Litteratur
Frå den høgreekstreme leiren
I Tyskland er ytrehøgresida veksande, og frontane hardnar til. Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt høgreekstremistar og skrive bok om det som skjer.
Astrid Sverresdotter Dypvik er journalist og historikar. Ho er for tida redaktør i tidsskriftet Syn og Segn.
Foto: Ketil Blom Haugstulen
Med Det mørke Tyskland ønskjer ho å gi eit breitt bilete av kva som skjer, kvifor det skjer, og kven som får det til å skje. Slik følgjer boka malen frå dei to tidlegare bøkene hennar om Tyskland, Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017), med ei blanding av reportasje, intervju og små essayistiske innslag.
– Vil du seie at 2015 og flyktningkrisa blei eit lagnadsår for tysk politikk og samfunnsliv?
– Absolutt. Det må gjerne ei krise til for å skape ein situasjon med ei så radikal endring som Tyskland no opplever. Men sjølv om flyktningstraumen var ei utløysande årsak, låg også andre årsaker bak. Det handlar om dramatiske skilnader mellom aust og vest, især økonomiske – men også kulturelle, og om manglande tillit til det politiske systemet hos mange. Folk i aust nærer meir tradisjonelle tankar om nasjon og nasjonstilhøyrsle enn folk i vest.
I boka siterer Dypvik Hajo Funke, ein ekspert på høgreekstremisme, på at «eit politisk raseri som tidlegare har blitt halde i sjakk, no er sleppt laus». Basert på det ho har sett og høyrt på reisa si, meiner også ho å merke eit sterkt politisk raseri mot tysk mainstream, at mange kjenner seg forbigåtte; dei blir ikkje sette, ikkje høyrde.
– Eg trur dette raseriet har noko å gjere med synet på nasjonalitet og innvandring. Men det er ikkje slik at veljarane er samde i alt det partiet Alternative für Deutschland (AfD) står for. Den mest ytterleggåande delen av partiet er svært antiparlamentarisk, ønskjer eit autoritært styre og ser på Ungarns illiberale demokratimodell som eit førebilete.
– Noko av dette minner om den gamle lengten etter DDR?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.