JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Skriv seg fri

Når noko plagar Kjersti Annesdatter Skomsvold,
skaper ho det om gjennom skrivinga så det til slutt blir til litteratur. Ofte er det tale om personleg lausriving.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjersti Annesdatter Skomsvold seier at for henne er skrivinga ein måte å halde verda i balanse på.

Foto: Agnete Brun

7936
20211008
7936
20211008

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Den 45 år gamle Agnes Møller er ei kvinne full av motsetnader og med eit langt rikare indre enn ytre liv. Ho synest å vere nokså usikker på seg sjølv, ho er fylt av uro og redd for å gjere feil.

Forfattaren fortel at ho med denne skikkelsen ønskte å finne ut kva som skjer med eit menneske som kjenner seg framand i verda, men som trass i det vel å utsetje seg for henne.

– Med Agnes ville eg undersøkje om ein kunne vere tru mot sitt indre liv og samstundes ha eit vanleg arbeid, ha vennar og kanskje også sleppe eit anna menneske heilt nær. Korleis kan ein halde på seg sjølv og samstundes utsetje seg for andre?

Nytt i denne forfattarskapen er at hovudpersonen i Skomsvolds førre roman, I dag jeg, i morgen du, speler ei viktig rolle også i årets roman, Agnes natt og dag. Rett nok dukka Agnes opp i Peter Venns liv heilt på slutten av historia om den innettervende omsetjaren, men forfattaren hadde aldri tenkt at Agnes skulle få sin eigen roman.

Eit spørsmål frå ein lesar, ei vandring gjennom ein liten skog og lesing av nokre sider i Dag Solstads Professor Andersens natt fekk Skomsvold på andre tankar. I daglege økter på to timar skreiv ho seg inn i historia om jordmora Agnes – og gjorde ei oppdaging.  

– Eg har alltid tenkt at eg ikkje ville vere i stand til å skrive anna enn i 1. person, for eg har hatt behov for å vere inne i hovudet på dei eg skriv om for å skjøne korleis dei tenkjer. Men brått kjentest det så naturleg å skrive i 3. person. Det var som om eg kunne senke skuldrene litt, noko som passa til forandringa Agnes går igjennom i romanen. Ho skulle også senke skuldrene og gi meir faen.

– Med Peter Venn tenkte eg at om han skal nærme seg nokon, må det vere eit menneske som har litt lettare for å vere i verda enn han sjølv. Han er ein outsider som utelukkande lever i sitt eige hovud og tenkjer i litterære setningar. Agnes er jordmor, ho har ein omgangskrins, og då var det ikkje plass for slike setningar som Peter har i hovudet sitt. Ein romankarakter oppstår når forfattarens språk møter karakterens språk, og Agnes måtte ha eit enklare og meir organisk språk enn Peter. Kvar setning kunne ikkje stå og skine.

– Agnes veit at livet er trist og umogleg, men det får henne berre til å le?

– Agnes treng bøkene for å vere i den verkelege verda, og eg trur at det er det parallelluniverset ho har i litteraturen, som gjer at ho klarar å le av den triste verda. Litteraturen gjer livet meir meiningsfullt for henne.

I likkjellaren

Slik Skomsvold skildrar dei to, kan ein mistenkje at Agnes fell for Peter fordi han minner henne meir om ein romankarakter enn om eit levande menneske.

– Ja, det trur eg. At dei nyttar så mykje tid i bøkene, gjer at tankane får gå i meir spesielle retningar enn om dei ikkje hadde litteraturen. Gjennom bøkene får tankane gå nye og overraskande stader.

– Når Agnes opplever at å lese romanar er viktigare enn å vere jordmor, har ho eit problem?

– Jo, det er vel noko av grunnen til at ho lurer på kva ho held på med. For korleis kan noko vere viktigare og sterkare enn å ta imot nytt liv. Ho tenkjer at ho heller burde jobbe med dei døde, nede i likkjellaren på sjukehuset, men eg veit ikkje om det er sunt for henne å kunne forsvinne heilt inn i si eiga tankeverd. Eg ville så å seie tvinge henne til å vere saman med dei levande.

– Tonen i dei seinaste bøkene dine er blitt lettare enn før?

– I alle fall denne siste. Eg har alltid misunnt folk som klarar å tenkje at «dette går sikkert bra», om både stort og smått, og eg ville undersøkje korleis livet til Agnes kunne vere om eg poda denne tanken inn i henne. Ho har gått gjennom sine nevrosar og mørke, no ville eg sjå kva som skjedde om ho klara å gi litt slepp på dette.

– Vil du kalle boka ein kjærleikskomedie?

– Noko ved henne kan nok kallast det, men inni dette ligg òg forteljinga om Maria, tvillingsyster til Agnes, som døydde 15 år gammal. Så kanskje heller tragikomedie?

– Det synest som om Maria langt på veg styrer livet og tankane til Agnes?

– Absolutt. Agnes innser no at ho på visse måtar er blitt den personen Maria såg for seg at Maria sjølv skulle bli med omsyn til yrkesval og no ein mogleg graviditet. Så kor ulike kunne dei eigentleg vere?

Det kan verke skremmande om ein identifiserer seg sterkt med ein person som det så går ille med. Maria går jo til grunne, seier Skomsvold.

– For Agnes er det skummelt å innsjå at ho har noko av Marias mørke i seg. Men ho kjem ikkje vidare i livet om ho ikkje erkjenner dette. Nå er det tretti år sidan Maria døydde; så kor prega er ein av den sorga då? Dette var noko av det eg prøvde å finne ut av medan eg skreiv.

Utanforskap

Eit sitat frå den amerikanske poeten Marianne Moore som Agnes finn trøyst i, går slik: «Fremmedhet og utenforskap skaper ensomhet – kuren for denne ensomheten er å være alene.» For Skomsvold var det dette som var skrivinga. Ho kjende seg utanfor og framand i verda fordi ho brått var utanfor og framand, til og med utanfor sitt eige liv, på grunn av mangeårig sjukdom. I denne langvarige åleineheita fann ho berging i bøkene.

– Slik blei mitt eige liv lenge verande i einsemda, og gradvis blei eg kurert for den einsemda. For då var eg jo der eg skulle, og skal, vere. I litteraturen.

– Agnes kan kjenne på utanforskap når ho er saman med andre menneske. Og ho ser stadig for seg ting ho kunne gjort eller sagt, men som ho korkje gjer eller seier?

– Ho er mykje friare i tanken enn i det verkelege livet. Når ho tilpassar seg omgivnadene, andre menneske, forsvinn ho nettopp i tilpassinga. Ho gjer seg mindre enn ho er, blir ei anna enn ho vil vere. Eg trur bøkene gjer at Agnes kan opprette seg sjølv igjen på eit vis. Å lese blir ei realisering av det indre livet hennar. Eg ville at ho skulle oppleve det same i møte med eit anna menneske. Slik er det med Peter Venn, då kan hennar ytre og indre verd vere den same. Ho får ein vilje som ikkje var der før, ein vilje til forandring og til ikkje å tvihalde på alt som har vore. Ho må gjere eit klart val, men det er skummelt å skulle gi slepp på nevrosar og bekymringar.

Uroa

– Ho har mange rare tankar i hovudet sitt, Agnes. Har du det òg slik?

– Først idet eg seier høgt eller skriv ned det eg tenkjer, kan eg sjå det komiske eller rare i det. For meg er mitt eige hovud heilt normalt. Noko av det eg liker så godt ved Dag Solstad, er korleis ein heilt daglegdags, triviell situasjon kan utløyse spesielle og rare tankar. Ved å lese han skjønar eg at mitt eige trivielle liv har noko interessant ved seg. Det er når eg skriv, eg klarar å sjå kva som er det spesielle i det heilt vanlege, og som gjer det vanlege og trivielle til å leve med.

– Personleg frigjering synest å bli eit stadig viktigare tema i forfattarskapen din?

– Kvar roman er eit frigjerings- eller lausrivingsprosjekt. Utgangspunktet er noko som plagar meg, og som eg må finne ut av, noko eg vil bli fri frå. I Monstermenneske er det sjukdom, i den førre romanen er det den makta andre menneske kan ha over ein, og i Agnes natt og dag er det kanskje både indre uro og sorg? Noko står på spel for romankarakterane, men det viktigaste er at noko står på spel for meg som skriv.

– Har skrivinga av denne romanen endra noko for deg med omsyn til di eiga uro?

– Det ironiske med meg er at eg blir uroleg om eg ikkje får skrive. Skrivinga er min måte å halde verda i balanse på. Samstundes som eg treng skrivinga for å finne ro, må eg skrive om noko som gjer meg uroleg, kanskje noko som kan opplevast litt ulovleg å skrive om. Men etter at eg har skrive om det, gjort det om til litteratur, forsvinn uroa ved det, for då er det blitt til noko anna.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Noko står på spel for romankarakterane, men det viktigaste er at noko står på spel for meg som skriv.

Kjersti Annesdatter Skomsvold, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

IdaHauge Dignes

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis