Litteratur
Kapitalismen og «Scandinavian Star»
Asta Olivia Nordenhof er ute med første bindet i ein romanserie på sju med mordbrannen på «Scandinavian Star» som omdreiingspunkt.
Asta Olivia Nordenhof er dansk kandidat til Nordisk råds litteraturpris.
Foto: Albert Madsen
Ho var berre to år gammal då tragedien i Skagerrak fann stad, natt til 7. april 1990, men ho har lenge arbeidd med tanken om å gjere noko skjønnlitterært med brotsverket som tok 159 menneskeliv. Ikkje at ho trur ho kan grave fram ny informasjon, men kanskje nye perspektiv. Eitt perspektiv især: det kapitalistiske.
Det er såleis ikkje tilfeldig at første bind, som er dansk kandidat til Nordisk råds litteraturpris, ber tittelen Penger på lomma.
– Pengar er den usynlege og gjennomgåande hovudkarakteren i heile romanføljetongen. Ambisjonen har vore å bidra med ei tolkingsramme. I 1990 var kapitalismen noko ein knapt snakka om, i Norden hadde kritikken forstumma.
Ho seier at det fanst ein konsensus om at vi levde i den beste av alle verder, ting kunne ikkje vere betre.
– Ulike personar har seinare freista få fram det økonomiske aspektet ved mordbrannen, men utan å knyte dette til kapitalismen som fenomen. Takk vere ikkje minst klimakrisa, kan vi i dag igjen tale kritisk om kapitalismen, og på eit meir fundamentalt vis drøfte og fortolke denne saka heilt på nytt. Eit mål for meg har vore å bidra til å kunne setje mordbrannen inn i ein slik samanheng.
I den første boka er pengar ein sterkt bestemmande faktor for livet til hovudpersonane, Maggie og Kurt, både kvar for seg og for at dei skal kunne dele kjærleiken sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.