Litteratur

Prislønte røyster frå Sørum og Våle

Gleda er unison over Kritikarprisen, både hos den røynde omsetjaren Gunvald Axner Ims og hos lyrikkdebutanten Karoline Brændjord.

Gunvald Axner Ims er omsetjar.
Gunvald Axner Ims er omsetjar.
Publisert Sist oppdatert

Brændjord har enno ikkje teke heilt inn over seg at ho har fått den høgthengande prisen for diktsamlinga Jeg vil våkne til verden. Ikkje sidan Knausgård i 1998 har ein debutant nådd så høgt opp. Ims, med tjue års omsetjarfartstid, reflekterer alt over den anerkjenninga og verdsetjinga prisen inneber. Han gler seg over at fleire no legg merke til at han finst som omsetjar, og at fleire kan få opp auga for tyrkisk litteratur frå osmansk tid. Kanskje les dei òg den 150 år gamle romanen han har gitt frisk, norsk språkdrakt, Felâtun bey og Râkim efendi av Ahmet Mithat.

Bakgrunn

Ims (41), frå Våle i Vestfold, kombinerer omsetjing med akademisk arbeid. I fjor disputerte han for doktorgraden i tyrkiske språk ved Universitetet i Uppsala på ei avhandling om ironiske framstillingar av vestleggjering i moderne tyrkisk litteratur. For han er det eit poeng at dei som snakkar om at muslimane må bli vestleggjorde, skal vite at prosessen har halde på i over hundre år og vore diskutert like lenge.

Brændjord (30), frå Stomperuds Sørum, no busett i Oslo, hadde planar om å ta ein master i sosialantropologi, men no ser ho for seg eit liv som forfattar på heiltid. På vegen har ho fått med seg ein bachelor i sosialantropologi og ein i Nord-Amerika-studium. Ikkje minst viktig er årsstudiet og påbyggsåret ho gjennomførte på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho er adoptert, og då ho tok kontakt med den biologiske familien sin og fekk vite at den biologiske mora hennar hadde teke livet sitt i 1997, utløyste det ei røynsle som nokre år seinare resulterte i Jeg vil våkne til verden.

– Eg har alltid visst at eg var adoptert, og eg fekk beskjed då mor mi døydde. Ingen fortalde meg at det var sjølvmord, men eg hadde ei kjensle av at det kunne vere nett det.

Før ho tok til å skrive, visste Brændjord knapt at det fanst noko som heitte samtidslyrikk. Den biologiske systera hennar synte henne nokre dikt, og det gav henne lyst til å prøve sjølv. På andre forsøket kom ho inn på Skrivekunstakademiet, og hausten 2018, i påbyggsåret, arbeidde ho med det som skulle bli debutsamlinga – sjølv om berre eit fåtal av dikta ho skreiv det året, er med i boka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement