JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

12753
20240621

Bakgrunn

Andrev Walden (fødd 1976) er journalist og illustratør.

Han voks opp i Norrköping, men bur i dag i Stockholm med kone og to born.

Han har tidlegare arbeidd som AD (art director) og skribent i Aftonbladet.

I 2017 vart han nominert til Stora journalistpriset i kategorien «Årets berättare».

Romandebuten frå 2023 gav han Augustprisen.

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Når ein roman opnar med setninga «En gang hadde jeg sju pappaer på sju år», er det lett å sjå føre seg ein offerroman. Tittelen Jævla menn forsterkar det inntrykket. Og når forfattaren føyer til at alt i boka er rein sanning, berre i kvardagslege detaljar har han dikta fritt, er det berre å gjere seg klar for det aller verste.

Men så syner den sjølvbiografiske romanen seg å vere noko heilt anna.

– I mange år har eg visst at eg skulle skrive denne boka. Eg har lenge tenkt at eg kanskje kunne vere forfattar, men ikkje vågd å prøve det, av redsel for å mislykkast. Dessutan venta eg lenge på å finne det rette toneleiet å skrive boka i. Eg ville ikkje skrive ein keisam roman, ville ikkje at dette skulle vere traumelitteratur eller ei bøn om medkjensle, men ei lystfull og morosam forteljing, ein lesarfest, seier svenske Andrev Walden (48).

– Å finne den tonen som kunne gjere historia luftig og lett, tok tid. Sidan tonen er ganske mørk, var det viktig å få til ein balanse som gjorde at lesaren kunne tillate seg å le av det som hender. Humor er viktig i alle forteljingar, og noko alle forfattarar ser opp til og nyttar. For meg er Erlend Loe eit stort idol, ein eg alltid har kjent slektskap med. Eg er ikkje viss på at han kjenner det same, men det får så vere. Han har eit ukomplisert språk som eg liker godt, eit nesten naivt språk som eg trivst i og har late meg inspirere av. Eg sende han ei signert bok, men har ikkje fått nokon respons – og det trengst heller ikkje. Det er nok å vite at boka mi finst i heimen hans, seier han.

– Første gongen eg las Loe, det var Naiv. Super, fekk eg ei kjensle av at også eg kunne bli forfattar ein dag, om eg fekk skrive slik som han. Han skreiv på eit vis eg ikkje hadde lese før. I boka hadde han nesten eit barns blikk, og eg skriv også med eit barns blikk i romanen min.

Ville skrive lystfullt

Forfattaren hevdar at alt i romanen er sanning, det stemmer ikkje heilt. Replikkar og dialogar frå barndommen, dei sju åra mellom 7 og 14 års alder, kan han sjølvsagt ikkje hugse presist. Alt som ser ut som om det er funne på, især dei sterke scenene, er derimot sanne.

– Eg kallar boka roman fordi dialogar og kvardagslege detaljar er oppdikta. Dessutan meiner eg at alle oppvekstskildringar er romanar, for ingen kan minnast alt i barndommen sin. Men sjølv ein fiktiv dialog kan vere sann om han gestaltar menneske slik som dei var. Eg legg ingen ord i munnen på dei som dei ikkje kunne ha sagt.

Walden kallar seg «ein slags journalist». Problemet er at han ikkje liker å prate med framande menneske, så dei siste åra har han sete heime og skrive for seg sjølv – men godt nok til at han har vore nominert til Stora journalistpriset. Han kjem frå Norrköping, men bur no i Stockholm med kone og to søner på 11 og 13 år.

For Jævla menn fekk han den høgthengande Augustprisen, som svarar til Brageprisen hos oss. Det skjer svært sjeldan med ein debutroman, og er noko han knapt hadde vågd å drøyme om. Prispengane gjer at han framleis har råd til å bu i Stockholm med familien sin. Det hjelper nok også at boka er seld til eit dusin land og kjøpt av ein kvart million lesarar, og at både TV- og filmrettar er selde.

– Ofte vender du deg direkte til lesaren i det du skriv. Kvifor?

– Eg veit ikkje. Eg ville skrive lystfullt, og for meg er det lystfullt å gjere forma litt uryddig, få inn fleire perspektiv. Så kunne eg heller rydde opp etterpå, i redigeringa. Då eg skreiv, tok eg inn fire–fem ulike perspektiv i romanen. Men forleggjaren min likte dette og ville behalde det, som uttrykk for ein forfattar som var litt usikker på si eiga form og slik gjorde stoffet meir levande.

Derfor blei boka nesten slik han hadde skrive henne frå byrjinga.

– Og det passa meg perfekt, for eg hatar å redigere. I forma er romanen ganske vill, men eg trur det kler forteljinga. Boka er litt som karakterane, dei veit ikkje heilt kvar dei har seg sjølve.

Mange mannfolk

Jævla menn er forteljinga om ei ung mor som verkar som ein magnet som dreg til seg mannfolk ho ikkje kan leve med. Dei flyttar inn i livet hennar og livet til Andrev og dei små syskena hans. Dei blir der ikkje lenge, men straks kjem ein ny inn. «Plantemagikeren», «Kunstneren» (som ikkje er mykje til kunstnar), «Tyven» (som verkeleg stel), «Presten» (som ikkje er prest), «Morderen» (som ikkje drep) og den eineståande keisame «Kajakkpadleren» er namna dei har fått i romanen. Ingen av dei er Andrevs biologiske far. Han blir kalla «Indianeren» (men er ingen indianar); og han får guten først treffe på siste side i boka. Fritt for vald er dette «familielivet» slett ikkje.

– Det må ha vore svært vanskeleg for eit barn å vekse opp under så ustabile forhold?

– Heilt klart. Men vil ein bli forfattar, er det jo også praktisk, då kan ein gjere nytte av slike røynsler. I dag ville eg ikkje ha bytt dei bort! Oppveksten min var også prega av humor og latter, mamma kunne skape latter også i dei mørkaste stundene. At eg og syskena mine kunne le oss skakke av mora vår, ser eg i dag som noko positivt. Framleis opplever vi sysken at den beste latteren kjem når vi minnest ting mamma har sagt eller gjort. I boka ville eg invitere lesaren til å tjuvlytte på desse samtalene.

Sviket

– Det ser ikkje ut som om du har teke skade av denne oppveksten?

– Nei, eg innbiller meg at eg er ein person som ikkje lir av det. Men eg får ofte spørsmål om korleis det er å gå vidare etter ein vanskeleg oppvekst og overvinne det. Det veit eg ingenting om, for eg har aldri gjort noko, aldri oppsøkt ein psykolog, aldri gått i terapi. Eg trur at menneske lagrar trauma i kroppen på ulike vis, og eg har hatt flaks med å få ein kropp der det ikkje sette seg fast. For meg er barndommen berre eit eventyr, ein film eg har sett éin gong, og som eg framleis kan le av. Verre er det ikkje.

– Vesle Andrev er heile tida oppteken av at mor hans skal ha det bra. Kjenner han eit ansvar for henne som ein så ung gut ikkje skulle ha?

– Det er meir at eg tidleg var svært var for stemninga i rommet, og då kunne eg seie kva som helst for å snu dårleg stemning til noko positivt. Ikkje berre for mamma, men for oss alle. Som barn kjende eg meg ofte heilt udugeleg fordi eg ikkje kunne hjelpe mamma, fordi eg berre var tilskodar til det som skjedde.

Ved eitt høve prøvde «Tyven» å drepe mor hans.

– Då gjekk eg berre til eit anna rom, til hamsteren min, medan veslesystera mi berga henne. Sviket mitt prega meg lenge, i det samla all kjensle av veikskap og dugløyse seg. Som barn opplevde eg meg sjølv som eit barn heilt utan eigenskapar, utan kvalitetar eller særlege evner. Eg kunne ingenting, noko eg fann djupt urettvist. Det har nok prega meg. Framleis kjenner eg at eg famlar etter mine eigenskapar, men kanskje skrivinga er mi evne. Det har eg teke til å akseptere.

– Og å vere ein god far?

– Eg veit ikkje. Men ein snill far, det er eg. Min ambisjon har vore å gi borna mine den rakt motsette oppveksten av min og at dei aldri skal bli redde for pappaen sin. Den uroa skal dei sleppe. Men dette igjen har ført til at dei ikkje har respekt for meg, dei høyrer ikkje lenger på meg. Ler berre.

Lange born

– Romanen din er også ei historie om å bli vaksen for tidleg?

– I nokon grad. Men eg synest ikkje eg er blitt vaksen enno! Eg var svært forvirra som barn. Då eg byrja på denne boka, skjøna eg ikkje at dette skulle bli ei historie om korleis eg sjølv blir til som mann. Eg hadde ganske svake førebilete og bar på ei redsle for å bli mann. Det verka jo som alle menn var galne. Mamma trøysta meg med at eg var så nær mi kvinnelege side. Då blei eg endå reddare.

– Det beste hadde kanskje vore at du aldri blei vaksen, at du berre blei verande som barn?

– Ja, men nesten ingen blir vaksne, dei fleste blir berre lange born. Det gjeld alle personane i boka. Men det ligg stor humor i vaksne menn som ter seg som born, er lettstøytte og lettkrenkte, som pappaen i Ronja Røverdatter.

Andrev Walden skildrar mor si – som har lese romanen og er stolt av han – som eit menneske med eit djupt ønske om å ta hand om alle. Ho tek ein del dårlege avgjerder, men har eit stort hjarte. Ho hadde ein oppvekst med ein valdeleg stefar, ville ut i verda for å finne ein frynsete mann som ho kunne rette opp – ei klassisk felle.

– Ho er eit svært kjærleiksfullt og morosamt menneske, som ikkje alltid veit sitt eige beste. Ei øm kvinne som meiner vel, men kanskje blir det ikkje alltid rett. Men slik er det vel med ganske mange av oss. Eg vonar at eg har skrive ei kjærleiksfull skildring av mor mi. Ho har ikkje noko vondt i seg. Det finst somme som har for mykje godt i seg, det kan òg bli eit problem.

– Andrev er ein svært kjenslevar gut?

– Han har ingen eigen vilje, er berre som eit lauv i vinden. Den store forteljartekniske utfordringa i romanen var å ikkje gi hovudpersonen agens, eller sjølvstendig handlingskraft. Når ein skildrar eit barn i hovudrolla, gir ein gjerne barnet slik makt, elles kan det bli keisamt. Men eg ville ikkje forfalske meg sjølv, eg ville halde fast på sanninga om meg – at eg heilt mangla agens som barn. Det var vanskeleg.

Han seier det er krevjande å skildre ein hovudperson som på sju år aldri stiller mor si eit einaste spørsmål om faren sin.

– Og det kan vere frustrerande for ein lesar at hovudpersonen ikkje leitar etter svar, men berre ventar på dei. Men eg ville vere sann, skildre barnet på eit sant vis. Dei fleste born manglar agens, dei er berre betraktarar. Born dømmer ikkje, dei veit ikkje kva som er rett og feil.

Trur på lagnaden

Eit særtrekk ved Jævla menn er at når Andrev skal skildre fargen på ein gjenstand, skjer det lenge ved at han knyter det til ein sopp. Bilen er fingersoppgul, dynejakka er lerkesoppgul, ein sjømannssekk er røyksoppfarga og så vidare. Dette skal illustrere kor lita og slutta Andrevs verd var, andre referanserammer har han ikkje.

Dei hadde ikkje TV, Andrev visste ikkje noko om det dei andre borna prata om. I takt med at historia utviklar seg og verda opnar seg, blir dette endra. Då kjem til dømes godteri og leskedrikk i staden for soppen.

Også metaforbruken er svært uvanleg i denne romanen.

– Det er vel berre fordi det er keisamt med vanlege metaforar, og ut frå eit ønske om å ikkje nytte metaforar som andre har brukt. For meg kjem dei naturleg. Dei representerer berre mitt blikk på verda. Det finst òg metaforar eg har skrive og så stroke fordi dei blei for kunstige.

– I den norske omsetjinga ligg det noko lagnadsstyrt i bruken av formuleringar med verbforma «skal», som ofte blir nytta i teksten. Er det slik du ser livet?

– Eg trur på lagnaden, ikkje på menneskets frie vilje. Eg trur at menneska berre er ein algoritme. Eg trur på at vêret har ein fri vilje ettersom vêret følgjer kaos. Eg trur at vêret er mykje friare enn menneska er. Såleis kan eg ikkje vere fullt ut nøgd med at eg har skrive Jævla menn, fordi det alltid var bestemt at eg skulle skrive denne boka.

Han trur ikkje at han nokosinne har fortent noko som helst, men han prøver å late som om vi har ein fri vilje. Og det har gått bra siste halvåret.

– I boka skriv eg at mennene kjem som vêret. Sjølv ikkje mamma har innverknad på om ho skal ha ny mann eller ikkje. Dei berre driv inn, som storm eller uvêr. Så får ein slå opp paraplyen og halde ut til dei dreg sin veg. Vêret er det einaste ekte frie vi har.

– Eg håper du tek feil!

– Det gjer eg òg!

– I boka spår mormora di at du kjem til å bli forfattar. Kor mykje har den utsegna betydd for deg, ein gut/mann utan eigenskapar?

– Det var nesten den einaste gongen eg som barn fekk høyre at eg var emna til noko. Det blei ein profeti eg har bore med meg, trass i at det var ein profeti eg lurte til meg ved å lese opp eit dikt eg ikkje hadde skrive sjølv. Men merkeleg nok fungerte det likevel, og eg trur framleis på det ho sa – sjølv om eg ikkje hadde fortent det.

Andrev Walden stadfestar at han så smått er i gang med ein ny roman, men vil ikkje røpe noko om innhaldet, for då trur han at lufta går ut av prosjektet. No ventar tre månader utan avtaler i kalenderen, då kan han få litt ro til å jobbe vidare.

Og mor hans?

– No lever ho saman med ein liten mann i form av ein dachshund. Det er den første mannen ho har funne som er grei.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis