JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Noregs veg – eit kompromiss?

Dei som ville forhandle med den tyske okkupasjons­makta sommaren 1940, fortener dei det ettermælet dei har fått? På nokre vis førte dei berre vidare linja frå 1814 og 1905, meiner Øystein Sørensen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oslo 26. september 1940: Administrasjonsrådet er oppløyst av rikskommissær Terboven og erstatta av eit råd av «kommissariske statsrådar», dei fleste NS-medlemer som på biletet held sitt fyrste møte: Rolf J. Fuglesang,  Aksel H. Stang, Ragnar S. Skancke, Sverre  P. Riisnæs, Thorstein J.O. Fretheim., Tormod Hustad, Kjell Stub Irgens, Albert V. Hagelin, Birger Ø. Meidell og Jonas Lie.

Foto: NTB

8145
20230505
8145
20230505

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Med boka Svik 1940? Ettergivenheten i 1940 i lys av norsk politisk kultur har historieprofessor Øystein Sørensen dukka ned i det som skjedde dei dramatiske sommarmånadene etter at tyskarane hadde hærsett landet. Utan å skjele til den fasiten vi kjenner i dag, har han vilja sjå på vurderingane til dei som ville forhandle om ei politisk ordning med dei tyske okkupantane. Kva visste dei, kva tenkte dei?

Stortingspresident Carl J. Hambro hadde reist i eksil, det var visepresident Magnus Nilssen og resten av presidentskapet som måtte ta stilling til kva som skulle gjerast og ikkje gjerast. Og kva som kunne gjerast.

Valet

Valet stod mellom å få etablert eit riksråd og å måtte leve med eit tysk kommissariat. Slik forklarar Sørensen skilnaden:

– Riksrådet skulle vere ein norsk institusjon med norske medlemmer, forankra i Stortinget. Rådet skulle hindre at den tyske okkupasjonen utvikla seg til nazifisering av det norske samfunnet, og at Quisling og Nasjonal Samling (NS) fekk makt i Noreg. Kommissariatet innebar eit direkte tysk styre, eller det det faktisk blei: eit styre med norske nazistiske kollaboratørar, med NS og Quisling. Det ville bety slutten for det norske demokratiet, men det kunne også bety slutten for Noreg som eigen nasjon, slik presidentskapet såg det.

Det var her kompromissviljen kom inn.

– Dei som forhandla, var villige til å ofre både konge og regjering for å unngå noko dei oppfatta som endå mykje verre.

– Hadde Noreg i 1940 eit gunstigare utgangspunkt for forhandlingar enn dei andre okkuperte landa sidan vi var «germanske rasefellar»?

– Forhandlarane ville spele på at Nazi-Tyskland oppfatta Noreg og nordmenn som noko heilt anna enn til dømes Polen. Dei hadde vel ei von om at vi kunne få lov til å ha eit styre som likna på det Danmark hadde fått. I ettertid verkar dette heilt illusorisk, men dei første månadene etter det tyske åtaket såg ein somme teikn på tysk velvilje. Det toppa seg med at Hitler 9. mai, medan kampane i nord framleis pågjekk, sette fri dei norske krigsfangane. Noko slikt var jo uhøyrt. Og den første større talen Terboven heldt, 1. juni, var heller ikkje særleg provoserande.

Ofre regjeringa

– Ingolf Christensen, som leia det sivile Administrasjonsrådet og var sentral i forhandlingane, såg føre seg at ein ved forhandlingar kunne bevare konstitusjonen, kongedømmet og det nasjonale sjølvstendet. Fanst det realisme i eit slikt ønske?

– Ut frå det vi veit om Nazi-Tyskland, er det korte svaret nei. Men Christensens røynsler frå Administrasjonsrådet og samarbeidet han hadde med sentrale tyskarar, gav han nok trua på at det fanst ein del fornuftige tyskarar det var råd å forhandle og samarbeide med.

For tyskarane, forklarar Sørensen, var poenget å få legalisert det dei hadde planlagt i landet. Det var eit juridisk og konstitusjonelt problem om Stortinget hadde rett til å tre saman i eit okkupert Noreg. Og om det hadde ein slik rett: kva skulle nasjonalforsamlinga i så fall kunne vedta og ikkje vedta på okkupantens bajonettar?

– Under forhandlingane var presidentskapet villig til å avsetje regjeringa, men dei freista halde på kongen og hans hus. Tidlegare statsministar Ivar Lykke trygla den tyske sjefforhandlaren om å finne ei formulering som tyskarane kunne godta, og som samstundes gjorde at kongen og kongehuset ikkje blei ofra. Kva fortel dette?

– Det er nok eit uttrykk for desperasjon og syner tydeleg kven som var den sterke parten i forhandlingane.

– Var det meir omsynet til folkemeininga enn til Grunnlova som gjorde at dei ikkje ville ofre kongen?

– Begge delar, vil eg tru. Dei hadde nok ei kjensle av at eit kongeoffer ikkje ville bli godt motteke i befolkninga. For nokre av dei må det ha vore vel så mykje folkemeining som oppslutning om kongedømmet som avgjorde.

– Deler du Ingolf Christensens syn om at eit nazifisert riksråd, valt av Stortingets presidentskap og godkjent av Stortinget, ville blitt mykje farlegare for utviklinga enn eit kommissærstyre, oppnemnt i strid med den norske nasjonens ønske?

– Noko slikt ville ha skandalisert det politiske, demokratiske Noreg. Å berre forby heile demokratiet og setje inn eit diktatur var det Terboven gjorde 25. september 1940. Om ikkje anna skapte det reinare linjer. Det vi fekk, var ei nazifisering utan nokon demokratisk legitimitet. Alle parti utanom NS blei forbodne, Stortinget fungerte ikkje som institusjon, og etter kvart fekk vi ein nazistisk Høgsterett. Dette gjorde at demokratiske krefter ikkje hadde høve til å påverke okkupasjonsstyret gjennom legale politiske kanalar, som var det dei ville prøve å oppnå.

Jødane

– I praksis, i dagleglivet, var kanskje ikkje skilnaden så stor?

– Eit poeng det er interessant å tenkje gjennom, er korleis jødane i Noreg blei behandla. Hadde ein fått etablert eit ikkje-nazistisk, demokratisk prega og pragmatisk kollaborasjonsstyre som ville forsvare tradisjonelle demokratiske, norske verdiar så langt dei makta, ville ikkje den norske staten stilt seg så aggressivt og entusiastisk til disposisjon for Nazi-Tysklands behandling av jødane.

– Dei juridiske og konstitusjonelle problemstillingane som var mest akutte i 1940 og skapte slik strid, er dei i dagens lovverk og konstitusjonelle system blitt gjort meir eintydige?

– Hovudproblemet var bruken av konstitusjonell naudrett, og då ligg det i sakas natur at det er ikkje så lett for eksisterande lovverk å presisere kva ein kan gjere og ikkje gjere i ulike situasjonar. Fullgode juridiske løysingar på bruk av slik rett klarar ein vel aldri å finne før ein står i situasjonen.

I boka dreg forfattaren lange linjer attende til 1814 og 1905. Kva dei hendingane har å gjere med det som skjedde sommaren 1940, ligg kanskje ikkje oppe i dagen. Men Sørensen finn ein fellesnemnar i viljen til å gå i dialog, til å freiste å finne eit kompromiss.

– Frå hausten 1814 har den politiske kulturen i Noreg vore orientert mot kompromiss, forhandlingar og fredelege løysingar. I krisesituasjonar og ved store konfliktar har ein unngått å setje ting på spissen ved absolutte standpunkt. Men i samtid og ettertid var det dei som meinte at Noreg fekk fridommen for lett i 1814. Det var også eit høgrøysta mindretal som heller ville ha krig med Sverige i staden for forhandlingar og kompromiss i 1905, seier Sørensen.

– I det store og heile hadde kompromissa vore vellukka for Noreg, både hausten 1814 og hausten 1905. Det er dette eg vil meine er eit viktig drag ved den norske politiske kulturen. Det var ein lærdom som diverre synte seg å ikkje halde i møte med Nazi-Tyskland. Men det er forståeleg at dei norske aktørane satsa på dette som før hadde gitt så godt resultat.

Inga frikjenning

Undersøkingskommisjonen av 1945 og Stortingets protokollkomité, som handsama kommisjonens rapport, kom med sterk kritikk av presidentskapet. Dei «besto ikke prøven», dei handla «politisk sett uforsvarlig». Men Øystein Sørensen får det som desse folkevalde sa og gjorde, til å verke anstendig og strategisk fornuftig, slik situasjonen var.

– Dei var anstendige menneske som ut frå sine verdiar og si røynsle prøvde å gjere det beste ut av ein situasjon dei knapt hadde føresetnader for å handtere. Motiva deira var gode, men dei hadde ikkje teke inn over seg kva Nazi-Tyskland var for noko.

– Kor langt vil du seie at boka di går i retning av å «frikjenne» presidentskapet?

– Eg er ikkje ute etter å felle ein moralsk eller historisk dom, eg freistar berre forklare kvifor desse menneska handla som dei gjorde. Eg vil prøve å få fram kva dei hadde å bale med, men det betyr ikkje at eg ønskjer å frikjenne dei.

– Risikerer du no å bli skulda for å gå dei påståtte svikarane sitt ærend?

– Somme vil kanskje oppfatte boka slik. Sjølv meiner eg at eg prøver å forstå og forklare utan å moralisere. Så vil eg ha fram at vi sit med ein historisk fasit, som gjer det lett å dømme historiske aktørar. Aktørane i 1940 hadde ikkje den fasiten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis