Litteratur
Shakespeare vil aldri døy – men har han levd?
Striden om kven som er forfattaren bak Shakespeare-namnet, er i ferd med å kulminere. Då melder Geir Uthaug seg på med den første norske boka om emnet.
Chesterfield-portrettet av William Shakespeare, ca. 1679.
Foto via Wikimedia Commons
Det er skulelærdom at mannen bak tragediar som Hamlet, Othello, Kong Lear og mange fleire er William Shakespeare (1564–1616) frå Stratford-on-Avon. Men lite av det vi veit om den historiske personen, tyder på at han kan ha vore i stand til å skrive desse og fleire andre dramatiske meisterstykke eller dei vedunderlege sonettane. Over 80 kandidatar har vore lanserte som opphavsmann til forfattarskapen, og i eit par hundre år har dei lærde stridd om kven den rette kan vere.
No er statsstipendiat, poet og omsetjar Geir Uthaug ute med Kampen om Shakespeares identitet. Verdens største litterære gåte. Boka er ikkje berre ein guide gjennom dette brokete landskapet, ho kan også tene som oppslagsverk for dei som vil orientere seg i den uoversiktlege materien. Uthaug tek stilling i striden. Kandidaten hans er Edward de Vere (1550–1604), den syttande jarlen av Oxford.
Steile frontar
Frontane er steile. På den eine sida dei ortodokse, eller stratfordianarane, som ikkje vil høyre tale om at nokon annan enn at kjøpmannen og skodespelaren William Shakspere (slik står namnet i kyrkjeboka) er mannen bak forfattarskapen. Mot desse står skeptikarane, som i aukande grad synest samle seg om jarlen av Oxford og difor går under namnet oxfordianarane. Dette betente spørsmålet har gitt opphav til ein stor Shakespeare-industri. Godt over 4000 bøker og fleire titusen artiklar er skrivne om denne gåta, og så seint som etter år 2000 har fleire nye, seriøse kandidatar vorte lanserte, fortel Uthaug.
– Enormt mykje tankekraft, intellektuell energi og trykksverte har vore nytta i denne kampen for å få «rett». Kan det vere verdt det?
– Mykje har vore lagt inn i dette, mykje liding har vore knytt til det. Folk har brukt nesten heile livet sitt på spørsmålet, og då kan det bli ganske vondt. Men dette skjer fordi vi menneske har ein ibuande trong til å freiste finne ut korleis ting heng saman, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.