JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Jakt på evig liv

Vil du leve evig? Her er oppskrifta: Lat deg fryse ned, ligg i dvale til teknologien er klar, så blir du vekt opp og kurert for sjukdommen som tok livet ditt, før du går gjennom ein antialdringsprosess.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Annelin Eriksen er professor i antropologi ved Universitetet i Bergen.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / DNVA

8417
20230519
8417
20230519

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Verda er rik på optimistar, dei mest optimistiske samlar seg i udødelegdomsrørsler og kallar seg transhumanistar. For somme er trua på evig liv altoppslukande. Dei gjer kva som helst for å oppnå dette, og i usvikeleg framtidsoptimisme betaler dei for å bli søkkte ned i tankar fylte med nitrogen på ubestemt tid, kanskje fleire hundre år. Om dette moderne fenomenet, kjent som kryonikk, har Annelin Eriksen, professor i antropologi ved Universitetet i Bergen, skrive boka Evighetsmennesket. Om teknologi, vitenskap og udødelighet.

– Eg trur det er litt viktig at folk veit om dette fenomenet. Det er så mykje kraft i desse rørslene nett no. Dette dreier seg ikkje om ein gjeng gamle sci-fi-orienterte menn med litt teknobakgrunn, men unge folk frå gründerverksemder, støtta av tunge investorar, seier ho.

– Her er det tale om å meistre døden, overvinne han, nærast som eit helseprosjekt. I dette perspektivet blir helse noko som ikkje har å gjere med biologien slik han er her og no, men eit spørsmål om kva mennesket kan vere.

– Kva betyr omgrepet «evig liv» for udødelegdomsrørslene?

– At du aldri døyr. Ikkje eit religiøst liv etter døden, men eit eige liv i eigen kropp her og no.

– Medisinsk må du jo døy for å kunne få «evig liv». Alt blodet blir tappa av årene dine, og du ligg kanskje fleire hundre år i ein tank?

– I deira terminologi er du ikkje død, men de-animert. Ved nedfrysinga går du inn i ein nedfrosen pausemodus som du kan re-animerast frå. Endeleg død er du først når du er «informasjonsteoretisk død», det vil seie at det ikkje lenger er råd å reprodusere informasjonen som ligg i hjernestrukturane dine.

– Det er altså hjernen som skal leve evig?

– Spissformulert er informasjon det som skal leve evig, det som har ein eksistens uavhengig av den biologiske klokka. Informasjon kan kodast, reproduserast og overførast og slik hevast opp i ein annan type tid, den tida som er evig. Delar av vitskapen ser på hjernen som ei datamaskin. Mange tenkjer seg at vi kan gjenskape denne datamaskina slik at menneskelege eigenskapar oppstår i maskina.

«Gjenopplivingsfond»

– Det skal skje ved såkalla mind upload, der ein ved hjelp av avansert kunstig intelligens skal kunne kopiere menneskeleg medvit og laste det opp i nye, kunstige kroppar. Men kor realistisk er dette?

– Eg trur du skal leite lenge etter å finne eit reint mind upload-prosjekt i den aksepterte forskinga innafor nevrovitskap og kognitiv vitskap. Forskarar freistar skjøne korleis medvit blir skapt, korleis den menneskelege hjernen eigentleg fungerer. Mange ser sinnet vårt, tenkinga vår som eit resultat av at vi har ei både enormt kompleks og hurtig prosesseringsmaskin i hovudet som skapar medvit, altså hjernen.

Ein kan reprodusere noko som liknar på menneskeleg tenking, men det vil aldri få medvit og aldri bli menneskeleg, er den gjengse oppfatninga.

– Men på utsida av det anerkjente akademia finst institusjonar som forskar på teknologi som skal leie fram mot mind upload. Ofte med sterk privat industrikapital i ryggen, til dømes frå Elon Musk.

Enno har ikkje kryonikken fått så mange de-animerte, fortel professor Eriksen. I Arizona og Michigan finst det i dag om lag 500 kroppar som er frosne ned, i tillegg er nokre hjernar lagde på nitrogen. Dei siste åra er det òg blitt opna nokre få slike «lager» i Europa. Men stadig fleire kjøper seg kryonikkforsikring slik at dei har finansielle midlar til å gjennomføre prosedyren og oppbevaringskostnadene. Kryopreservering av heile kroppen kostar nemleg mellom to og tre millionar kroner. Det er slike ting forsikringsavtalen dekker.

– Kva verdi har ein hjerne som kanskje har lege frosen ned i fleire hundre år, for samfunnet eller for den einskilde?

– Dette gir «kryonistane» grunn til uro. Dei kjem til ei heilt ukjend verd utan familie og venner, der den gamle kompetansen og kunnskapen deira er lite verd. Men det blir laga system og lært opp folk som skal hjelpe desse menneska inn att i samfunnet, fortel ho.

– Kryonistane kan også etablere eigne «gjenopplivingsfond» der ein sjølv er både givar og mottakar, slik at den jordiske rikdommen skal vere intakt når dei i ei fjern framtid tek fatt på neste etappe i livet sitt. Slik kan ein òg unngå skatt.

Mål eller middel?

– Har transhumanistane noka oppfatning av korleis verda ville sjå ut om alle fekk evig liv?

– Ja, somme snakkar om ei heilt anna verd, med eit absolutt brot med måten vi lever på i dag. Matmangel og overbefolkning meiner dei ny teknologi vil løyse, mellom anna ved kolonisering av verdsrommet. Ein meir moderat versjon snakkar ikkje om udødelegdom, men om at du sjølv kan velje kor lenge du vil leve.

– Er evig liv målet, eller berre eit middel? I tilfelle til kva?

– For første generasjon transhumanistar er det ultimate målet å ikkje døy. Døden skal bort, aldring og død skal vere unødvendig. For dei er dette ein freistnad på å herske over døden og sleppe den terroren døden representerer. For neste generasjon er evig liv eit middel til å få og oppleve meir av alt: nytte alle moglegheiter, lese alle bøkene du ikkje har hatt tid til, besøke alle verdsdelar, alle kulturar, ha alt, nyte alt.

– Er det tale om ei ny form for kloning, ikkje biologisk, men teknologisk?

– Genredigering og å meistre DNA-et til eit menneske slik at du kan klippe og lime og lage kopiar, er ein del av den vitskaplege utviklinga dei ser føre seg. Det kan til dømes vere tale om å leve i ulike kroppar i det postmenneskelege tilværet.

– Risikerer vi ikkje at mennesket blir borte i all teknologien?

– Jo, du blir ein annan type menneske. Men transhumanistane peiker på at alt liv utviklar seg, og kvifor skal vi tru at dagens menneske er siste steget i denne evolusjonen, spør dei. Kvifor skal ikkje mennesket kunne bli noko anna? Leve på andre vis? Første generasjon transhumanistar ser biologien som ein veikskap, dei vil berre behalde hjernen og heller leve vidare i nanoteknologiske kroppar. Andre generasjon snakkar meir om å leve vidare i eigen kropp. Bli tinte opp att, reversere aldring og halde fram i biologien. Det er denne meir moderate framstillinga av kryonikk som gjer at rørsla kanskje vil kunne vekse sterkare.

Borgarrettar

– Humanoiden Bina48 representerer noko av det ypparste kunstig intelligens har fått fram til no. Kva er det spesielle med henne?

– At ho ikkje berre skal vere ein humanoid, men ein kopi av eit heilt spesifikt menneske, bygd av minnefiler frå Bina Aspen Rothblatt, ei afroamerikansk kvinne. Bina48 er berre eit hovud, men ho snakkar som eit menneske, og ansiktet hennar er heilt likt Bina Rothblatts. Det har eg sjølv sett. Ho fortel i eg-form om oppveksten sin, ektefellen sin og barna sine.

Bina48 representerer eit ekstremt prosjekt, fortel Eriksen.

– Men det tek tak i noko som eg trur er meir allment enn vi kanskje ser. At kunstig intelligens snart blir like smart som den menneskelege, eller kanskje smartare. Ved å gjere ein kulturantropologisk studie av Bina48-prosjektet kan vi lære mykje om kva som er viktige drivarar i vår kultur.

– Bina48 har ei syster i Saudi-Arabia, Sophia. Ho har fått fulle borgarrettar der. Kva ligg bak?

– Dersom ein kunstig intelligens får nok prosesseringskraft til å få medvit, slik nokon meiner han vil, ønskjer vi at han skal vere vennlegsinna og ha respekt for menneskelege verdiar, ikkje slik som den uvennlege KI i filmen Matrix. Då må vi behandle han godt, ikkje som ei maskin, men som ein likeverdig intelligens. Han må få rettar og bli behandla med verdigheit.

– Korleis har transhumanistane det med trua på menneskets eigenverdi?

– Dei har sterk tru på menneskets verdi og er svært opptekne av å verne om mennesket. Det er derfor dei er redde for at den ultimate intelligensen ikkje skal vere vennleg og kanskje utslette oss. Det handlar om å utvikle ein kunstig intelligens som har sympati for mennesket.

– Kvar blir det av etikken i udødelegdommen?

– Etikken har ein viktig plass. Å skjøne kva som er det grunnleggjande ved mennesket og korleis mennesket forstår seg sjølv, får stadig større betydning framover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Somme snakkar om ei heilt anna verd, med eit absolutt brot med måten vi lever på i dag.

Annelin Eriksen, professor i antropologi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis