Litteratur
Godtek ikkje Michelets orsaking
Etter at ein Gyldendal-direktør igjen har sagt at det er uaktuelt å trekkje tilbake Marte Michelets bok om heimefronten og jødane, kan boka hamne i retten.
Alf T. Pettersen var politi- og motstandsmann. Saman med andre var han ansvarleg for flyktningoperasjonen Carl Fredriksens Transport.
For ei tid sidan sende etterkommarar av personar som er svært negativt omtala i Marte Michelets bok Hva visste hjemmefronten?, brev til Gyldendal med krav om påstandar i boka som måtte dementerast, og anna som måtte skrivast om. Forlaget fekk svarfrist til 22. februar i år, og fram til den tid ville ikkje dei ni gå ut offentleg med krava sine.
Men no meiner dei at Michelet og forlaget har brote føresetnaden for avtala ved å late seg intervjue. Dessutan gjentok Reidar Mide Solberg, forlagssjef sakprosa hos Gyldendal, det han har sagt heile tida: Den omstridde boka vil ikkje bli trekt tilbake, og han argumenterer for dette med omsynet til offentleg polemikk.
– Skammeleg
Bjørn Gjelsvik, son av motstandsmannen Tore Gjelsvik, uttalar seg på vegner av klagarane. Han finn det skammeleg at forlaget framleis annonserer for ei bok med så mange og graverande feil. Især fordi forlagskonsulenten alt før utgivinga hadde peika på feil.
– Boka inneheld så mykje ureieleg kjeldebruk og sjofle påstandar om namngjevne aktørar som det ikkje finst grunnlag for, at forlaget burde trekt henne tilbake. Slikt har vore gjort tidlegare, til dømes med boka Med rett til å drepe av Egil Ulateig, og der feila var færre enn i Michelets bok. Det er skammeleg at dei framleis sel boka og tener pengar på henne. Eit minstekrav må vere at dei gir ut ei revidert og korrigert utgåve, det er vi alle for.
Gjelsvik vedgår at klageskriva dei har sendt til Gyldendal, ikkje inneheld så mykje nytt, det er meir tale om utdjupingar og presiseringar av det som har komme fram i debatten og framfor alt i den såkalla motboka, som tre historikarar sist haust gav ut etter å ha gått Michelet-boka grundig etter i saumane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.