Litteratur

Ser barnet på veg mot vaksenlivet

Noko av det mest hjarteskjerande Sivert Nesbø kan tenkje seg, er eit barn som prøver å syne seg betre for foreldra enn det er.

Sivert Nikolai Nesbø er forfattar.
Sivert Nikolai Nesbø er forfattar.Sivert Nikolai Nesbø er forfattar.
Publisert

Ungar skal vere seg sjølv, ikkje forstrekkje seg for å vere noko dei ikkje er, meiner forfattaren frå Førde i Sunnfjord. Han ser noko smertefullt og vondt i ungar som av omsyn til foreldra eller andre prøver å vere noko dei ikkje er. I det motivet ligg noko sårt.

Sivert Nikolai Nesbø bur i Bergen. Han er forfattar på heiltid og ser det som identiteten sin, men har sagt ja til å bli leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen frå 1. mars. Han debuterte i 2013, og Varme og Vatn er den fjerde romanen hans. I tillegg gav han i 2019 ut biletboka Hauk saman med illustratøren Susanna Kajermo.

For denne Nesbø, som litterært sett er ein antipode til den meir namngjetne namnebroren, er ytre handling eller dramatikk berre noko som skal leggje til rette for ein stiltone. Han freistar skrive i eit språk som gir lesaren ei oppleving av stille, som får han til å lytte innover. Samstundes skal bileta i teksten vere i rørsle.

– Eg er den nye Nesbø, fleipar sunnfjordingen.

– Media har jo leita etter han.

– Det er stor musikalitet i setningane dine. Den førre romanen din, Sjøen om vinteren, blei det òg konsert av?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement