JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Nord-Noreg slik du aldri har sett det før

I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.

6397
20240614
6397
20240614

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

I fleire tiår samla Terje Øiesvold (1949–2024) bokillustrasjonar og trykk frå Nordkalotten over ein periode på 300 år. Og samlinga hans blei tilnærma komplett. I boka Fra Nord. Nordkalottens billedhistorie – landskap og mennesker 1550–1850 syner han fram dei viktigaste av desse.

Dette er ikkje berre ei bilethistorie, men også kulturhistorie, naturhistorie, topografihistorie og vitskapshistorie, skildra slik at også folk utan fagkunnskap kan lese det med utbyte. Men vekta ligg på illustrasjonane og karta – fleire i dobbeltsidige oppslag – som det finst over 600 av, ein god del handkolorerte.

Forleggjaren Elisabeth Johansen i Orkana forlag fortel at Øiesvold hadde jobba med boka i fire–fem år, og at arbeidet blei svært hektisk mot slutten, då det var klart at forfattaren ikkje hadde lang tid igjen.

– Vi er svært glade for at han orka den påkjenninga, og at han til slutt ville la seg «bokbade» av ein historikar då boka var ute.

I fleire tiår samla Terje Øiesvold (1949–2024) bokillustrasjonar og trykk frå Nordkalotten over ein periode på 300 år.

Ekspedisjonar

Til grunn for Fra Nord ligg det som utanlandske forskarar og eventyrarar har skildra i bøker og artiklar etter ekspedisjonar til det nordlege Noreg og Nordkalotten. Fleire av dei var habile teiknarar, eller dei hadde profesjonelle teiknarar med seg. Resultatet blei rikt illustrerte publikasjonar med imponerande plansjeverk. Somme av desse fann vegen hit til landet via omsetjing, andre har vore meir eller mindre ukjende her.

Bak denne eineståande samlinga av bøker, bilete og kart, som no er blitt både praktbok i stort format og utstilling, står ein psykiater og samlar. Terje Øiesvold var i mange år overlege og avdelingssjef ved Nordland psykiatriske sjukehus / Nordlandssjukehuset. Han var også lidenskapeleg fugleinteressert og kjend som leiar i Folkeaksjonen «Spar Saltfjellet» frå 1979 og fram til nasjonalparken blei oppretta i 1989.

Kunstantikvarbokhandlar Pål Sagen er truleg den som i dag har best kjennskap til Øiesvold-samlinga. Som eigar av Galleri Bygdøy allé, har han selt mange av bøkene i samlinga til Øiesvold.   

 Nasjonsbygginga

– Eg har kjent Terje Øiesvold i 25 år, tenkjer eg. Han var ikkje ein mann av store ord, men han visste kva han var ute etter. Han hadde kolossale kunnskapar og har heile tida hatt ein plan. Eg har knapt vore borti ein meir strategisk samlar enn han. Den store strategien om kva han ønskte å få til, blei likevel først heilt tydeleg då boka låg føre.

– Kva var målet hans?

– Han meinte at det boka skildrar, var eit underkommunisert felt. Han ville at fleire skulle oppdage Nordkalottens historie. Han sjalta ut Nordpolen og det polare, dette skulle dreie seg om Nordkalotten, noko som aldri har vore klargjort på den måten før.

Øiesvold kjem så inn på den norske nasjonsbygginga etter 1814, der han med rette peiker på at ein der meir eller mindre hoppa over Nord-Noreg og Finnmark.

– No trur eg helst det skjedde av praktiske grunnar, ikkje ut frå ei ønske om å ignorere landsdelen i nord. Det var heller eit spørsmål om kapasitet oppi alt som skulle skje etter 1814. Men derfor blir nasjonsbyggingas historie i stor grad utan Nord-Noreg.

Torghatten.

Torghatten.

Teikning: A. Mayer

– Eit enormt arbeid

Harald Bodøgaard, biletkunstnar og eigar av galleriet Bodøgaard i Bodø, er ansvarleg for utstillinga, som rommar både bøker, plansjar og illustrasjonar frå Øiesvold-samlinga. Han skildrar Øiesvold som svært kunstinteressert, full av vitebegjær og genuint oppteken av det han heldt på med.

– Då boka kom, såg eg kva for enormt arbeid han har lagt ned, og kva han har utretta på kveldstid og i ledige stunder. Boka er ein syntese av heile materialet han hadde i boksamlinga si, som fortel om korleis europearane oppdaga Noreg og Nordkalotten. Det var jo ikkje Oslo og det sørlege Noreg som interesserte dei, men det nordlegaste av landet vårt.

Også Bodøgaard peikar på historia om nasjonsbygginga utan Nord-Noreg som sentral i prosjektet til Øiesvold. At det stort sett berre var bondekulturen og Austlandet som fekk merksemd i den historia, trur han trigga samlaren sterkt.

– Både samlinga og boka hans er ein talande kommentar til dette, nærast ein korrigering av korleis norsk historie har vore framstilt. No veit vi til dømes at fjellet Sulitjelmakongen er nemnt i litteraturen lenge før Dovre.

Fiske i Vågar.

Fiske i Vågar.

Teikning: A. Mayer

Bodøgaard kan ikkje skjøne kvifor boka ikkje har vore omtalt i ei einaste avis sør for Nordland. Sjølv meiner han at verket burde gå rett inn i skolepensum.

Sjølv står han bak utstillinga Fra nord steg landet frem, som syner om lag halvparten av materialet frå Øiesvold-samlinga. Han fortel at han ikkje ante noko om samlinga for fem år sidan. Først då han kontakta Bodø 2024, organisasjonen bak Bodø som europeisk kulturhovudstad, og bad om samarbeid for å få syne ei utstilling av Peder Balkes måleri frå Nord-Noreg frå 1832, kom spørsmålet om det kunne kombinerast med ei utstilling av Øiesvolds samling.

– Eg oppsøkte han og såg kva for fantastisk materiale han hadde. Fort skjøna eg òg at desse to utstillingane kunne kombinerast på ein fin måte. No heng dei her, fram til 22. september, og besøket og interessa er stor.

«Gammal kyrkje i Hammerfest» er tittelen.

Uviss framtid

Deretter går Øiesvold-samlinga ei uviss framtid i møte. Bodøgaard fryktar at bøkene vil bli selde bit for bit og samlinga splitta. Så langt har ingen institusjon sagt seg villig til å overta samlinga, som er verd eit ukjent tal millionar kroner. Kor mange, vil korkje Sagen eller Bodøgaard svare på. Men ei lokal gruppe i Bodø arbeider for å sikre at samlinga ikkje blir delt.

– Vi har tunge institusjonar i Bodø, både eit universitet med eit fantastisk bibliotek og Nordlandsmuseet, som er i ferd med å opne ei ny avdeling her i byen. Men heller ikkje for desse er det berre berre å ta stilling til å få ei slik samling over bordet. I første omgang håper vi å få behalde samlinga her oppe, så får vi ta stilling til plasseringa etter kvart. Ho bør jo vere tilgjengeleg for allmugen.

Pål Sagen fortel at Øiesvold har brukt store ressursar, både i pengar og anna, på å få samlinga slik han ville. Men her er det ikkje berre tale om å skaffe midlar til å kjøpe samlinga, ho skal handterast òg, på fagleg beste måte med alt det krev av kunnskap, det rette klima for oppbevaring osv.

Foto: Morten Henden Aamot

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis