Litteratur

Kvifor hatar vi romar?

For fleire år sidan blei Maria Schwaller Rosvoll spurd kvifor majoritetssamfunnet hatar romar så inderleg. Med boka om Zolo Karoli gir ho ansatsar til eit svar.

Maria S. Rosvoll har skrive om lagnaden til romen Zolo Karoli, som mista livet i ein fangeleir under andre verdskrigen.
Maria S. Rosvoll har skrive om lagnaden til romen Zolo Karoli, som mista livet i ein fangeleir under andre verdskrigen.
Publisert

Boka om norskfødde Zolo Karoli (1921­–1945) er ein biografi, men kjeldematerialet har vore svært spinkelt, så Zolo får knapt vere hovudperson i si eiga historie. Frå han er ti år og fram til han i april 1945 blir skoten i ein tysk konsentrasjonsleir, har han ikkje kunna setje fot på norsk jord. For Noreg blei «sigøynarfritt» ved lov i 1934 – og var stolt av det.

Maria Schwaller Rosvoll er rådgivar ved HL-senteret, Senter for Studier av Holocaust og Livssynsminoriteter, og har sidan 2006 jobba med romsaker. Det var den kjende artisten Raya (Raisa Bielenberg) som hadde stilt det utfordrande spørsmålet, som Rosvoll då ikkje kunne svare på. Men saman med Rayas dotter, Natasha, skreiv ho eit hefte om antisiganisme, som er eit omgrep for fordommar, hattale og propaganda mot romar. Sidan har ho saman med Jan Brustad, Lars Lien og Carl Emil Vogt laga utgreiinga og boka Et uønsket folk, om kva som skjedde med norske romar under krigen.

– Då hadde vi gått gjennom alle norske romar, og det fekk fram heilskapen. Men vi såg ikkje kor katastrofalt dette var for den einskilde. Det ville eg få fram med denne boka. Zolo var i ein familie med tolv born, ti av desse blei deporterte til Auschwitz, og berre to overlevde. Dei to små borna hans døydde òg, medan kona hans kom frå leiropphaldet med livet.

– Du har gitt boka undertittelen «En europeisk historie»?

– Zolo blir ein slags kasteball i det europeiske byråkratiet, jaga frå stat til stat. Historia er ikkje berre norsk, sjølv om Zolo er fødd i Noreg og er norsk statsborgar. Hans liv og lagnad blei stadfesta av eit europeisk byråkrati.

– Du skriv at dei europeiske nasjonalstatane nærast tevla om å ha lover og reglar som kunne «beskytte» dei mot folk som Zolo. Var det like ille overalt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement