JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Ønskjer meir debatt om psykiatrien

Når ein miljøterapeut skriv roman om ein miljøterapeut på ein psykiatrisk institusjon der ho sjølv har arbeidd i mange år, blir det så brennbart at boka må utstyrast med ei erklæring om at alt er fiksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Therese Bakkevoll har studert litterär gestaltning i Göteborg og gått på forfattarstudiet i Tromsø. No kjem den første boka hennar ut på Samlaget.

Foto: Marius Fiskum

8079
20230414
8079
20230414

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Tromsøværingen Therese Bakkevoll måtte bli 47 år før ho debuterte skjønnlitterært. Og då med romanen Tallboy, som er namnet på den bomba dei allierte utvikla for å få has på det tyske slagskipet «Tirpitz» under andre verdskrigen. Men det var ikkje berre kring Hitlers frykta flaggskip det kunne bli eksplosivt, også på dagens Åsgård psykiatriske sjukehus kjem eksplosjonar. I alle høve i den fiktive utgåva av institusjonen.

Røynsler i botn

Med 16–17 år i psykiatrien veit Bakkevoll mykje om livet vi utanfor sjeldan får innblikk i. Eit masterstudium i litterär gestaltning frå det anerkjente HDK-Valand i Göteborg og to år forfattarstudium i Tromsø har lært henne å skape dikting av røynslene sine.

– Eg har sjølvsagt ikkje skrive om pasientar og tilsette på Åsgård, sjølv om eg kallar institusjonen med sitt rette namn. Men materialet er følsamt i og med at eg er tilsett på denne institusjonen, og det er viktig for meg at korkje pasientar eller tilsette får kjensla av at det er dei eg skriv om. Eg kan ikkje styre om nokon likevel meiner å kjenne seg att, men då er det greitt å presisere at karakterane i boka er fiktive.

– Om alt er dikta, ligg vel fagkunnskapen og røynslene dine i botnen?

– Eg har teke utgangspunkt i eit miljø eg kjenner godt, der eg har lang røynsle med ulike pasientar og møte mellom folk. Mange av pasienthistoriene i boka liknar på slike eg har sett eller høyrt eller opplevd. Eg har vore med på at folk har skadd seg, teke ECT-behandling (elektrosjokk) og utagert på ymse vis, seier ho.

– I boka er ting eg kjenner frå arbeidet mitt, dratt ut i det ekstreme. Miljøterapeuten T innleier ein intim relasjon med ein pasient, og det var ganske ubehageleg å skrive dei mest overskridande scenane, fordi dette er så ugreitt og noko eg ikkje kunne gjort i arbeidet mitt. Men eg trur det var heilt nødvendig å skrive det slik. Og vi veit jo at liknande ting tidvis skjer på psykiatriske klinikkar.

– Det er jo eit verkeleg «galehus» du skildrar?

– Ja. Fleire kollegaer av meg har lese boka og seier det er som å vere på jobb. Dei kjenner seg att. Men det finst også utruleg mykje fint på desse stadene – fine folk og relasjonar, fornuftige ting, fellesskap, ofte rørande samhald og omsorg mellom pasientane.

Grenseerfaringar

Tallboy koplar element som tilsynelatande ikkje har noko med kvarandre å gjere – psykiatri, romfart og senkinga av «Tirpitz», som skjedde i sundet rett utanfor Åsgård. Hovudpersonen, T, er intenst oppteken av det som skjedde då «Tirpitz» blei senka med svære tap av menneskeliv, og det mangeårige arbeidet med å hogge opp vraket, som den no døyande bestefar hennar var med på.

– Eg hadde lyst til å prøve å skape samband mellom desse verdene, for å sjå om det gav noko. Eg har ein fascinasjon for lukka verder. Framleis i dag har mange psykiatriske avdelingar noko hemmeleg ved seg, med eit stramt hierarki og avklara roller for dei tilsette, kva som er lov og ikkje. Livet på «Tirpitz» såg eg som ein parallell til dette. Viktige tema i boka er søking etter ein fellesskap, og kanskje einsemd.

Då ho for ti år sidan møtte og intervjua veteranar frå «Tirpitz», erkjente dei å ha vore med på noko skrekkeleg, men kameratskapen om bord var det finaste som hadde skjedd i livet deira, sa dei.

– Uavhengig av klasse eller annan bakgrunn hadde alle ein funksjon, alle var viktige. Både om bord der og på ei psykiatrisk avdeling finn ein lengt etter å høyre til, bli akseptert og anerkjent for det ein er.

T kjenner ei draging mot grenseerfaringar, misunner så å seie pasientar som berre kan sleppe ansvaret, eller dei som under krigen var med på noko ekstremt viktig.

– I livet hennar står ikkje så mykje på spel. Samstundes er det også uttrykk for ein naivitet, ho herleggjer kanskje grenseerfaringane, det ligg ein katastrofelengt i det.

– Når hovudpersonen/forteljaren er ein tilsett, ikkje ein pasient, reiste vel det nokre etiske dilemma under skrivinga?

– For meg var det viktig å unngå at maktposisjonen låg fullt og heilt hos T. Det kunne gjort romanen til eit titteskap: No skal vi sjå på dei galne og alt det rare dei gjer. Derfor måtte eg presse henne langt ut i kantane, slik at maktbalansen blei forskyvd og noko stod på spel for henne.

Tvang

Bakkevoll er oppteken av nyansane. Det er til dømes slett ikkje slik at alle som jobbar på ein sånn plass, har alt på stell i livet sitt, eller at pasientane berre er sjuke. Kanskje ser systemet og behandlarane i for stor grad berre sjukdommen, ikkje heile mennesket, tenkjer ho.

– Arbeidet byr på mange dilemma og motsetningar som ikkje lèt seg forsone. Sjølv om eg kan ha ein god relasjon til ein pasient, kan eg vere samd i at no er ho eller han så sjuk at behandling er nødvendig, endå om pasienten motset seg det. Ved utøving av tvang er eg med på å krenkje den personen. Men samstundes som eg trakkar over, må eg halde oppe pasientens verd og respekt.

– Du er kritisk til bruken av tvang?

– Tvang er per definisjon alltid eit overgrep, men kan likevel i ein del tilfelle vere det beste alternativet, og lèt seg ikkje alltid unngå. Men psykiatrien vil alltid vere i endring, kanskje er tvangsbruken skakande å sjå tilbake på om femti år, slik vi no ser på lobotomi.

Eit bakteppe for romanen er det aukande presset i psykiatrien, fortel Bakkevoll. Mangel på fagfolk, plassane er blitt færre, ofte veit ein ikkje kvar ein skal gjere av pasientane. Så kjem kritikk for at dei blir skrivne ut for tidleg – eller at somme blir liggjande for lenge. Når nye står og skrapar på døra, må ofte sjuke skrivast ut før tida.

Tidleg i romanen kjem ein ny pasient inn, ein mann som straks gjer sterkt inntrykk på T. Anton trur at han er Noregs første astronaut, og skjønar ikkje kva han har på eit sjukehus å gjere. T blir primærkontakt for Anton og gjer ifølgje forfattaren ein kjempegod jobb den første tida.

– I utgangspunktet er relasjonen positiv for dei begge. Han kjem inn redd og sjuk og får snart direkte kontakt med T. Ho har ansvaret i den relasjonen, men etter kvart maktar ho ikkje å ta det ansvaret.

Gradvis misser ho oversikta og byrjar gi relasjonen deira ein verdi han ikkje skal ha, og ho klarer ikkje å sortere i det.

– Skal ein jobbe på ein slik plass, er det viktig å vere ryddig i seg sjølv. Ein må kunne gå nær ein pasient og ha ein relasjon som er ekte, men det er ikkje lett alltid. T er den som har ansvaret i relasjonen, men etter kvart maktar ho ikkje å ta det ansvaret. Det bikkar over.

Heilskapen

– Kva er det som gjer at T er så besett av historia om «Tirpitz»?

– Eg trur ho manglar fotfeste i livet og er kanskje ikkje så god til å handtere det. I staden går ho inn i noko anna, der ingen kan korrigere henne. Slik blir «Tirpitz» noko å halde fast i. Ho saknar at noko står på spel i livet hennar. Ho er einsam og lengtar etter ein fellesskap.

– Det verkar som om T også kunne fått ein diagnose?

– Kanskje er ho grensepsykotisk. Ho har ikkje heilt kontroll på kva som er røyndom og fantasi. Grensa mellom henne og Anton blir flytande. Men det blei viktig for meg at ho ikkje skulle tippe over og bli pasient, seier Bekkevoll.

– T bryt det som finst av etiske og faglege reglar, og det kan eg sjølvsagt ikkje forsvare. Men for å kunne diskutere kvar grensa går, trur eg det er nødvendig å skrive ut noko som går så langt. Det eg ønskjer med romanen, er å opne opp nokre fleire arenaar – offentlege eller halvoffentlege – der ein kan samtale ope om alt som skjer på ein psykiatrisk arbeidsplass. Slike finst det ikkje så mange av i dag.

Ho meiner vi er blitt for opptekne av medisin og diagnosar og har for lite perspektiv på heilskapen.

– Det eksistensielle og humanistiske perspektivet må vere med, for i psykiatrien kan ikkje medisinar lækje fullt ut. Alle opplever å vere menneske og kjenne liding og smerte. Dette kan ikkje medisin aleine lindre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis