Litteratur
I ruinane av store utopiar
To samanbrot, det kommunistiske samanbrotet i aust for tretti år sidan og samanbrotet til den ekstreme nyliberalismen vi no lever midt oppe i, er kjernen i Kjartan Fløgstads nye roman, Habeas Corpus.
Kjartan Fløgstad spenner lerret vidare enn nokon gong, skriv Jan H. Landro om den nye romanen hans.
Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB
Kor gale det kan gå, og kva liberalt vanstyre kan føra med seg, ser han straumkrisa som eit stygt døme på. Politikarane har gitt frå seg alle middel til å retta på feila som er blitt gjorde ved å overføra styringsmakta til andre institusjonar enn dei folkevalde, gjennom Acer, EU-domstolen, rettsvesenet i vest og kanskje meir skremmande strukturar i andre land.
– Boka er historia om dei labyrintiske ruinane som står igjen etter to store utopiar som ikkje fungerer lenger, seier Fløgstad.
– Uttrykk for det ser me på slagmarkene kringom i verda – Bagdad, Tripoli, folkemengder som stormar folkevalde forsamlingar i Sri Lanka og i Washington. Eit svært dramatisk døme er dei forferdelege kampane om Azov-stålverket i ukrainske Mariupol, bygd i Sovjet-tida, overteke av marknadsøkonomien.
Vidt lerret
I denne boka spenner Fløgstad lerretet vidare enn nokon gong før. Så rik på personar, fiktive og historiske, er framstillinga at forfattaren har fått utstyrt romanen med eit eige register over dei historiske personane – om lag 225. I tillegg kjem 20 dikta hovudpersonar og folka som omgir dei.
– Du byrjar bli nokså ensyklopedisk i romanskrivinga di?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.