Litteratur
«Mannedamene» som skapte historie
Korleis er det å skulle leve seg inn i eit tydeleg avvikande kvinneliv frå slutten av 1800-talet? Det var utfordringa for Cecilie Enger då ho skreiv Det hvite kartet.
Cecilie Enger.
Foto: Christian L Elgvin
Med sin nye roman, den niande i rekkja, løftar den røynde forfattaren fram to kvinner som sette preg på si samtid, men som seinare nesten er blitt gløymde. Haugesundsdamene Bertha Torgersen (1864–1954) og Hanna Brummenæs (1860–1942) levde ikkje berre saman «i synd»; dei var òg Noregs, kanskje Europas, første kvinnelege skipsreiarar.
Ikkje særleg mykje er blitt skrive om dei to, og dei etterlét seg nesten ikkje noko skriftleg. Men forfattaren fortel at ho har halde seg til alle kjende ytre fakta og så prøvd å dikte fram kjensler, tankar og dialogar.
– I dag veks vi inn i eit språk som har ord for annleisheit, utanforskap og alle seksuelle avskyggingar. Eg jobba mykje med å lage dette litt diffuse, famlande språket for kven desse to er i si samtid. Det må ha vore svært vanskeleg å berre fornemme at ein er så annleis og å stå heilt utan førebilete. Korleis blir ein likevel den ein er, utan å vite kvar ein skal gå? Eg har fundert mykje på korleis dei kan ha snakka saman. Kva har dei tenkt, korleis har dei samtalt?
– Kva var det som fekk deg til å skrive roman om desse to?
– Eit svart-kvitt foto av dei, teke i mellomkrigstida. Dei står med ein meters avstand framfor huset sitt. Det var så opplagt at dei ikkje leika med kjønnsroller, slik mange gjorde i fotostudio på den tida, men at dei stod fram slik dei var. Jo meir eg las og forstod om kor annleis dei var i samtida, jo meir blei eg tiltrekt av dei. Og sidan det ikkje fanst så mykje skriftleg om desse to, gav det meg høve til å dikte.
– Dette er den tredje romanen der du tek utgangspunkt i historiske kvinner. Kva ligg bak?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.