Litteratur

«Kva har eg gjort mot far?»

Far hennar, ein kjend filmregissør, var årsak til at den 16 år yngre kona hans døydde. Dette traumet har film- og biletkunstnar Lene Berg levd med i nesten 50 år, no er det blitt til bok.

Lene Berg er film- og biletkunstnar. No har ho skrive sin første roman.
Lene Berg er film- og biletkunstnar. No har ho skrive sin første roman.
Publisert Sist oppdatert

Boka Fra far er eit konglomerat av forfattarens eigen tekst, utdrag frå materiale etter far hennar, brev, notat, dagbøker, ein upublisert roman, politirapportar, psykiatriske journalar, avisklipp og anna. Kjernen i historia er kvifor Arnljot Berg gjorde seg skuldig i lekamsskading med døden til følgje på den unge kona si utanfor Paris i 1975, tida hans i fengsel og åra fram til han tok livet sitt i 1982. Samstundes som dottera trengjer ned i denne historia, nøstar ho opp livet med ein karismatisk far som var full av kontrastar.

– Du kallar boka roman. Kor mykje fiksjon er det tale om?

– Min definisjon av omgrepet er ikkje den heilt vanlege. Ikkje noko i boka er løgn, men eg forstår psykiatriske journalar og avisartiklar som fiksjon, språket dei nyttar er også tolkande. Målet mitt var at alle tidene og alle dei språklege romma i form av journalar, avisartiklar og politirapportar skulle få eksistere side om side med mi røyst og mine minne. Eg ville unngå kronologien, for eg er ikkje ute etter ein årsak–verknad-konklusjon. Lesarane skal få leve i desse motsetnadane, og i det som er vanskeleg å få tak i og skjøne i fars lagnad og vårt forhold. Ved å setje ulike stilar opp mot kvarandre blir det skapt friksjon mellom ulike måtar å sjå verda på. I den motsetnaden opplever eg at det ofte oppstår noko sant eller verkeleg.

– Du var festspelutstillar i Bergen i fjor, og då nytta du mykje av dette materialet. Kva er det som har fått deg til å lage både utstilling og bok om far din?

– Fars historie har vore med meg heile tida, og ho har heilt sikkert spelt ei rolle for mine val av tema. Den førre filmen min, False Belief, handla om korleis den farga sambuaren min blei uskyldig fengsla i New York. Då kom mange minne tilbake, fortel ho.

– Pandemien gav meg høve til å gå gjennom breva, manuskripta og bøkene far hadde late etter seg. Eg måtte bu meg på kjenslemessige reaksjonar og møte med «urspørsmål». Då var det godt med ro og rom kring meg. At det blei festspelutstilling og bok av dette, kom gradvis. Måten min å jobbe på er at eg først samlar mykje materiale, så arbeider eg vidare med det og gir det form. No skal eg lage langfilm òg. Arbeidstittelen er «Apokalypsens ryttere».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement