Kulturkommentar
Skal monumenta opp eller ned?
Med politisk makt følgjer definisjonsmakt, og gjennom eit monument kan dette få synleg form. At dei ein gong var oppe, treng ikkje bety at dei bør bli ståande.
Arbeidarar fjernar monumentet av slaveeigar og general Robert E. Lee i Charlottesville i 2021.
Foto: Erin Edgerton / The Daily Progress / AP / NTB
Skiljet mellom kunstverk og monument kan vere uklart, men hovudfunksjonen til eit monument er å minnast ein person eller ei hending. Difor er det også ein mange tusen år gammal tradisjon å
angripe dei, både i privat, statleg og religiøs regi. På den måten råkar du ideal, identitet og tru. Her er få religionar og
statar uskuldige.
Utforminga i solide materiale som granitt, marmor og bronse signaliserer
styrke og varigheit. Ein slår fast at sånn er det, og sånn skal det vere. Men
tidene endrar seg, og alt kan fjernast. I Surnadal dukkar
det no opp stadig fleire overgrepsskuldingar mot Hans Hyldbakk, diktaren bak til dømes «Vårsøg». Kva då med bysta av han som står utanfor rådhuset?
Slaveeigarane
Ei lang rekkje monument har dei siste fem
åra blitt fjerna, anten av styresmakter eller aktivistar. Statuen av kjøpmann
og slavehandlar Edward Colston i Bristol, Storbritannia, blei dumpa i hamna av
demonstrantar i 2020. Statuen av Egerton Ryerson, ein av initiativtakarane til internatskulesystemet for urbefolkninga i Canada, lei same skjebnen etter at
leivningane av 215 barn blei funne nedgravne ved ein av skulane i British
Columbia. Rundt juletider i 2023 blei eit minnesmerke over falne sørstatssoldatar fjerna frå æresgravlunden i Arlington etter offentlege vedtak.
Mest kjend er
kanskje statuen i Charlottesville i USA av general Robert E. Lee høgt til hest. Statuen blei hogd opp i 2023 på grunn av
Lees bakgrunn
som slaveeigar. Allereie i
2017 meinte varaordføraren i byen at statuen vitna om mangel på respekt for store delar av innbyggjarane,
og argumenterte for riving. Mange applauderte, andre frykta ei omskriving av
historia.
Nynazistiske demonstrantar støtta bevaring med slagorda «De kjem ikkje til å erstatte oss» og «Russland er venen vår», og Ku Klux Klan heiv
seg med. Det heile kulminerte då ein White supremacy-tilhengjar køyrde inn i
mengda med motdemonstrantar, skadde 19 menneske og drap 32 år gamle Heather Heyer, som same dagen hadde posta på Facebook-sida si: «Er du ikkje er rasande, følgjer du ikkje med.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.