdanna seg til pianist ved det dåverande musikkonservatoriet i Bergen (Grieg-akademiet i dag). Han vakla lenge mellom kunstartene, og valde skrivinga som yrke og spelinga som interesse. Men det vart ei skriving som song.

Og han gjorde musikken til tema, ikkje minst i gjennombrotsboka Rubato (1995), som han fekk både Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris for. Hovudpersonen i boka er utdanna pianist, men står mellom praktisk arbeid og musikk, og arbeidslivet og kunsten låner språk til kvarandre i boka. Denne tematikken kjem att i Tangentane (2005) og Den vesle pianisten (2017). Vaage er framleis ein habil pianist og varmar gjerne opp med ein liten time ved pianoet før han startar skrivinga.

I bøkene frå 2000-talet kjem ein ny dimensjon inn. Vaage skriv om psykiske grensetilstandar og korleis det blir forstått i helsevesenet, i familien og i små samfunn. Diktsamlinga Utanfor institusjonen ( 2006) fylgjer ein nær person inn i alderdommen, og dermed inn i helsevesenet og det språket som rår der. Skuggen og dronninga (2010) handlar om ei bestemor med eit schizofrent sinn, som blir skildra både innanfrå og utanfrå. I språket til Vaage er ein ikkje innanfor eller utanfor ei grense for sunt eller normalt, ein er eit unikt menneske.

Og i Syngja (2012) trefte Vaage eit stort publikum, i skildringane av oppveksten til eit autistisk barn, sett frå foreldra si side. Det er også ein roman, men han har ikkje lagt skjul på at han skriv om si eiga dotter. Romanen gjorde sterkt inntrykk, både ved å skildra opplevinga av å få eit barn med ei liding ingen forstår eller kan kurera, og ved å framstilla skilnaden på det faglege, ofte tomme, språket og diktarspråket som kjem nær ein kjær person. Vaage peikar på det paradoksale i at han, som har som yrke å finna eit så fintstemt og presist språk som mogeleg om psykens ulike sjatteringar, må leggja frå seg dette språket når han går over terskelen til helsevesenet, og tileigna seg det meir hardhendte diagnosespråket. Det taper alle på.

Når hovudpersonen i sluttscena av romanen syng «Min hatt, den har tre kanter», ein tekst som berre viser til seg sjølv, gir denne songen brått innsyn i ein autistisk språkbruk, som igjen har noko felles med kunstens konsentrasjon om eige uttrykk. Via ein banal song får vi brått innsyn i noko heilt anna.

Vaage har også brukt anna stoff frå eigen familie. Den nyaste romanen hans, Det uferdige huset (2020) hentar stoff frå livet til bestefaren, forfattaren Ragnvald Vaage, ein fin lyrikar og ikkje minst barnebokforfattar.

Lars Amund Vaage har fått Kritikarprisen, Nynorsk litteraturpris, Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen, Doublougprisen og Brageprisen, og han har fleire gonger vore innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Han er kanskje ikkje den mest synlege forfattaren i sin generasjon, men ein av dei mest respekterte. Han har fått prosalitteraturen til å syngja.

Jan Inge Sørbø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis