Litteratur
Forfattaren som lausgjengar
Då omsetjar Ika Kaminka fann ein røff, upolert japansk klassikar i eit antikvariat i Tokyo, stod det straks klart for henne at romanen måtte ut på norsk.
Fumiko Hayashi (1903–1952) var i ein radikal kunstnarkrins i Tokyo.
Foto: Wikipedia Commons
Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv av Fumiko Hayashi (1903–1952), som no ligg føre i Skalds klassikarserie, er ikkje berre ein roman om eit svært omflakkande liv nedst på den sosiale rangstigen. Det er også ei historie om sterke klasseskilje og om underklassesolidaritet. Eg-personen fer frå jobb til jobb i by etter by, og boka byr på nokre rørande augneblinkar, der samhaldet og omsorga finn fine uttrykk.
– Hayashi gjer ikkje noko politisk ut av dette, ho er individualist. Tidleg på trettitalet blei det skrive mykje proletarlitteratur i Japan, men eg trur ikkje ho såg verda med eit politisk blikk, seier Kaminka, som erklærer seg som «blodfan» av denne forfattaren.
Fasinerande
Omsetjaren seier at Hayashi er ein så fasinerande skikkelse, som jobba seg opp frå det absolutt lågaste sosiale sjiktet, der ho levde frå hand til munn
– På rein og skjær viljestyrke og staheit fekk ho seg ein grunnleggjande skulegang. I fleire år som ung vaksen levde ho på eksistensminimum inntil ho slo gjennom som forfattar med nettopp denne romanen. Og sjølv om ho fekk suksess, tok ho aldri overklassens fakter eller moral til seg, ho var heilt seg sjølv heile vegen.
– Kanskje ikkje heilt? Ho gav jo seinare ut ei langt meir polert utgåve av den språkleg røffe debutboka si og ville at det var denne folk skulle lese.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.